
Thov Wetterhus engasjerer mange med eit lite, men mektig instrument.(Foto: Anders Lillebo)
Ein leik med instrument og lyd
Folkemusikaren Thov Wetterhus utfordrar måten munnharpa kan brukas på medan han peikar tilbake på folketradisjonen i Noreg.
Ballade publiserer de kommende dagene seks intervjuer gjort og skrevet av studenter ved Institutt for musikkvitenskap (IMV), Universitetet i Oslo. Tekstene er blitt til i et samarbeid mellom IMV, Ultima og Ballade, der musikkskribentene og kritikerne Ola Nordal og Bodil Maroni Jensen har vært mentorer og sparringspartnere for studentene. Kunstnerne som er intervjuet er aktuelle i forbindelse med Ultimafestivalen 2026. Dette intervjuet er laget av spirende musikkskribent Maximilian Myrtveit Cuevas.
Folkemusikaren Thov Wetterhus er frå Nore og Uvdal i Numedal og spelar munnharpe. Dei siste åra har han eksperiment med lydeffektar i spelet sitt som forvreng, romklang og oktavpedalar. Han utfordrar måten munnharpa kan brukas på medan han peikar tilbake på folketradisjonen i Noreg.
– Kan du fortelja om din start som munnharpespelar?
– Det starta for omtrent 20 år sidan. Det var litt tilfeldig at eg fann ei munnharpe og begynte å spela på den, og blei da heilfrelst av instrumentet. Da hadde eg ein periode på eit par år der eg spelte omtrent kvar ledige stund. Eg gjekk alltid rundt med munnharpa i lomma, og eg øvde heile tida.
Thov Wetterhus heldt ofte på med slåttespelinga, og har opp gjennom åra vunne Landskappleiken ni gonger. Landskappleiken er eit årleg arrangement der det vert lage til konkurransar i alle typar folkemusikkinstrument, folkedans og vokal. Noregsmeisterskapet i folkemusikk og folkedans flyttar arrangementstad kvart år. I 2025 blei den haldt i Eidfjord, med ni påmeldte munnharpespelarar. I år hadde Landskappleiken på Hovden i Setesdal eit spesielt stort engasjement, med 17 påmeldte deltakarar på munnharpe.

– Det var miljøet og det sosiale som drog meg inn i folkemusikken i starten, seier Thov Wetterhus. (Foto: Åshild Wetterhus)
– Landskappleiken er eit naturleg samlingspunkt for heile folkemusikken. Den er jo veldig sosial. Den blir som ein festival, eigentleg. Folk frå heile landet samlar seg på ein plass ein gang i året. Det er lika mykje det som er konkurransebeten. Det var miljøet og det sosiale som drog meg inn i det i starten. Musikken er jo ein del av det, men det er eit veldig triveleg miljø med folk i alle aldrar.
– Korleis var det å læra seg instrumentet?
– Det var jo nokon lydar som andre fekk til, som ikkje eg klarte. Eg skjønte ikkje heilt kva som var greia, men det er ein teknikk der du brukar ein liten muskel, nede i halsen. Du opnar og lukker muskelen sånn at du får eit skilje. Da kan du få meir detaljerte tonar. Du har jo berre ei grunntone, så det er overtonane du lagar melodi med. Du bruker rommet i munnhola. Da eg først skjønte at det var ein teknikk der, og eg fekk til den, da opna det seg opp ei heilt ny verd. For da kunne eg plutseleg spela meir melodispel og meir detaljert.
– Kva er det som driv deg til å fortsetja med munnharpespelinga?
– Nei, så no er eg jo fortsatt glad i musikk, og det å skape noko. Klart, over dei seinare åra har eg blitt meir og meir glad i samspel. Og nye prosjekt, sånn som med Ultimafestivalen. Eg synest det er veldig moro med alle moglege slags sjangrar, å dykke ned i nye hav.
Ledige stillinger
– Eg har jo forska litt med effektar og bruk av ein del sånne effektpedalar. Da beveger eg meg inn i ei ny verd, som eg synest er veldig spennande. Da får eg plutseleg mange fleire moglegheiter. Eg har eit instrument som jo er ganske avgrensa på ein måte, så det har vore litt eksperimentering i forskjellige retningar.
Søkelys på vidare utforsking av lyd
Under Ultimafestivalen skal Thov Wetterhus spela i lag med Lukas De Clerck, ein musikar frå Belgia som spelar på eit gamalt treblåseinstrument frå antikken 700 fvt. Ein artig kontrast til den europeiske munnharpa sitt opphav i Frankrike år 700 evt.
– Den der sesjonen har eg tenkt som ein slags improvbasert greie, og det synest eg er veldig artig. Vi øver på å leggja nokon premissar. Det oppstår jo veldig mykje der og da. Det som kjem, det kjem. Man veit aldri heilt korleis det blir, men det er ein veldig spennande måte å bringe musikk fram på, synest eg. Det er veldig mykje som skal klaffe, men det er veldig moro når det plutseleg oppstår noko litt – kall det magisk, der og da.
– Korleis vil du beskriva skiftet frå tradisjonsmusikk til meir samtidsmusikk?
– Altså, det er jo fortsatt litt nytt for meg. Men eg likar veldig godt å spela med ein del forskjellige artistar, og eg synest det er veldig moro å vera i den bobla der i øvingssamlinga. Der du er på veg til målet. Improvbeten er jo vanskeleg å øve på. Du må på ein måte testa det ut litt, kanskje det er eit riff eller eit eller anna, sånn at du har nokre temaer du er innom. Når vi skal spela saman, så skjer det plutseleg noko hos makkeren din, og så responderer du på det. Det er jo det som er veldig spennande og givande med samspel. Det skjer ting undervegs.

Thov på Tuvas Blodklubb. (Foto: Knut Utler)
Thov Wetterhus meiner at det norske folk burde hente meir frå folkemusikken. Han er optimistisk med omsyn til veksten norsk folkemusikk har opplevd gjennom for eksempel Tuvas blodklubb. Og han gler seg til musikk som tar i bruk norsk folkemusikk på same vis som han.
LES OGSÅ: Blodtur til København
– Ja, i Oslo har Riksscenen, og kanskje Tuva (Syvertsen, red.mrk.) spesielt, gjort veldig mykje bra. Vekkje interesse. Det er jo litt artig på den blodklubben, den er meir reintrad, så enkelt og tradisjonelt som mogleg. Det er det som fenger folk mest, trur eg. Eg er interessert i å få tilbod som lar meg presentera folkemusikken på gode måtar. Dersom ingen syner det fram, så er det jo ingen som veit om at det finst. Eg synest mange andre land ute i verda er flinkare til å vere stolt av identiteten sin.
Folkemusikken er sentral i livet til Thov Wetterhus sjølv om spelemannen leikar med det elektriske. Omfanget fortsett å veksa rundt folkemusikken, og Thov Wetterhus engasjerer mange med eit lite, men mektig instrument.
Tysdag 15. september opplever du Wetterhus på Ultima, i ein konsert produsert i samarbeid med Riksscena og nyMusikk.













