Karl Seglem er komponist, musikar og poet. Og medlem av både NOPA og NKF. (Foto: Heidi Molstad Andresen)

NOPA- og NKF-debatten: Utdatert sjangerkrig og rasering av velfungerande musikkfond

Fonda må styrkast. Gjer ein det ved å gå til utdatert sjangerkrig og rasere eit godt fungerande fond?, spør musikar, komponist og poet Karl Seglem i fordelingsdebatten mellom NKF og NOPA.

Kalender

Dette er et meningsinnlegg, der avsenderen gir uttrykk for sine synspunkter og refleksjoner.

Av Karl Seglem, komponist, musikar, poet

Karl Seglem, illustrert av jazzmusiker og grafisk designer Kåre Thomsen. (Foto: Kåre Thomsen)

I Morgenbladet (nr.1.25) siterer kulturredaktør Bernhard Ellefsen Aasmund Brynhildsens essay «Medmenneske»: «Menneskets sympati med andre enn seg selv, er det mest avgjørende sivilisasjonsfremskrittet». Ellefsen ber med rette oss progressive om å kjempa ein strid vi kanskje ikkje er vant til.

Fleire har endeleg fått med seg at det i norsk musikkliv skjer ein liknande kamp om kollektive midlar frå bibliotekvederlagsordninga som blant forfattarorganisasjonar: Kampen mellom NOPA og Norsk Komponistforening (NKF).

NOPA-leiaren, som også er mektige TONOs styreleiar, skapar splid i to små kunstnarorganisasjonar som har mykje meir felles enn det han forstår. Han vil ha ei radikal endring av fordelingen av kollektive midlar og krev meir pengar til NOPA sin medlemsmasse. Han vil ha slutt på at like mykje av kollektive midlar går til andre musikkskaparar enn dei som driv med det han sjølv eller NOPA definerer som populærmusikk.

Slik bryt NOPAs styreleiar med grunnfesta prinsipp i norsk kunst- og kulturpolitikk: Kulturpolitiske ordningar som bibliotekvederlaget skal ha ein marknadskorrigerande rolle. Fordelingsprinsippa til desse langtvirkande ordningane er å sikra at vi i Noreg har eit rikt og mangfaldig spekter av kunstuttrykk som ikkje alle klarar seg i ein marknad. Prinsippa har gjeve oss eit rikt kulturliv. Det tek svært kort tid å rasere det, og mangfald blir ikkje konsekvensen.

Eg er medlem av både NOPA og NKF.

NOPA fremma sak i juni 2024 og krevde 80 prosent av bibliotekvederlaget i Komponistenes Vederlagsfond (Kvf). Etter ein lengre prosess vedtok forhandlingsutvalget for bibliotekvederlaget i desember 2024 at fordelinga mellom organisasjonane i Kvf skal vera 45 prosent til NOPA, 45 prosent til NKF og 10 prosent til nyMusikk. Dette godtek ikkje NOPA.

Komponistenes Vederlagsfond og Det norske komponistfond er viktige fond for alle som skapar musikk i Noreg. Bibliotekvederlaget er ein av inntektskjeldene til desse fonda. I Kvf har NOPA og NKF likt tal styremedlemmar, og styreleiar rullerer annankvart år mellom organisasjonane.

Eg sat to år i Kvf som representant for NOPA. Styrearbeidet var givande og krevande. Fondet er ein av få stader der medlemmar frå desse organisasjonane samhandlar, og vi samhandlar godt. Sjangeromgrepa er i dag opnare enn før. Gamle idéar om klassisk/samtid og nostalgisk/populær er utdaterte, og blir utfordra kvar dag av nyskapande menneske.

I Kvf diskuterer ein seg fram til ei tildelingsliste ut frå ulike syn, bakgrunn, røynsle, og utan omsyn til om innsendte lydfiler har 0 eller 500 000 strøymingar. Fordeling på eit anna plan, gjennom dialog der kvar og ein må gje og ta. Komma fram til semje gjennom usemje. Eg undrar meg på kor mange søknader frå kunstnarar styreleiar har vurdert, saman med folk han ikkje er heilt samd med?

Som NOPA-medlem har eg ikkje fått info om denne saken anna enn via nokre linjer i ei julehelsing. Styreleiar skriv at 2024 var krevande, at det var eindel støy. Ikkje kva som var krevande og kva slags støy.

Kvifor har ikkje det store tal på medlemmar som NOPA no har fått, gjennom massive vervekampanjar på utdanningsinstitusjonar, festivalar og SoMe (tal er viktig pressmiddel, og NOPA tel og tel), fått informasjon om saken, og slik høve til meiningsbryting? Siste utspel kom i Klassekampen 28. januar, der nestleiar hevdar at NKF er ein adel! Det finst ein «pengeadel» i norsk musikkliv, men den er ikkje blant NKF sine medlemmar.

Styreleiar har lenge ytra seg ganske ovanfrå og ned i denne saken, både i dialog med Kjell Samkopf her på Ballade og på nettsider. Ofte «rundt grauten» om lover, reglar, kollektive midlars ferd gjennom vederlag, organisasjonar, rettsinstansar. Gode hersketeknikk-innlegg etter mitt skjønn. Det står ikkje at NOPA ikkje ville stille til dialogmøte med NKF og forhandlingsutvalet for bibliotekvederlaget haust 2024.

Eg skriv dette som sjangeroverskridane fri kunstnar. Eg har aldri hatt fast arbeid, og musikken min er ein eigen sjanger utvikla gjennom 30 år. Mitt medlemskap i NOPA har hatt stor verdi for mitt skapande virke. Eg mottek jamnleg støtte, har fått stipend og prisar, og høve til å skape i ulike kunstnarleiligheitar. Kjent ein støttande organisasjon, hatt vidsynte kollegaer i ryggen.

Breidden i medlemsmassen i NOPA opplever eg som stor, til liks med NKF, som har langt færre medlemmar. At det er færre som skapar musikk av andre grunnar enn å skapa pengar, er ein stor rikdom. Kvf (+komponistfondet) sine midlar femnar største delen av oss skapande tonekunstnarar. Det er langt frå nok midlar. Begge desse fond MÅ styrkast. Gjer ein det ved å gå til utdatert sjangerkrig og rasere eit godt fungerande fond?

Eg skapar fordi eg må, og har arbeida utanom allfarveg i størstedelen av mitt kunstnarskap. Om NOPA meinar det er populærmusikk eller ei, er uvesentleg. Som kunstnar er eg trygg på verdien av det eg har skapt. Eg har aldri undervurdert mitt lyttande publikum, og trur at musikk som menneskeleg-, samfunnsmessig- og kunstnerisk verdi er uvurderleg.

Eg avsluttar ved å snu sitatet: «Mennesket sin manglande sympati med andre enn seg sjølv, er mest avgjerande for sivilisasjonsundergangen».

 

Red. mrk.: Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige ballade.no. NOPA, Norsk Komponistforening og Musikkforleggerne er medlemmer i Foreningen Ballade.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo