Hopp til innhald
Nettverkstråder

– Liten relevans

Susanna Wallumrød meiner dei regionale kompetansenettverka har liten relevans og bør avviklast.

I anledning evalueringa av dei regionale kompetansenettverka for rytmisk musikk, gjennomført av det svenske analyseselskapet Andante – tools for thinking, inviterte Norsk kulturråd til seminar måndag 3. september i Kulturrådets lokaler.

På seminaret blei hovudfunna i rapporten lagt fram, fulgt av appell frå Erling Aksdal og ein avsluttande paneldebatt.

Les også:

Uklarleik

Rapporten, som blei lagt fram av Andantes Kim Forss og Hege Myrlund Larssen, har konkludert med at kompetansenettverka bør leggast ned til fordel for ei betre ordning.

— Nettverka er i utgangspunktet ein god idé, men der er mange problem i gjennomføringa av konseptet, forklarte Forss.

I rapporten er der mellom anna sett lys på uklarleik rundt kompetanseomgrepet, samt kva det inneberer å styrke kompetanse.

— Gjennom kompetansenettverka har kursverksemd vore svært ubredt. Men kan ikkje kompetanseutvikling skje på mange andre måtar, spurte Forss.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook

— Burde avviklast

Ledige stillinger

Artist Susanna Wallumrød var paneldeltakar under den avsluttande debatten på seminaret. Ho meinte at ein må fokusere på det overordna målet med kompetansehevinga for å lukkast.

— Målet er betre rammevilkår for artistar og arrangørar. Då må meir pengar gå direkte til desse, sa ho.

Wallumrød meinte at rapporten frå Andante langt på vei er god, men at slike undersøkingar ofte er snevre, og dermed risikerer å ikkje gi eit riktig bilete.

— I denne situasjonen, og med denne rapporten, trur eg dessverre at ei breiare undersøking med høgare svarprosent ville bekrefta det rapporten allereie slår fast. Nemleg at den burde avviklast i si noverande form, sa ho.

Les også:

Dominerande sjangerdefinisjonar

Debatten rundt sjangeromgrep og -definisjonar skulle få stor plass denne måndagen. Erling Aksdal frå jazzlinja ved NTNU har tidlegare angripe ‘‘rytmisk musikk’’-omgrepet, blant anna i Ballade. Han hadde ikkje endra meining etter Andantes evaluering.

— No når dette har blitt evaluert er det allereie ferdigspikra. Ingen har problematisert omgrepsbruken, meinte Aksdal.

Forss frå Andante var langt på veg einig med Aksdal.

— Sjangerdefinisjonar tek mykje plass i det norske kulturlandskapet. I Sverige og Danmark jobbar ein med kompetanseutvikling innanfor både klassisk, jazz og andre sjangrar.

Ballade på Twitter

Bransjen rundt musikarane

Til trass for formaningane frå Forss, Aksdal og Wallumrød var der lite konsensus i salen om å avvikle kompetansenettverka.

— Eg høyrer at kompetanseompgrepet definerast litt ulikt avhengig av ståstad, forklarte Arnfinn Bjerkestrand i Kulturrådet.

— Eg trur dei regionale kompetansenettverka kan vere ein arena for å snakke saman og utvikle ei felles forståing for kva kompetanse er, sa han.

Til trass for at mange byråkratar naturleg nok vil halde på sitt, var der enkelte som var opne for forandring. Mellom anna Tone Østerdal kultursjef i Buskerud fylkeskommune.

– Mange ynskjer forandring, men ingen vil endre seg sjølv. Det må vere greit å seie farvel til noko så lenge strukturen forbetrast, sa Østerdal.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kar Grete Jacobsen

Styrk de regionale fagmiljøene

INNLEGG: Kompetansenettverkene må få drive turnévirksomhet og talent- og publikumsutvikling, skriver Kari Grete Jacobsen i MØST.

Illustrasjonsbilde med musikanter

Kompetanseløse organisasjoner

De rytmiske kompetansenettverkene er «en tragedie». Ingenting av betydning har kommet ut av det, sier Erling Aksdal.

Tindra

EØS-midler – mest for oss selv?

Kulturrådet mener norske musikere har fått en unik mulighet med de nye EØS-midlene. Men hvordan fungerer det sosiale aspektet ved...

Flere saker

Trond Kallevåg med band – Tuva Halse, Gard Nilssen, Mats Eilertsen – Oslo, Norge 29.09.2024Trond Kallevåg, Minnesota

Trond Kallevåg, del to: Mellom Træna og Hawaii

– Om en filmskaper leser dette, er det bare å ta kontakt.

Jarle Savio på Brygg i Oslo Foto: Tellef Øgrim

Svartkledd digitalkompetanse

Som sist han sa opp jobben, er Jarle Savio på vei inn i snekkermodus. Kanskje blir det nytt hus på...

Inger Elise Mey

TONO-direktør gjenvalgt som styreleder i CISAC-komite

Avdelingsdirektør for Online Media i TONO, Inger Elise Mey får to nye år som leder for CISACs Media Technical Committee.