Hopp til innhald

Intervjuer.no: KARL SEGLEM

Musikaren, poeten og komponisten har nettopp introdusert verda for oxofonen, eit heilt nytt instrument i krysninga mellom saksofon og oksehorn. Elles slår han eit godt slag for kjekjøt.

«Eg slit med omgrepet “fri”. Fri frå kva? Eg ser ikkje på arbeid som noko negativt ein må ta fri frå.»

Alder: 57 år
Yrke: Musikar, komponist, poet

Søvn
Eg legg meg vanlegvis rundt 23.30 og står opp klokka 07.00. Får ofte ein stor kopp kaffi med mjølk og sukker på senga av sambuar om morgonen. Og avis. Det er ein fin måte å vakna på.

Eg har aldri hatt søvnproblem! Men må ha minimum 7 timar, utan nok søvn blir eg ineffektiv og slapp om ettermiddagen.

Mat
Et lite til frukost. Av og til havregraut eller ei skive med kvitløkspaté. Enkel lunsj i form av eit smørbrød eller eventuelt niste, og alltid middag som eg som regel lagar frå botn av, til familien. Mat er hobby, og eg har eit stort repertoar som kokk.

 
«Vil slå eit slag for kjekjøt når eg no har sjansen!»
 

Jobb
Dagen startar rundt 08.30, og eg held på til cirka 16:00. Tre gonger i veka har eg ei ny økt frå 19-22. Jobbar også eindel laurdager. No går det i øving, administrasjon av kommande turnear og konsertar, komponering, skriving, planlegging og møter.

Er stort sett «på», men evnar å kobla av i periodar, for eksempel etter ein lang turné. Er heldig og priviligert som har ein såpass fri jobb der eg sjølv bestemmer alt!

Fritid
For meg er å slappa av å gjera noko anna. For eksempel laga mat eller vera ute i hagen, eller gå ein tur i marka. Eg slit med omgrepet “fri”. Fri frå kva? Eg ser ikkje på arbeid som noko negativt ein må ta fri frå.

Det er befriande å lesa ei bok, lytta til musikk, gå ein tur, springa 15 kilometer, gå på ski, laga mat – og alt dette er ein del av mitt arbeid, noko eg tek med meg inn i skapinga av musikk og poesi, inn i øvinga, inn i konsertane og turnéane.

Ledige stillinger

I helgen ligg eg lenger i senga, et frukost med familie, kanskje vi tek ein tur for vekas innkjøp av matvarer. Dreg ofte ned i øvingsrom/studio og jobbar nokre timar. Møter ganske sjelden vener utanom jobben, men prøver å gå ein del på konsertar, både med kollegaer og andre.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Intervjuer.no

Så enkelt, men rommer så mye

Når står folk i musikklivet opp? Hva spiser de til frokost? Hvordan ser egentlig arbeidsdagen ut, og hva gjør de...

Fredrik Høyer

Intervjuer.no: FREDRIK HØYER

Slampoeten, forfatteren og halvparten av Bendik Baksaas + Fredrik Høyer jobber fra frokost til leggetid, spiser vegansk foran TV og...

Kaja Gunnufsen

Intervjuer.no: KAJA GUNNUFSEN

Musikeren har erstattet snus med svisker, blitt prosjektleder på si og forteller om den gangen det ble for mange White...

Thomas «Talawa» Prestø

Intervjuer.no: THOMAS ISAK MICHAEL “TALAWA” PRESTØ

Koreografen sover veldig lite, jobber veldig mye og lager mat til gode venner for å koble av.

Unni Wilhelmsen

Intervjuer.no: UNNI WILHELMSEN

Musikeren slapper best av på kjøkkenet, har spilt 2600 konserter uten én avlysning og klemmer inn tennis så ofte hun...

Maja S. K. Ratkje

Intervjuer.no: MAJA S. K. RATKJE

Komponisten og musikeren spiller unplugged på trøorgelet hun nylig kjøpte, og har blitt en skikkelig kaffekjerring som digger sure ting...

Flere saker

GJORDE TROMSØTECHNO TIL EN TING Å SNAKKE OM:Geir Jenssen og gløtt av tromsøsola, i 2022..

Les fra boka om «Patashnik» her: Biosphere mellom to permer

Geir Jenssen forandret norsk musikk for alltid med sin legendariske ambientplate «Patashnik». Her er eksklusivt utdrag fra den nye boka...

Elin Aamodt slutter som leder i GramArt etter 13 år

Lederskifte i GramArt 

Elin Aamodt slutter som leder i GramArt etter tretten år. Marius Øvrebø-Engemoen blir fast daglig leder for organisasjonen.

Tons of Rock har fått «full pott» på sin koronakompensasjonssøknad

Koronakrisen: Forbudet forlenges til 1. september

Avklaringen er en lettelse for musikklivet. Men en fornyet kompensasjonsordning må utbedres, utvides og forlenges, sier organisasjoner i bransjen.