Hopp til innhald

Nest siste helg på Garage

I sommar vart det kjent at den populære scena Garage i Oslo snart skulle setje kroken på døra. No nærmar slutten seg med stormsteg.

I 2003 opna Garage Oslo i lokala til So What, som nokre månadar tidlegare hadde gitt seg etter ni års drift. Grunna høge driftskostnadar har no også Garage bestemt seg for å stenge dørene for godt. Innehavarane har likevel ingen planar om å la dei siste helgene gå stille forbi.

Fredag 26. november, presenterer Garage Sten Ove Toft, Myrtle Sphinx og Serena-Maneesh. Sistnemnde rommar nokre av landets mest kritikarrosa bråkmakarar, og etter ein omfattande turne i Europa og USA, er dette siste moglegheit til å sjå bandet i si noverande besetning.

Laurdag 27. november lokkar Garage med metalcore-bandet Gerilja, samt Oslobandet Pirate Love. Det er gått heile to år sidan sist Pirate Love spelte konsert i hovudstaden. Laurdag kan ein vente seg mykje materiale frå den kommande skiva deira, samt gamle slagarar frå debuten «Black Vodoun Space Blues».

Ledige stillinger

Flere saker

Håkon Moslet

Håkon Moslet ny styreleder i Ballade

– Jeg ser fram til utfordringen, sier Moslet, som tar med seg solid erfaring fra norsk musikk- og mediebransje inn...

Rhiannon Hovden Edwards

Ønsker kommersiell bransjekunnskap

Musikk-Norge trenger mer kunnskap om næringssiden for å påvirke politikerne til å ta riktige avgjørelser. Det mener Rhiannon Edwards, som...

Láhko voices

Anna Jelstad er Årets Barnekordirigent 2018

Dirigent i Láhko voices i Gildeskål får prisen blant annet for å ha bygget opp et aktivt, personlig og synlig...