Hopp til innhald
Hans Martin Austestad

Hans Martin Sognefest Austestad er musikar og musikkpedagog.(Foto: Privat)

– TONO er ikkje berre eit vederlagsorgan. Det er ein maktfaktor i musikklivet

– Debatten om TONO handlar om kva slags musikkliv vi ønskjer å ha, kven som skal kunne leve av å skape musikk, og korleis ein skal balansere kommersiell utvikling mot kunstnarisk berekraft, skriv Hans Martin Sognefest Austestad.

Dette er eit meningsinnlegg, der avsendaren gir uttrykk for sine synspunkt og refleksjonar. Innlegget blei først publisert i ein kommentartråd i sosiale media. Her kan du følgje Tono-debatten på Ballade.

Av Hans Martin Sognefest Austestad, musikar og musikkpedagog

Desse som insisterer på at TONO berre er ein teknisk vederlagsinnkrevar ser ut til å undervurdere – eller i enkelte tilfelle aktivt avpolitisere – det som i realiteten ligg til grunn for mykje av usemja mellom medlemmene.

For TONO er ikkje berre eit administrativt apparat for å samle inn pengar. Det er ein organisasjon som påverkar levevilkåra til tusenvis av opphavspersonar, og som gjennom prioriteringar og fordelingsmodellar får direkte konsekvensar for kva slags musikkliv som faktisk er mogleg å oppretthalde i Noreg. Difor er det òg svært mange meiningar om kva TONO skal vere, og kvifor akkurat deira forståing av organisasjonen er den rette.

TONO består framleis av eit breitt mangfald av opphavspersonar: komponistar, låtskrivarar, tekstforfattarar, kunstmusikarar, folkemusikarar, jazzutøvarar, popskaparar og mange fleire. Men dette mangfaldet er under press. Vilkåra i musikkbransjen er i rask forflytting, og ulike grupper opplever utviklinga svært forskjellig.

På den eine sida finst dei som ønskjer raskare modernisering, nye fordelingsmodellar eller sterkare tilpassing til internasjonale system. Nokre ønskjer òg meir ekstern kapitalforvaltningskompetanse i styreleiinga, ut frå eit syn om at TONO har blitt så stor og økonomisk kompleks at organisasjonen krev eit meir teknokratisk styresett for å redusere risiko og sikre profesjonell forvaltning.

Dette er forståelege argument. Men dei er heller ikkje upolitiske. Dei byggjer på bestemte førestillingar om kva TONO skal vere: om organisasjonen først og fremst bør forståast som ein effektiv økonomisk forvaltar, eller som eit breiare rettighetsfellesskap der kulturpolitisk balanse og representasjon må telje vel så tungt som effektivisering og avkastning.

Enkelte peikar også mot alternative løysingar utanfor Noreg, og argumenterer for at andre forvaltningsmodellar vil gi betre vilkår eller større innverknad. Dette er legitime synspunkt i ein medlemsorganisasjon, men dei må òg diskuterast i lys av kva konsekvensar ei slik utvikling kan få for fellesskapet som heilskap.

Det mest interessante – og kanskje mest underkommuniserte – problemet er at TONO formelt ikkje er eit kulturpolitisk organ, men i praksis har betydeleg kulturpolitisk effekt.

På den andre sida står mange opphavspersonar som opplever at dei har mykje å tape på raske og lite nyanserte omleggingar.

Dette er kunstnarar som ikkje nødvendigvis opererer i dei mest kommersielle segmenta, men som like fullt utgjer ein viktig del av det norske musikklivet. For desse handlar TONO ikkje først og fremst om maksimal inntening, men om rettferdig balanse og føreseielege rammer – eit system som gjer det mogleg å oppretthalde kunstnarisk verksemd også når målet ikkje er størst mogleg økonomisk avkastning.

Ledige stillinger

Det mest interessante – og kanskje mest underkommuniserte – problemet er at TONO formelt ikkje er eit kulturpolitisk organ, men i praksis har betydeleg kulturpolitisk effekt. Gjennom lisensiering, fordelingsmodellar og økonomiske prioriteringar påverkar organisasjonen direkte kva slags musikalske praksisar som blir økonomisk berekraftige, kva slags kunstnarskap som får betre eller dårlegare vilkår, og kva slags økosystem norsk musikkliv utviklar seg innanfor.

Når ein organisasjon forvaltar milliardverdiar og samtidig er med på å forme dei økonomiske vilkåra for skapande kunstnarar, blir det vanskeleg å hevde at avgjerdene berre er tekniske eller administrative.

Årsmøta i TONO er derfor ikkje berre arenaer for «upolitiske» vedtak om vederlagsinnkreving. Dei er i praksis stader der ulike syn på musikklivets framtid brytest mot kvarandre – små kulturpolitiske slag om retning, prioriteringar og forståinga av kva slags musikalsk mangfald ein ønskjer å verne om.

Samtidig må det understrekast at mange av problemstillingane rundt TONO har eit særskilt norsk preg. Noreg har historisk hatt sterke tradisjonar for kollektiv rettighetsforvaltning og relativt sterke vern for opphavspersonar. Difor må forslag om å fragmentere systemet eller hente inspirasjon frå andre modellar vurderast kritisk – ikkje fordi utanlandske system nødvendigvis er dårlege, men fordi dei spring ut frå heilt andre marknader, andre kulturpolitiske prioriteringar og andre maktforhold enn dei vi har i Noreg.

