
LYDEN AV NO: Når jazzen ser slik ut, veit du at du har kome til rett jazz! Superføkk!(Foto: August Ramstad)
Hardbop, frijazz, Beatles-psykedelia og skitten rock: ung norsk jazz med trådar til sekstitalet. Torkjell Hovland lyttar til nye plater frå Lyder Røed Quintet, Moon Inhabitants, Superføkk og Science Fair.
Ballade jazz opnar denne hausten med fire unge band som nok ein gong viser at norsk jazz har eit mangfald av uttrykk. Litt morsomt er det også at dei fire platene har djupe samband med ulike uttrykk som tok av på sekstitalet. Psykedelia, cool jazz, hardbop … Det er vel noko av den same tida no då?
Lyder Røed Quintet – Telling it like it is (Jazzland Recordings 2026)

Telling it like it is er ei sjeldan plate i norsk jazzflora. Dette er jazz på amerikansk. Rett fram. Vi skal liksom knitre til jazzen så mykje her borte hos oss, men Lyder Røed Quintet går rett inn i den amerikanske tradisjonen, utan å orsake seg. Trompetist Lyder Øvreås Røed er kjent for mange gjennom spel i blåserekkene til ei rekke prosjekt, mellom andre Fieh. I 2019 kom debutplata til kvintetten hans, den gong med eit anna personell.
går rett inn i den amerikanske tradisjonen, utan å orsake seg
På tredjeplata er det musikarar med passande kallenamn: Philip Flekken Granly på piano, Andreas Diesel Svabø på bass og Elias Sleiken Tafjord på trommer, i tillegg til bror Aksel Øvreås Røed på saksofon.
Låtane denne gongen er godt gjennomarbeida, ein har ikkje berre gått for første og beste idé – det er faktisk mogleg å «kome unna» med litt av kvart i dette uttrykket. Men her er det finurleg utført låtskrivararbeid. «We Believe» opnar med eit nydeleg samspel mellom brørne Røed, før dei går vidare over kontrabass-ostinatet i det eg må få lov å kalle smektande spel. Ei nydeleg ballade.
Roy Hargrove som døde 49 år gamal i 2018 er ein musikalsk rollemodell for Røed, og Telling It Like It Is kan plasserast i platehylla ved sida av Earfood frå 2008. For mange av oss i denne generasjonen er det ei sentral plate. Låta«Strasbourg/St. Denis» vart nærast ein meme blant jazzfolk.
Det er glatt, men ikkje «glætt». Finslipt og stilig som dressane dei går med. Lyden er varm og lun, alle anslaga treff mjukt. Samtidig kan det koke. Høyr berre løpa Røed legg ut på i «Back To Work»! Virtuost, ja, men aldri rein oppvising.
Dette er ei plate som kan fylle haustkveldar i mange år framover.
Ledige stillinger
Moon Inhabitants – Canned Luna (Sauajazz 2026)

Dette er rett og slett ein av dei mest spennande og morsomme gruppene eg har høyrt siste året. Unge, utforskande i musikalsk leik med teknisk overskot. Her er alt med.
Ornette Coleman spela inn «Moon Inhabitants» i 1960, og no har denne gjengen frå Trondheim flytta inn i tittelen. Poesien er passande. Trommeslagar Jørgen Fiske og trompetist Mikkel Dahl Amundsen har med seg Åsne Ausen Fossmark på saksofon, Sondre Moshagen på piano og Johannes Wilhelm Burns Lykkås på bass. Sjølv om dei hentar mykje frå sekstitalsfrijazzen, så er mykje av musikken her ofte catchy og enkel – på den gode måten.
Dei spelar med ei tydeleg retning. Frå «Eudaimonia» skyt melodiane fart, sjølv når musikarane dreg dei kvar sin veg. Kvintetten dyrkar variasjonen i dei klanglege teksturane. For eksempel endar «Korall» i deilige, opne harmoniar. I «Ichthyology» kjem eit kontrabassbrekk som ryddar golvet og startar låta på nytt, og slik er musikken heile vegen i rørsle.
Å høyre saksofonist Åsne Ausen Fossmark sine soloar er eit av mange høgdepunkt her, og tidlegare i år var ho høgdepunkt på Dykdypp. Ho er ein musikar det berre er å abonnere på. På «Is There No Alternative?» går Moshagen ut i ein fantastisk vakker solo der han leikar med dissonansen, med det skeive og rare, utan å miste grepet på melodien. Det er nettopp denne balansen som gjer Canned Luna så sterk: mellom det eksperimentelle og catchy.
Superføkk – Superføkk! (Fysisk Format 2026)

