Hopp til innhald
Rannveig Djønne Foto: Knut Utler

Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss Museum har gått saman om prosjektet Hardingfela.no

Rannveig Djønne er tilsett som prosjektkoordinator.

Hardingfela.no ei satsing som går ut på å styrkja og vidareføra tradisjonane knytt til hardingfela. Eit førearbeid gjennom fleire år har initiert samarbeidsavtala mellom Ole Bull Akademiet på Voss og Hardanger og Voss museum. Rannveig Djønne er tilsett som prosjektkoordinator.

Det skal utviklast ein ny nettstad for Hardingfela.no som gir fakta om hardingfeletradisjonar og aktualitetar.

– Hardingfela står sterkt i vår region og i fleire andre område i landet, men det er ein sårbar tradisjon som me har ansvar for å ta vare på. Ei av hovudsatsingane som prosjektet skal jobba med er difor rekruttering og ikkje minst å få dei som startar å spela til å fortsetje, seier Rektor på Ole Bull akademiet Jo Asgeir Lie i ei pressemelding

Koordinera og synleggjera

Nytilsette Rannveig Djønne fortel i meldinga at hennar oppgåve vert å koordinera og synleggjera tiltaka, hjelpa til der det er behov og etter kvart å initiera nye tiltak.

Djønne har dei fire siste åra vore tilsett i FolkOrg, organisasjonen for folkemusikk og folkedans i Noreg, og har hatt base i Oslo. Hovudfokuset i den jobben var Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Ho har utdanninga si frå Ole Bull akademiet og Universitetet for Miljø – og Biovitenskap på Ås, og har jobba som mellom anna kulturskulelærar og hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Attåt er ho ein aktiv folkemusikkutøvar.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ny rektor ved Ole Bull Akademiet

Jo Asgeir Lie har takket ja til stillingen.

Torgeir Straand

Norsk Hardingfelesenter vil ut i verden

Starter med ny nettside og 12 konserter på 12 måneder i Midt-Telemark.

Hardingfele vannfall (Foto: Oskar Andersen/NTR)

… og tid for nasjonalt hardingfeletun i Hardanger?

I takt med et fokus på en utdanning for hardingfelebyggere, jobbes det med nå med nasjonalt senter, eller et tun,...

Eli Storbekken, Riksscenen 2015 Foto: Thor Hauknes

Folkesanger frykter for allmennkunnskapen om folkemusikk

Eli Storbekken mener at dagens elver får for lite undervising om folkemusikk på skolen. Holder selv seminar for å motvirke...

Flere saker

NM skolekorps Janitsjar

Mensaprisen til Norges Musikkorps Forbund: Musikk fremmer intelligens

Å lære og spille instrumenter fremmer intelligens, påpeker Mensa Norge. Foreningen gir Norges Musikkorps Forbund årets pris for sitt arbeid...

Fra konsert med Honningbarna på by:Larm 2017 Foto: Nathalie Lystad

Musikken i samfunnet

Musikk kan gi bedre liv, men kan også være helseskadelig for dem som jobber med den. Under by:Larm skal vi...

Christina Sofia af Klinteberg Herresthal

Dansk prestisjepris til norsk sanger

Mezzosopran Christina Sofia af Klinteberg Herresthal fikk nylig Léonie Sonnings Talentpris. Sist gang en norsk sanger mottok den danske prisen...