Debatt – skapende læring
Noregs Musikkhøgskoles har i haust etablert eit nytt debattforum, Gjenlyd. Fredag 16. november stilles spørsmålet: Kva slags lærarar og kunstnarar treng vi for å realisere den nye strategiplanen for kunst og kultur i opplæringa?
Før han gjekk av som kunnskapsminister, signerte Øystein Djupedal (SV) «Skapende læring», ein strategiplan som tar sikte på å styrke dei estetiske faga i grunnskole, kulturskole og høgare (lærar)utdanning.
Gjenlyd spør:
— Er planen god nok?
— Korleis er den i forhold til dagens realitetar i kultur-, grunn- og vidaregåande skole og samarbeidet med Den kulturelle skolesekken?
— Kva konsekvensar bør planen få for lærar- og kunstutdanningane generelt og Noregs Musikkhøgskole spesielt?
— Utdannar vi pedagogar og utøvarar som vil kunne formidle fag, kunst- og konsertopplevingar for barn, unge og vaksne på alle nivå?
Til å drøfte desse spørsmåla kjem:
*
Rolf Reikvam, stortingspolitikar for SV
*
Berit Konstad Graftås, rektor ved kulturskolen på Tolga
*
Astrid Holen, sekretariatsleiar for Den kulturelle skolesekken
*
Magne Espeland, førsteamanuensis i musikk ved høgskolen Stord/Haugesund
*
Eirik Birkeland, rektor ved Norges Musikkhøgskole
Stipendiat Astrid Kvalbein er møteleiar.
Tid og sted: Auditoriet i 2. hus fredag 16. november kl 13-1430.
Dette i følge en pressemelding.












