Hopp til innhald

Ingebrigt Håker Flaten med Tingingsverket på Vossa Jazz 2020

Ingebrigt Håker Flaten Octett framfører verket «EXIT KNARR» under jazzfestivalen i april.

– Komponist og bassist Ingebrigt Håker Flaten har sidan avslutta utdanning ved Jazzlinja i Trondheim på midten av 90-talet vore ein svært aktiv og sentral aktør på jazz- og frijazzscena. Han har samarbeida med ei rekkje norske og utanlandske musikarar og har gjennom si opne tilnærming til musikken vist stor kunstnarisk breidde og vore ein stor inspirasjon for andre musikarar. Det er med stor forventning og glede eg ser fram mot urframføringa på Vossa Jazz neste år, seier Trude Storheim, dagleg leiar for Vossa Jazz.

Til Vossa Jazz kjem han med verket EXIT KNARR, og han har for høvet sett saman ein ny oktett som omfattar eit spanande og internasjonalt ensemble med røter frå Noreg, USA og Slovenia.

EXIT kan symbolisera retning, frigjering og motstand. KNARR var namnet på skipa vikingane bygde på 1000-talet, og symbolikken i denne konteksten kan spegla tradisjon og dei mange inspirasjons-kjeldene Håker Flaten har blitt påverka av etter mange år som omreisande og arbeidande musikar med base i verdsmetropolar som Oslo, Chicago, Mexico City og Austin. Oktetten vil jobba med ny musikk skriven av Håker Flaten, og med dette nye bandet ynskjer han å utvikle si eklektiske musikalske verd, ei verd der grensa mellom sjangrar, mellom tradisjonelt og eksperimentelt, mellom undergrunn og tilgjengelegheit lett kan få lov til å flyta over i kvarandre, skriv festivalen i ei pressemelding.

– Jeg føler meg lett vettskremt, men veldig ydmyk og beæret over denne utfordringa! Det er utrolig fett å få lov til å skrive musikk for en slik gjeng fantastiske musikere og folk jeg digger men ikke har spilt med før. Stor takk til Vossa Jazz for støtten og tilliten!, seier Ingebrigt Håker Flaten i meldinga.

Ingebrigt Håker Flaten Octett består av:
Ingebrigt Håker Flaten (Austin) – komponist, bass
Josh Johnson (Los Angeles) – altsax, tangentar
Jacob Wick (Mexico City/Chicago)  – trompet
Atle Nymo  (Oslo)  – bassklarinett, tenor
Oddrun Lilja (Oslo) – gitar, vokal
Kaja Draksler (København/Slovenija) – piano
Veslemøy Narvesen (Oslo) – trommer
Frank Rosaly (Amsterdam/Chicago) – trommer, samples

Ledige stillinger

Relaterte saker

Hedvig Mollestad trio

Hedvig Mollestad Thomassen: Fra gitarist til bestillingskomponist

Parallelt med slipp av Hedvig Mollestad Trios sjette plate på sju år, ble hun lansert som komponisten av Tingingsverket til...

Buddyprisen 2018 til Ingebrigt Håker Flaten, her med Trude Storheim fra styret i Norsk jazzforum

Buddy-prisen til Ingebrigt Håker Flaten

– Dette betyr helt ufattelig mye for meg – takk!

Hedvig Mollestad – her fra framføringen av tingingsverket Ekhidna under Vossa Jazz

Monstrøst vakkert

Hedvig Mollestads tingingsverk til årets Vossa Jazz har fått navnet Ekhidna, etter et monster i gresk mytologi som er halvt...

Edvard Hoem

Edvard Hoem opnar Vossa Jazz 2020

Forfattaren opnar den 47. utgåva av Vossa Jazz.

Flere saker

Fra kulturdebatten fredag 9. oktober. Fra venstre: Himanshu Gulati fra Frp, Kristin Ørmen Johnsen fra Høyre, moderator Håkon Haugsbø, Anette Trettebergstuen fra Ap, Freddy André Øvstegård fra SV

Kulturbudsjettet: – Et angrep på kunstens frihet

Kulturbudsjettdebatten ble avsluttet med det mange omtaler som en bombe: Høyres Kristin Ørmen Johnsen vil sikre spesifikke kunstnergrupper i statsbudsjettet....

Aage Richard Meyer

Neste toppdirigent: Aage Richard Meyer vant Opptakt

– Jeg er sjokkert, skjelven og veldig, veldig glad, sier vinneren.

Maud mottar kraftpenger.

Maud får Nord-Norges største artiststipend

400 000,- til bodøartisten.