Hopp til innhald
Majorstuen: vemodig jubel

(Foto: Marius Beck Dahle)

Majorstuen for siste gong

– Vemodig. Felevirtuosane går kvart til sitt etter to nye songar. Sjølv band-splittingar vart utsette av korona.

Fredag 1. oktober kjem folkemusikarane i Majorstuen ut med to singlar; «Jord och himmel» og «Menuett for alle vindar». Dette skjer i forkant av at gruppa legg ut på ein avslutningsturné. Etter det er Majorstuen historie. Men vent, sa dei ikkje dette for halvanna år sidan også?

Jo; det var for halvanna år sidan at felegruppa Majorstuen lanserte albumet «Jubel» som markerte 20-årsjubileet deira, men også slutten på gruppa sin eksistens. Som fylgje av pandemien har fleire av konsertane og Majorstuen sitt endelege punktum blitt utsett fleire gongar, men i oktober blir det omsider ein liten turné. Og berre nokre dagar før fyrste konserten i Bergen den 4. oktober lanserar altså Majorstuen to låtar på digitale strømmetenester.

– Når vi no endeleg får halde desse konsertane, var det naturleg for oss å gi ut ny musikk i same slengen. Dette er to låtar med svært forskjellig lynne. Den eine, «Jord och himmel», er ein tradisjonell polska og ein skikkeleg gladlåt med god danseappell, fortel cellist og felespelar Anders Löfberg som har arrangert denne slåtten for Majorstuen.

Etter turneen vil felevirtuosane i Majorstuen gå kvart til sitt, noko som tittelen på den andre singelen viser til. «Menuett for alle vindar» er av det meir melankolske slaget, og komponist Jorun Marie Kvernberg fortel at dette er ei hylling til gruppa som ho har vore ein del av i 21 år.

– Det er vemodig at vi nærmar oss vår aller siste konsert. Vi har opplevd mykje saman i både inn- og utland og utvikla eit nært venskap gjennom mange år. Eg er glad for at vi får satt eit skikkeleg punktum med singelslepp og konsertturné.

Kvernberg er eitt av tre medlemmar som har vore med sidan starten i 2000. Sidan den gong har Majorstuen spelt nærare 300 konsertar i 20 land og gitt ut åtte plater. Dei fekk Spellemannsprisen i 2002.

No skal dei spele konsertar på Columbi Egg i Bergen den 4. oktober, Jaunsen gjestgjevarstad i Granvin den 5. oktober, Utgard i Lom den 6. oktober, og aller siste konsert med Majorstuen blir i Åkrestua i Rendalen den 7. oktober.

Majorstuen er Synnøve S. Bjørset, Tove P. Hagen, Anders Löfberg, Bjørn Kåre Odde og Jorun Marie Kvernberg (feler, bratsj, cello).

Ledige stillinger

Relaterte saker

Plata Jubel markerer Majorstuens farvel – med et smell

Majorstuen tar farvel med et smell

Med plata «Jubel» takker folkemusikkgruppa Majorstuen for seg etter 20 år.

Andreas Ljones (Foto: andreasljones.com)

Majorstuens Andreas Ljones med nytt band

Andreas Ljones fra folkemusikkgruppa Majorstuen slipper i disse dager et album med et nyere prosjekt kalt Andreas Ljones Band. Kunstnerisk...

Flere saker

Maya Angelou var nær venn av både James Baldwin og Malcolm X, snakket 6 språk, vant utallige priser, og var mentor for mange kunstnere, blant dem Oprah Winfrey

Hyllest til renessansekvinnen

Poesien, pågangsmotet og protesten i Maya Angelous verk blåses liv i av sterke skuespillerprestasjoner i «Black Woman Rising» på Nordic...

Still fra musikkvideo til Sassy

Ballade video: Om å våkne fra drømmer

Vi nærmer oss desember med Thea Grant, Mari Boine, Hanne Tveter, Helene Bøksle, Charlotte Qvale, Sassy 009, Ilkama, Jenny Berger...

Steamdome er et av bandene booket til Kryssover Jazzfest Moss Foto: Andre Løyning

Ny jazzfestival i Moss

Kryssover Jazzfest Moss vil gå av stabelen i februar neste år.