Hopp til innhald
Kjellbjørn Karsrud

Kjellbjørn Karsrud frå Leira i Valdres er felespelar, forfattar og lektor. Og frå august også redaktør av bladet Folkemusikk. (Foto: Thor Hauknes)

Valdrisen Kjellbjørn Karsrud ny redaktør i bladet Folkemusikk

Karsrud brenn og andar for folkemusikken og folkedansen, og er ein god og erfaren skribent, melder FolkOrg.

Det er ein erfaren og engasjert mann frå Leira i Valdres – no busett i Lom – som set seg i redaktørstolen for bladet Folkemusikk og nettsida folkemusikk.no, melder FolkOrg.

FolkOrg er organisasjon for folkemusikk og folkedans, og eig magasinet og nettpublikasjonen, som har felles, uavhengig redaktør.

Den nye redaktøren er kjend som både spellemann og skribent, og tek med seg erfaringa som felespelar, forfattar og lektor inn i stillinga.

– Dette blir veldig spennande, seier dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi. – Her har vi ein som kjenner miljøet godt, som brenn og andar for folkemusikken og folkedansen. Han er ein god og erfaren skribent, og vi meiner at Karsrud passar perfekt som ny redaktør i landets største magasin for folkemusikk og -dans.

Kjellbjørn Karsrud er i dag lektor ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, med faga norsk og historie. Han har årsstudium i folkemusikk frå Høgskulen i Telemark (i dag USN – Universitetet i Søraust-Noreg), har allmennlærarutdanning og påfølgande master i norskdidaktikk frå Høgskulen i Sør-Trøndelag, samt historie frå USN.

– Karsrud er kunnskapsrik og har stor interesse både for historiefortelljing og formidling. Han har gode tankar om korleis han ynskjer å foredle og utvikle papirmagasinet og nettstaden folkemusikk.no. Kjellbjørn er ein respektert fagperson som vi trur heile folkemusikk- og dansefeltet vil ta godt i mot, seier Brimi.

Karsrud tek til i stillinga 1. august.

 

Ledige stillinger

Relaterte saker

Blåmann Blåmann bestod av Odd Nordstoga, Asgaut H. Bakken, Silje Hegg og Lars Underdal. Platecoveret fra 2001 ble designa av Magnus Rakeng.

Frå CD til Spotify til LP?

KRONIKK: Er du ein av dei som set pris på å få tilgang til ein slått eller eit stev på...

Folkelarm prisvinnere

FOLKELARM: Marja Mortensson årets folkemusiker

Den sørsamiske musikeren Marja Mortensson fikk hedersprisen Årets folkemusiker under bransjetreffet Folkelarms prisutdeling torsdag kveld. Britt Pernille Frøholm, Tufskrøkjun, Ævestaden...

Gjermund Larsen

Hva er god folkemusikk?

Redaktør i bladet Folkemusikk vil ha kritiske vurderinger, ikke nesegrus hylling.

Folkemusikk

Nytt blad for folkemusikken

Bladet Folkemusikk lanseres torsdag med konsert av Annbjørg Lien, Bruce Molsky og Ånon Egeland på Riksscenen i Oslo.

Flere saker

Foto: Monica Santos Herberg/Borealis

Nye tonar mellom Skur 17 og Nykirken

Borealisfestivalen vil fylle nye rom med eksperimentell musikk. Jana Winderens hav-musikk blei også stor i eit digert skur på kaia....

Fra venstre: Nils R. Sandal (styreleder, Norsk kulturskoleråd), Marianne Vanem (prosjektleder, AKSET kultur og skolesamfunn), Ida Stuberg (ordfører, Inderøy kommune), Sigrid Bjerkan (rektor, Inderøy kulturskole), Anna Rennemo (inspektør, Inderøy kulturskole), Merete Wilhelmsen (assisterende direktør, Norsk kulturskoleråd) Foto: Norsk kulturskoleråd

Inderøy Årets kulturskolekommune

Prisen ble delt ut av Norsk kulturskoleråd under Lederkonferansen i Oslo torsdag.

Stillbilde fra Swank Mami biff bergen h23

Ballade video spesial: Noen smakebiter fra BiFF 2023

Vi ser på kandidatene til Årets musikkvideo under Bergen Internasjonale Filmfestival, inkludert Slomosa, Rick Grove, Swank Mami, Rambow og Theo...