Hopp til innhald
Filmmusikksymposium

Oppfordrar til samling

Konkurransen mellom kunstnarar bør ikkje koma vegen for den felles kampen om opphavsrett og gode arbeidsvilkår, konkluderte paneldeltakarane under eit filmmmusikksyposium i Trondheim.

Førre helg sto i filmen og filmmusikkens teikn. I Trondheim arrangerte NOPA og Kosmorama filmmusikksymposium — deriblant ein paneldebatt med tittelen «Børs og katedral» — myter og sanning om økonomi, opphavsrett, kontraktar, m.m i film.

Debatten skulle krinsa aller mest om det faktum at filmmusikkomponistane meiner det vert ein stadig tøffare marknad å jobba i. Myten om filmmusikken som det området der komponistar i dag faktisk tener pengar ville dei tre komponistane i panelet, Bernard Grimaldi, Richard Bellis og Loek Dikker, gjerne avkrefta.

Få retningslinjer
Ulovleg fildeling er ei openbar årsak, og det at fildelinga krev nye løysingar var alle i panelet einige om, også den eine moglege opponenten i panelet, produsent Sveinung Golimo.

Men det finst òg spaningar mellom dei ulike aktørane i filmbransjen. Til dømes har filmmusikkomponistar i liten grad utarbeidd retningslinjer for korleis dei skal forhandla og setja krav om prosess og økonomi. I det internasjonale panelet peika fleire av komponistane på at dei ofte vert invitert inn i samarbeidet for seint inn i prosessen. Igjen var den norske produsenten samd.

— Eg er samd i at komponisten bør komma så tidleg som mogleg inn i prosessen. Det kan òg vera klokt i forhold til budsjettet. Ofte blir det satt før ein har snakka med komponisten, og då er det vanskeleg å introdusera endringar etterpå, sa Golimo.

Men han var usamd i ordstyraren sitt andre forslag, å fastsetja kor stor del av eit fast beløp til musikk.

— Kvar film har sine behov, så det er meiningslaust å laga nokon fast mal. Me må finna gode løysingar for kvar enkelt film, sa han.

Sin eigen fiende?

Som det gjekk fram av samtalen har norske filmprodusentar eit betre forhold til komponistane og rettighetsorganisasjonane enn i utlandet.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Følg Ballade på Twitter

Ledige stillinger

Karsten Dyhrberg Nielsen, direktør i den nordisk-baltisk rettighetsorganisasjonen NCB, fortalte om usemje i Danmark mellom NCB og den danske produsentforeininga.

Til dømes har NCB sett kontraktutkast der alle komponistrettar er ønskt kjøpt ut til under halvparten av kva NCB åleine ville vera berettiga for synkronisering.

— I dette konkrete tilfellet argumenterte produsenten mellom anna med at komponisten, dersom filmen vart godt motteke, vil få fleire jobbar i framtida, seier Nielsen.

Direktøren fortel at det kan vera problematisk for NCB å ta slike konfliktar med produsentane dersom det ikkje er ein brei oppbakking om dette frå filmkomponistane. Og ei slik støtte er ikkje garantert i det produsentane i første omgang er den som betaler komponisten.

Dermed blir det vanskeleg for den kollektive forvaltinga av filmmusikk.

— Dei sterkaste står ikkje nødvendigvis bak alle. I ein fri marknad, utan kollektiv forvalting, vil dei store halda fram med å tena pengar. Men det blir vanskelig for alle mindre aktørar utan eit fellesskap som forsvarar ei rimeleg honorering, sa Nielsen.

#gallery-5 {
margin: auto;
}
#gallery-5 .gallery-item {
float: left;
margin-top: 10px;
text-align: center;
width: 33%;
}
#gallery-5 img {
border: 2px solid #cfcfcf;
}
#gallery-5 .gallery-caption {
margin-left: 0;
}
/* see gallery_shortcode() in wp-includes/media.php */

Karsten Dyhrberg Nielsen, Foto: Lennart Søgård-Høyer

Mange vil med
Konkurransen er ei sjølvsagt utfordring for filmmusikkomponistane. I det globale samfunnet konkurrerer ein òg mot komponistar i land der åndsverk meir eller mindre er ubeskytta, som India, Kina og Brasil. Og i nasjonal samanheng opplever ein at alle som drøymer om å gjera karriere er med på å gjera produktet mindre verdt.

— Då eg starta å skriva filmmusikk i 1974, kjente eg alle som vart brukt som komponistar. I dag er det umogleg å ha oversikt. Universitet og høgskular over heile verda utdannar hundrevis av unge komponistar. I ein marknad der så mange ynskjer ein fot innanfor, er altfor mange villige til å jobba svært rimeleg. I IMDb er det kring 4000 komponistar som berre har ei oppføring, sa Richard Bellis.

— Dialogen med dei som tek avgjerder i film, både regissørane og produksjonsapparatet er viktig framover, for å få sagt at det å laga filmmusikk krev høg kompetanse, sa Loek Dieker.

— Det og utdanning, sa Bellis. – Filmskular i Sør-California gjev ikkje lite innføring i bruken av film i musikk. Dette er ein generalisering, men eg trur at det gjer det enklare å misbruka musikken når ein ikkje har nokon kunnskap om arbeidet og kompetansen som ligg bak.

Den amerikanske komponisten fekk spørsmål frå salen om kva ein norsk komponist bør gjera om vedkomande får i oppdrag å arbeida med ein amerikansk film.

— Ver nøye med kontrakten, oppfordra Bellis. – Du kan vera sympatisk, men du må også vera smart, og du må vita at produsenten gjerne vil selja produktet ditt vidare.

Ledige stillinger

Relaterte saker

HARPA til finsk komponist

Tuomas Kantelinen ble tildelt filmmusikkprisen HARPA i Trondheim søndag.

Ønsker mer filmmusikk

Kulturdepartementet gir nesten én million til pilotprosjekt.

Digital verdiskapning – for hvem?

INNLEGG: Digitutvalget vil legge til rette for digital verdiskapning. Spørsmålet er bare for hvem, spør Willy Martinsen i TONO.

Håkon Wium Lie

Bruker Piratpartiet fabrikerte data?

INNLEGG: Dersom rapporten innholder fabrikerte løgner vil ikke Piratpartiet referere til rapporten lenger. Men dersom tallene stemmer, er det innholdsindustrien...

Flere saker

Frode Barth. Foto: Per Heimly

Med musikk som middel

For Frode Barth er musikkens kunstneriske kraft et viktig verktøy for endring. – Man bør bruke musikken til å få...

Norwegian wood

Norwegian Wood med kun norske artister

Festivalen, som er tilbake i Frognerparken, feirer 25 årsjubileumet med å hylle norsk musikk.

Kultur og likestillingsminister Abid Raja under en pressekonferanse hos KUD i oktober

Stimuleringsordningen åpen for søknader

Nå åpner søknadsportalen for stimuleringsordningen. Regjeringen har satt av 400 millioner kroner til ordningen, som gjelder for kulturarrangementer i perioden...