På mange måtar liknar dette norsk landbrukspolitikk. Vi importerer ikkje ukritisk utanlandske modellar for landbruk eller antibiotikabruk i dyrehald, nettopp fordi norske forhold er annleis. Den norske geografien og demografien tilseier at ein legg til rette for både større drift og småskala bruk under krevjande forhold.

Dette skaper naturleg nok spenningar: Den mest effektive modellen for éin bonde er ikkje nødvendigvis den som sikrar eit berekraftig landbruk i heile landet. Jærbonden og bonden som driv på ein knaus har ikkje alltid dei same interessene – men begge må finne ein måte å eksistere innanfor same system.

Slik er det også i TONO. Den mest effektive modellen for dei som opererer i globale marknader og store volummodellar er ikkje nødvendigvis den same modellen som sikrar berekraftige vilkår for dei som arbeider innanfor mindre sjangrar, smalare marknader eller meir langsiktig kunstnarisk utvikling.

Spørsmålet blir derfor ikkje berre kva som er mest effektivt, men kva slags økosystem ein ønskjer å oppretthalde.

Kanskje er det nettopp dette årsmøtet i TONO eigentleg handlar om: å finne balansen mellom ulike behov, ulike marknader og ulike forståingar av kva slags musikkliv vi ønskjer å bevare.

Eg vil derfor seie meg sterkt ueinig i påstanden om at debatten i TONO er særleg oppheta eller usakleg. Problemet er kanskje heller det motsette: at den viktige prinsipielle debatten skjer for lite resten av året til at årsmøtet opplevast som eit verkeleg opplyst val.

Kanskje burde TONO vurdere fleire medlemsmøte med eigne fokusområde gjennom året

Her må også kulturjournalistikken ta sin del av ansvaret. Det gnistrar ikkje akkurat av norsk kulturjournalistikk når det gjeld TONO-saker. Ein organisasjon med så stor økonomisk og kulturpolitisk påverknad burde i langt større grad vere gjenstand for grundig journalistikk, open debatt og kritisk analyse.

Mi eiga brannfakkel er kanskje denne: Årsmøtet i TONO har rett og slett for mykje innhald. For mange store spørsmål, for mange prinsipielle konfliktlinjer og for mykje informasjon blir pressa inn i eitt møte som i praksis skal fungere både som rekneskapsframlegging, demokratisk arena og kulturpolitisk vegval.

Kanskje burde TONO vurdere fleire medlemsmøte med eigne fokusområde gjennom året – på same måte som avrekninga er delt inn i ulike kategoriar og logikkar. Det ville kunne gjere det lettare for medlemmene å følgje med, skape meir kontinuerleg debatt og redusere behovet for å prøve å diskutere alt på éin gong. Ei slik utvikling kunne kanskje òg bidra til noko av det mange saknar mest i dag: eit meir opplyst medlemsdemokrati.

For debatten om TONO handlar ikkje berre om effektiv vederlagsinnkreving. Han handlar om kva slags musikkliv vi ønskjer å ha, kven som skal kunne leve av å skape musikk, og korleis ein skal balansere kommersiell utvikling mot kunstnarisk berekraft.

Å redusere dette til eit spørsmål om vederlagsinnkreving og maksimering av profitt er ikkje berre forenklande – det overser den reelle makta og den kulturpolitiske effekten TONO har. Alle er tjent med å ta eit skritt tilbake og tenke større på dette.

At styret til dømes fremmer forslag tre veker før avstemming verkar uansvarlig. At enkelte medlemsorganisasjonar endrar forslaga sine frå talarstolen verkar endå meir uansvarlig.

Her er det forbedringspotensiale i alle bauger og kanter.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Aslak Leif Haaland ny

Klever: – Tono har ingen tillit blant de som skriver de største låtene

– TONO må forholde seg til hele faktagrunnlaget – også når det er ubehagelig. Det skriver forlegger Aslak Klever i dette...

Tono logo scaled

Tono svarer Aslak Klever

Utfordringene er mange – korrupsjon er ikke en av dem, skriver Tonos Karl Vestli i sitt svar til musikkforlegger Aslak...

Tom Hugo AVE 0825 AnneValeur

Tonos nye styreleder svarer: – La oss ta en kaffi


La oss ta en kaffi, Aslak!

Amund Valde

– TONO må mobilisere blant yngre medlemmer

– Burde ikke TONO bruke ressursene sine på å mobilisere og appellere til folk som meg og vennene mine, som...

TONO talerstol årsmøte

Ekstraordinært styremøte i Tono torsdag 18. juni

Bakgrunnen er den siste ukens kritikk og at en rekke låtskrivere i dag har kunngjort at de melder seg ut...

Tonos årsmøte

Tono kritiseres for skjeivfordeling av penger og makt

Motstridende syn på hvorfor musikkskapere flagger ut.

Flere saker

Små Grå

Små Grå med ny kortfilm: Vi vil lage noe som er fint! Med undring, og med hjerte for Mennesket.

Trioen Små Grå lager konserter de like gjerne kaller scenekunst, og er opptatt av hvordan det musikalske i oss manifester...

Syngende helsearbeidere

Krafttak og spaserstokk

Krafttak for sang kan gjøre stokken sterkere, skriver Kjetil Aamann

Natt og dag er over i gjen

Spikeren i kista for Natt & Dag

– Selvhøytidelige og lettkrenkede kjendiser trenger en gneldrete bølle som gir dem motstand, sier redaktøren, og håper andre tar over...