Tøyen Fil og Klafferi. Fra venstre Hanne Rekdal, Tove Margrethe Erikstad, Kristine Tjøgersen og Eira Bjørnstad Foss (Foto: Anna-Julia Granberg / BLUNDERBUSS)

Tøyen Fil og Klafferi – Botanisk Hage

PLATEMELDING: På Botanisk Hage, Tøyen Fil og Klafferi sitt debutalbum, finn du musikk og lydar som vekkjer sansane opp frå dvalen i den sosiale nedstenginga. Botanisk Hage er like mangfaldig og fargerik som namnet skulle seie.

Kalender

Plateomslaget til kvartetten Tøyen Fil og Klafferis Botanisk hage, er slåande vakkert. Martin Kvammes kollasj av planter, blomar, fuglar i ein frodig jungel, set an tonen. Det er seks forteljingar på Botanisk Hage, alle av komponistar som Tøyen Fil og Klafferi har eller har hatt, eit tett samarbeid med sidan starten i 2010.

Plateomslaget til Tøyen Fil og Klafferis Botansik Hage (Foto: Grafisk design ved Martin Kvamme)

Tøyen Fil og Klafferi er Hanne Rekdal på fløyter og fagott, Kristine Tjøgersen på klarinettar, Eira Bjørnstad Foss på fiolin og Tove Margrethe Erikstad på cello. Tjøgersen er også representert med ein komposisjon på utgjevinga, og ho mottok tidlegare i haust Arne Nordheims komponistpris for 2020. Kvartetten, som kallar seg fabrikkarbeidarar, har gjennom dei siste ti åra turnert med konsertar i ei rekke europeiske byar og festivalar, og er nokre av dei fremste samtidsmusikarane vi har – men Botanisk Hage er debutalbumet.

Etter å først lytte til plata mellom høgtalarane på den tomme kontorveggen, bestemte eg meg heller for å ta med musikken ut i friluft. Dette er jo musikk som ikkje har noko med kvite veggar å gjere – sjå berre på omslaget! Med hovudtelefonar og skriveblokk gjekk eg i retning Tøyen og Botanisk Hage.

Hafdís Bjarnadóttirs Sumar er først ut. Ut av boblande vatn veks det eit virvar, ein organisme av svært mangfaldige og karakteristiske lydar flettar seg inn i kvarandre som klatreplanter. Musikken er ikkje steril og konsentrert, den kommanderer deg ikkje i tankeretningar eller kva du skal kjenne etter. I Sumar blir du kasta ut i sporadiske bilete og tankar.

Fuglelydane er framtredande. I omslaget har biolog Hanna Bjørgaas skrive seks forteljingar frå Botanisk Hage, ei for kvart stykke. Kvar forteljing er kopla til ein plass i hagen, markert på eit kart. Småspoven, skriv Bjørgaas om i omslaget, hvis den passerer oss her i Botanisk Hage på veien, gir den seg til kjenne med hysteriske sykluser av lyd; en oppvarming til spillet den skal spille i de vibrerende vårdagene når den kommer fram. På mi lyttevandring rettar det merksemda mi mot dei to skjorene som vaskar seg i sølepytten framfor meg. Men det er ikkje berre fuglelydane som flyttar merksemda. Kompleksiteten i lydbiletet vekkjer blikket vekk frå det monotone, repetitive bybilete og vender det mot den mangfaldige verda rundt oss. Mot «the natural world» som Attenborough seier, tenkjer eg, med hans siste film friskt i minnet.

Takka vere ein enormt god miksejobb av Ingar Hunskaar er Botanisk Hage full av lydar du kan ta på. Spesielt tydeleg er dette på Carola Bauckholt sitt Luftwurzeln. Luftrøtter. Høge, svake, abrupte, mjuke, spisse lydar blir avbrote av venlegsinna akkordar som glir inn og ut. Bauckholt nyttar seg av akustisk manipulasjon av instrumenta på ulikt vis. Det løftar for eksempel fram klangslektskap i fløyte og klarinett som vanlegvis er lett å skilje på. Dei stille partia i dette stykket er sterke, og gir oss tid til å kjenne på lydane, ta på dei og halde dei i handa. Lytt, så kjenner du det du også.

For å uttrykke ein slik kompleksitet, og slike abstrakte idear, med overtyding, krevst uhyre dyktige musikarar. Det er eit fingerspisspresist spel frå kvar enkelt. Det er liksom akkurat den lyden dei ville ha akkurat der og akkurat slik – og det høyrer du. Dette gjer kvartettens klangrepertoar enormt.

Botanisk Hage sitt sterkaste augeblikk
kjem frå Kristine Tjøgersen og hennar Radiolaire. Stykket stikk seg ut blant dei seks forteljingane, det har på eit vis ein enklare idé. Stykket består av repeterande motiv i ulike lag – ulike tempi, klangfarge, harmonikk. Skjelvande fløyter og andektig bassharmoniar som vibrerer og masserer øyrene. Alle elementa dannar ei organisme, eitt stillbilde av klangflata. Eg skulle berre ynskje at eg kunne stirre med øyrene inn i denne klangverda mykje lenger. Eg rakk berre akkurat å setje meg på benken.

Klaus Ellerhusen Holms Chinese Telephone opnar abrupt som i Bauckholt sitt verk. Eit celloknirk bevegar seg gradvis mot ein klar og tydeleg tone. Ei hes stemme bevegar seg gradvis mot ein fløytetone. Det er kroppslege lydar, nærast komiske element som sniffing. Dei stille partia er fylde med energi. Eit av Holms mest interessante grep er bruken av ulike rom. Det er feltopptak frå ute, frå ein fabrikk…eller? Kva er dei lydane? Kvar kjem dei i frå?

I Ylva Lund Bergner sitt Achenar legg lette bogestrøk og pustande fløyter grunnflata, og Tøyen Fil og Klafferi lyttar seg nærare kvarandre sin klang. Achenar er det mest melodiske stykket på plata. Altså, det er ikkje melodiar, men små stubbar som like gjerne kunne vere henta frå tradisjonsmusikk frå kvar som helst i verda, blir spreidd utover som sandkorn.

Det blir klarare og klarare for meg at denne plata har ein einheitleg heilskap der kvart stykke står i kvarandre sin kontekst, og at det skil plata frå mange utgjevingar med samtidsmusikk dei seinare åra. Lars Skoglunds Radio Days står aleine som ein slags epilog på Botanisk Hage. Som i mange av Skoglund sine verk nyttar han lydklipp frå radioen. Det finst meir som bevegar seg i lufta enn fuglar, skriv Bjørgaas i omslaget. Kanskje koplar vi oss her frå «the natural world» og over på mennesket. Akkordane som bryt av midt i – er hypnotiserande gode å vere i. Og så slepp eg skuldrane og ler til det heilt enormt komiske klippet på slutten med orda frå ein innringar: «Bingo!»

Etter lyttevandringa med Tøyen Fil og Klafferi, står eg og kikar utover Sofienbergparken. Eg ser annleis, lyttar annleis, luktar annleis og tenkjer annleis. Gå ut – lytt til Botanisk Hage.

Debutalbumet til Tøyen Fil og Klafferi.
Utgitt juni 2020
Plateselskapet Aurora Records

Medvirkende:
Hanne Rekdal – fløyter og fagott
Kristine Tjøgersen – klarinettar
Eira Bjørnstad Foss – fiolin
Tove Margrethe Erikstad – cello

Innhold:
Hafdís Bjarnadóttir (arr. Tøyen Fil og Klafferi) – Sumar (2017)
Carola Bauckholt – Luftwurzeln (1993/2007)
Kristine Tjøgersen – Radiolarie (2017)
Klaus Ellerhusen Holm – Chinese Telephone (2019)
Ylva Lund Bergner – Achenar (2013/2017)
Lars Skoglund – Radio Days (2015)

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Stillinger

Produksjon og plansjef

Carte Blanche

Kulturskolelærer, fiolin

Drammen kulturskole

Kulturskolelærer, klarinett

Drammen kulturskole

Organist

Kvinesdal kirkelige fellesråd

Akkompagnatør ved Unge Talenter

Barratt Due musikkinstitutt

Direktør

Teater Ibsen

Produsent

Oslo Circles

Markeds- og kommunikasjonsansvarlig

Stiftelsen Oslo Jazzfestival

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev