Northern Expo er heilt sikkert verdas nordlegaste musikkmesse. Korleis ser lyden av nord ut?

Skjermbilde fra prosjektvideoen Northern Expo 2018, © Northern Expo

I oktober 2018 vart tidenes første Northern Expo arrangert på Svalbard. Initiativtakar var Rytmisk kompetansenettverk i Nord (RYK), i eit samarbeid mellom Nordnorsk jazzsenter, Kompetansesenter for Rock i Nord-Norge og Folkemusikk Nord. Northern Expo vart finansiert av Innovasjon Norge Arktis og Sparebank 1 Nord-Norge i tillegg til RYK.

Violet Road (pop/rock), Ánnásuolo (samisk/jazz), Mørk (elektronika/jazz), Julietnorth (folkemusikk), Petter Carlsen (pop/rock) og Kartellet (dansekompani) vart plukka ut til den første utgåva. Musikkmessa vart besøkt av bransjefolk frå heile verda, som fekk oppleve musikken i eksotiske omgjevnader.

Gjennom prosessen fulgte eit filmteam, med produsent Mari Tefre i spissen, artistane. Dette resulterte i ei rekkje portrettvideoar der den storslåtte arktiske naturen er sentral.

Videoportrett av dansekompaniet Kartellet:

Brynjar Rasmussen var kunstnarisk leiar for Northern Expo 2018, men er no gått over i ei ny stilling som leiar i Scene Finnmark. Han var inn til det tilsett som produsent hjå Nordnorsk jazzsenter.

Korleis vart artistane valde ut? Kva var kriteria?
– Gjennom nettverket til RYK jobbast det breitt med artistar i ulike format og uttrykk. Ut frå dette vart det gjort ein grundig fagleg utveljing, seier Rasmussen.

– I tillegg til å fokusere på uttrykket og styrken i kvar artist/band, vurderte ein kor vidt artistane var eksportklare og hadde ein plan for vegen vidare. Minst like viktig var det at dei ulike artistane kunne byggje kvarandre mot ein felles sterk energi. Vi ynskte å få fram den nordnorske identiteten til kvar enkelt og vise breidda i det som skapast i nord, noko som kjem godt fram i dei ulike videopresentasjonane.

Kva tenkjer du omgjevnadane på videoane har å seie for presentasjonen av desse artistane og musikken?
– Sjølv om artistane har mykje til felles, har alle forskjellige kjensler og bakgrunn i korleis dei lét seg inspirere av naturen i nord. Eg trur videoane først og fremst skaper eit nært og ekte bilete av artistane. Dei får uttrykke seg slik som dei er, og snakke om det som betyr noko for dei.

Videoportrett av Ánnásuolo:

Dagleg leiar i Nordnorsk jazzsenter og ansvarleg leiar for RYK, Ulla-Stina Wiland, fortel om bakgrunnen for videoportretta.

– Det brukast mykje ressursar i å lage gode visingsarenaer for artistane. Vi ynskte i tillegg å legge til rette for vegen vidare og følge opp alle artistane. Vi ville få fram ein tydeleg identitet til kvar artist i eit produkt som artistane kan bruke i sitt vidare arbeid.

Kva har responsen vore så langt?
– Vi har fått god respons så langt, men enno er det jo tidleg i prosessen, så endeleg resultat og effekt kan vi nok først måle på et seinare tidspunkt.

Det er ein dokumentar på veg også, har eg skjønt? Når får vi sjå den?
– Dokumentaren blir ferdigstilt no i mars, men det er ikkje avgjort når den skal lanserast. Vi jobbar med å få vist den i riksdekkjande og internasjonale media så snart som mogleg.

Artistportrett av Julietnorth:

Julietnorth
Ein av artistane som vart plukka ut til Northern Expo 2018 var Julietnorth aka Julie Normann Alapnes. Julietnorth slepte debutplata på ta:lik på nyåret i fjor, men Julie har jobba som musikar i fleire år.

Ho har mellom anna gått på Folkemusikkakademiet i Rauland, der låta «Julies vals» vart til – ei låt ho spelte inn med Boknakaran i 2011. Julie fortel at dette var ei av dei første låtane ho laga, og at det sidan berre har strøymt på med låtidear.

– Det kjem nye låtar og melodiar heile tida. Eg vaknar om natta og må stå opp å skrive det ned – seinast i dag kom det ei låt!

Men slik har det ikkje alltid vore.

– Kanskje hadde det noko å gjere med at eg let kjenslane sleppe til. Då eg var lita vart musikk så sterkt for meg at eg ikkje kunne vere i musikktimane. Eg måtte gå ut fordi eg vart så berørt. Men til slutt klarte eg å trasse det, og eg byrja å gå på konsertar og spele meir.

Bandet til Julietnorth består av musikarane Petter Carlsen på gitar, Halvard Rundberg på orgel og Aleksander Kostopoulos på trommer.

Kva var det du gjekk etter når du skulle samle bandet Julietnorth?
– I utgangspunktet var jo desse musikarar eg kjente til frå før og likte veldig godt. Eg elskar rockeduoen som Petter og Aleksander har, Pil og Bue, og tenkte eg ville ha med det. Halvard er den som arrangerer melodiane eg har med. Når vi møttest for første gong, kjende vi at det fungerte perfekt saman.

Julietnorth, © Daniel Mikkelsen

Korleis opplevde du å delta på Northern Expo?
– Det var ei enorm oppleving å vere der oppe dei tre dagane. I dei omgjevnadane, med så mange begeistra og interesserte folk. Det var ein overveldande respons. Eg har spelt på ein del sånne showcasar tidlegare, der det fort kan vere eit par festivalar som tek kontakt i ettertid. Men etter dette har eg fått mange førespurnader og mellom anna vore i møter i New York, og hatt fleire telefonmøter med bransjefolk verda over.

– Du har jo North i namnet ditt, og i videoane ser vi arktisk natur – er det viktig for deg å vise?
– Ja, eg har jo Normann til etternamn, også. For meg er det ein del av identiteten min, og heilt naturleg å framheve. Videoane har jo blitt ekstremt fine. Det er jo ei gåve til oss artistane. Vi brukar ein video på scena under låta «Naustet» av naturen i Tromsø. Etter konserten kom ei som var der frå Kina som gjerne ville ha oss dit, men understreka at då måtte vi ha med den også!

Så det visuelle uttrykket heng tett saman med musikken?
– Det heng saman, men det er også to frittståande element. Eg kjem aldri til å lage musikken slik at det skal matche arktis, for åog seie det sånn.

Som ho seier i videoen:
– Eg vil at folk skal skal skjøne kor eg kjem i frå – frå nord, langt oppe i nord. Eg vil at det skal høyrast i musikken.

Kva er planane vidare no då?
– Vi held på å spele inn ny musikk no, og så gjeld det å pleie alle kontaktane eg har fått no. Det er mange ting som rører seg – det er veldig spennande tider!

Ulla-Stina Wiland fortel at det er naturleg å vidareføre prosjektet etter suksessen i fjor.

– Neste Northern Expo er planlagt å arrangere i 2020. Vi vil sjølvsagt gå nokre runder på kva dokumentasjonen vil innehalde, men slik det ser ut no er det i alle fall naturleg å ta med som ein del av pakken som artistane får med seg.

Sjå video om Northern Expo og presentasjonane av alle utøvarane her.

Publisert:

Del: