Hopp til innhald

Mårenbiennalen 2007

Mårenbiennalen er ein tverrkunstnerisk møtestad der ein dyrkar dei perspektiv, dimensjonar og uttrykk som opnar seg når ulike fag-retningar innanfor musikk, litteratur, billedkunst og anna handverk samarbeidar.

Einar Førde opna biennalen i 2003 og samanlikna tiltaket med «Heraklion der dei ni musene bur.«

»Denne veglause grenda som strir for si nåtid og framtid er eit lærestykke i debatten om kulturlandskap. Vi veit litt om kva verdiar som går tapt om ei slik grend døyr«, sa Førde i 2003.

Litterær- og politisk fridomskamp var Mårenbiennalen 2007 sitt tema før det 29. juni vart avgjort at Måren i namnet til »småkraftverk basert på ein miljøvennlig utnytting« skulle overlatast til vestlandet sin rikaste kraftutbyggar.

»Denne utbygginga gir eit godt bidrag til kraftoppdekkinga og sørgjer for verdiskaping og næringsutvikling i distrikta, sa olje- og energiminister Odd Roger Enoksen da.

I røyndomen vil utbyggaren tene 12 millionar i året på vidaresal av Måren sine vassressursar, medan same sa prompte nei til å støtte Mårenbiennalen.

Grenda sitt einaste verdiskapande tiltak dei siste decennium; Kulturhagen i Måren har tapt ein ti års lang kamp for å få til dialog med kapitalmakta.

Vi vender det andre kinnet til og kan med eit budsjett på vel hundreogfemtitusen ynskje velkommen.

Anne Viken opnar og talar maktmisbruk og uniformering midt imot.

Andre deltakarar er:

* Nils Økland (Norge) fiolin
* Sanjally Jobarteh (Gambia/Norge) kora – vokal
* Odveig Klyve (Norge) poesi – film
* Nivine Halisi (Palestina) poesi
* Anne Viken (Bygstad/Oslo) journalist
* Michael Francis Duch (Polen/Skottland/Norge) kontrabass
* Nenita Santos Birkeflet (Thailand/Norge) thailandsk meny
* Carl Theodor Dreyer (Frankrike) – Passion of Jeanne D’Arc
* Sigbjørn Apeland (Norge) kyrkjeorgel – trøorgel
* Kirsti Huke (Norge) vokal
* Birgit Løkke (Danmark) perkusjon – pauker
* Marte Huke (Norge) poesi
* Kurt Narvesen (Norge) poesi
* Arild Vange (Norge) poesi
* Øyvind Ådland (Norge) prosa
* Karl Seglem (Norge) poesi – saxofon
* Ivar Orvedal (Måren/Norge) poesi – perkusjon
* Trudi Jaeger (England/Norge) utstilling – performance
* Karen Merete Bruland (Norge) utstilling
* Mathilde Leroy (Frankrike) film
* Eilert Tøsse (Norge) lydinstellasjon
* Nina De Heney (Sveits/Sverige) kontrabass
* John Hegre (Norge) gitar – lydmann
* Øyvind Skarbø (Norge) trommer
* Bjørnar Habbestad (Norge) fløyte

Ledige stillinger

Mårenbiennalen starter med gratiskonsert i Høyanger kyrke torsdag 26. juli. Biennalen fortsetter fram 29. juli. Mer detlajert program kommer senere.

Dette i følge en pressemelding.

Ledige stillinger

Flere saker

August Schieldrop

August Schieldrop vant millionstipend: Til topps med tuba

– Tubaen er min største lidenskap, sier tubaist August Schieldrop, som tirsdag 30. november vant Equinors talentstipend i klassisk musikk...

H.M Dronning Sonja med prisvinnerne. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen

Seungju Bahg vant Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse

Den unge tenoren fra Sør Korea gikk av med seieren i finalen i Operaen fredag kveld.

Trio Mediæval. Still fra musikkvideoen I Want To Live

Ballade video: Årsbeste 2023

Tolv av de aller fineste av fjorårets norske musikkvideoer. Og en voksen manns ønske om å skjønne noe av verden.