Hopp til innhald
Vossa Jazz prisen 2020 gikk til Elisabeth Lid Trøen

(Foto: Vossa Jazz)

Vossa Jazz-prisen 2020 til Elisabeth Lid Trøen

Utdeling via videoopptak, og prisen sendt med toget.

Sjølv om årets festival er avlyst deler me likevel ut Vossa Jazz-prisen!, skreiv Vossa Jazz i ei pressemelding fredag kveld, etter at fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, delte ut den 33. Vossa Jazz-prisen via denne fine Facebook-videoen.

Prisen er gjeven av Hordaland fylkeskommune, og består av 50.000 kr og eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat, laga av festivalkunstnar Tom S. Kosmo. Prisen går til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren – og i år var det saksofonist og komponist Elisabeth Lid Trøen.

I grunngjevinga heiter det:

Juryen gler seg over å sjå at musikkmiljøet i Hordaland gjer seg gjeldande både nasjonalt og internasjonalt. 

Årets prisvinnar synte seg tidleg som eit jazztalent og fekk spela med mange store heltar alt tidleg i si karriere (før vedkomande var 20). Namn som Andy Sheppard, Terri Lyne Carrington og Joshua Redman er nokre av dei prisvinnaren har spelt med. Denne musikaren er utdanna ved jazzlinja i Trondheim og har vore bandleiar, komponist og ein viktig medspelar i ulike band og prosjekt. Grundigheit og kvalitet i førebuing og gjennomføring er nokre kjenneteikn.

Prisvinnaren er ei svært positiv drivkraft for utvikling og nyskaping, ho er nyfiken, speleglad og kjent for sin nydelege tone. Prisvinnaren beherskar ulike typar treblås og på Vossa Jazz har me høyrt henne i ei årrekkje i ulike produksjonar og ensemble, mellom anna med Bergen Big Band og Django Bates i 2018. I år skulle prisvinnaren spelt i to ulike konstellasjonar, men grunna korona-utbrotet må ein venta og gleda seg til neste år for å oppleva desse konsertane på Vossa Jazz.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Edvard Hoem

Edvard Hoem opnar Vossa Jazz 2020

Forfattaren opnar den 47. utgåva av Vossa Jazz.

Komponist og bassist Ingebrigt Håker Flaten med Tingingsverket til Vossa Jazz

Ingebrigt Håker Flaten med Tingingsverket på Vossa Jazz 2020

Ingebrigt Håker Flaten Octett framfører verket «EXIT KNARR» under jazzfestivalen i april.

Frida Ånnevik

Ung jazz i Voss

Den 38. Vossa Jazz hedret unge jazzmusikere.

Flere saker

Boka Plateparadiset – åpenbaringer fra platebransjens gullalder av Sæmund Fiskvik ble lansert 9. november i år

Debatten om Sæmund Fiskviks «Plateparadiset»

Les mer om hvordan Ballade forholder seg til debatten om den kontroversielle boka av en sentral person i norsk platebransje...

Kollasj med stills fra musikkvideoer under Kortfilmfestivalen i Grimstad, juni 2021.

Ballade video XCIX: Gullstolen venter!

Kortfilmfestivalen i Grimstad tar til onsdag 9. juni. Vi presenterer her ti av de utvalgte musikkvideoene, med Ane Brun, Lokoy...

Kulturminister Trine Skei Grande

Et spørsmål stilt til kulturministeren kan være avgjørende for norske konsertscener

Og et utested i Drammen kan ha satt i gang endringer med betydning for kulturtilbud i hele Norge.