Superføkk og Victor Skullerud, Eik Stavem, August Ramstad og Ole-Hellik Lobben-Seth – alle nye namn for meg, og då vart eg sjølvsagt ekstra nysgjerrig. Som det vittig står i presseteksta, når dei ramser opp ei rekkje andre kjente jazzgrupper: «…og deres største styrke er at ingen av dem spiller i Møster, ingen av dem spiller The Source og ingen av dem spiller i Supersilent!»
Superføkk vart til i miljøet rundt Bergen Kjøtt. Eit kraftsentrum i Bergens kunst og musikkliv der det virkar som kunstnarar beveger seg fritt mellom romma både fysisk og gjennom kva dei uttrykker.
Superføkk ladar rommet med energi frå start av deira debutplate, og særleg saksofonist August Ramstad inspirerer med spelet sitt frå start. Det lét liksom så upåverka fritt. Upåverka av andre saksofonistar. Det er det sjølvsagt ikkje, men det lét liksom slik.
Superføkk ladar rommet med energi frå start
Dei har den svoltne energien til unge musikarar som veit at dei kan lage akkurat den musikken dei vil. Dei giftar seg ikkje med ein sjanger eller uttrykk, men pøser på med alt dei har. Noko som peakar for meg i den overraskande ontz-ontz-trommemaskina kjem inn halvvegs i «River Igjennom». Som forøvrig både inneheld ein vakker, sjelfull melodi og eit aggressivt riff.
Låtane varer i tolv minutt kvar, men kjennest likevel som korte, massive utbrot. Eg er nyforelska!
Science Fair – Sugar in the Morning (Sonic Transmissions 2026)

Anna Ueland er aktuell på mange frontar. Madmax gav ut ei strålande debutplate i vår, men i Science Fair høyrer vi henne tydelegast som jazzkomponist.
Det opnar med assosiasjonar til den ikoniske mellotron-introen på «Strawberry Fields Forever», før vi går vi inn i eit trøkka jazzuttrykk, ordentleg sekstitals hardbop der Ueland brukar Mccoy Tyner sine power chords – kvintar i venstrehanda og ein stabel med kvartar i høgre hand. Så flyr det!
Trombonist Guro Kvåle sitt bidrag er særleg interessant å lytte til her. I frå det forsiktig snublete spelet i opninga til fantastisk vakkert balladespel i «A Day at the Seaside». På energiske «Kids Zane» blir dessutan mentor Tor Haugerud med på effektfull perkusjon. Det skramlar og knuser rundt bandet.
Og også her er saksofonist Åsne Fossmark med og gleder med energisk spel. Tankane går fort til den norske jazzbautaen Atomic, men i kombinasjon med Anna Uelands sjangeropne tilnærming får vi også her eit nytt uttrykk. «There`s always bigger fish» er det eit enkelt riff som blir repetert i ulike tempi. I eit lite trio-parti er det Kvåle, Fossmark og Ueland som blir igjen – eit magisk høgdepunkt.
Det er eit enormt band, og låtane er minneverdige. Eg gleder meg over spennvidda i energiar og uttrykk – balladene, som «As Guilty As Charged», er fantastisk vakre. Anna Ueland berre veks i musikken, ho virkar inspirert og utvidar stadig repertoaret også i improvisasjonane sine for kvart prosjekt ho kjem med.
Bonus-EP: Why Kai – Mud (Bigboy 2026)
Og forresten: ein av mine favorittar i lang tid no, Why Kai, har gitt ut ei fryd av ein EP på tre spor og 21 minutt. «Mud», «Muud», «Muuud». Preparert piano, akustiske trommer og skiftar sakte form gjennom elektronikken.
Så. Har du meir tid å fylle etter dei fire albuma over? Bruk tid på denne:














