Hopp til innhald
Halfdan Bleken

Tidlegmusikk: Retro OG avantgarde?

Tidlegmusikk-rørsla er i følgje journalist Halfdan Bleken ei nyskapande kraft på linje med avantgarden, med nøkkelrolle som nyskapar innan klassisk musikk. Ei svekking av feltet er imidlertid tydelig i følgje Bleken.

Av Ida Habbestad

Fredag arrangerte Nordem (Forening for tidlegmusikk i Norden) seminar i Oslo, med «Tidleg musikk i vår tid» som overskrift.

Under tittelen «Tidligmusikken, retro eller avantgarde?» argumenterte Halfdan Bleken for det historiske som avantgarde. Han peikte på den enorme betydninga tidlegmusikk-rørsla har hatt for kjennskapen til mykje vestleg kunstmusikk gjennom dei siste åra.

Som innleiingsvise døme viste Bleken til 1951-utgåva av det då kjende oppslagsverket «Musikkens verden», der komponisten Vivaldi ikkje var oppslagsord. Medan 1960-versjonen, mellom anna grunna tidlegmusikkrørsla sitt iherdige forskingsarbeid, kunne by på grundig utvida perspektiv; ei utviding på mange kapittel. Vidare synte Bleken oss opptak av Händels «Messias» anno 1946, framført sørgmodig, langsomt og ufatteleg dvaskt i høve til kva me har i øyret i dag. Det var ei radikalt annleis 1980-tals utgåve han spelte etterpå, med dobla tempo, eit heilt anna vitalt og engasjert uttrykk.

Fortropp

Bleken peikte altså på at tidlegmusikkrørsla lenge har fungert som den fortroppen som gjer oss kjende med nytt repertoar, som har vida ut vår kjennskap til musikken frå før 1700-talet, og som gjennom eksperiment med originalinstrument har stilt spørsmål ved etablerte konvensjonar for framføring.

Orkestra hadde neppe endra denne praksisen sjølve, hevda Bleken, som peikte på korleis institusjonsorkestra stadig framfører det ein frå eit tidlegmusikk-synspunkt kan kalla ein retusjert Mozart grunna instrument og besetning i orkestret.

Vidare er det idag ikkje berre den eldste musikken som vert forska på.

— Tidligmusikkbevegelsen spiser seg innpå repertoaret bakfra, sa Bleken i foredraget, og peikte på at kunnskapen om Beethoven er ein annan no enn tidlegare, og at jamvel Schönberg sin musikk kan ha lydd annleis i samtida enn me framfører den i dag.

— I sin retro-tanke er tidligmusikken svært modernistisk – en avantgarde, var Bleken sin konklusjon, og han understreka den viktige funksjonen rørsla har hatt gjennom å øva press på dei store institusjonane for at dei skal ta løysingane opp i seg.

Ledige stillinger

Svekking?

Imidlertid ser me ei svekking av feltet hevda Bleken – som peikte på begrensa utdanningstilbod, dårleg økonomi og manglande offentleg satsningsvilje som moglege årsakar.

Eksakt kva denne svekkinga består i, gjekk han ikkje vidare inn på, men då det i tida Ballade var til stades vart ytra mykje misnøye kring vanskane med å få spalteplass i mediene, er kanskje det eit teikn på problemstillinga.

Eller heilt enkelt det mest tydelege fokus under seminaret; det store og noko føreseielege spørsmålet om miljøet ynskjer større synlighet kring tidleg musikk.

NORDEM, Nordic Early Music Federation, er ein internordisk organisasjon for tidleg musikk som representerer tidlegmusikk-festivalar, organisasjonar og arrangørar i Norden. NORDEM har denne heimesida. Modus som arrangerte seminaret finn du her.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Middelalderballade (Tegning: Gerhard Munthe)

Polyfoni fra renessansen, takk!

Modus, senter for middelaldermusikk inviterer til workshop i vokalpolyfoni fra renessansen. Instruktør blir Erik Van Nevel, anerkjent Belgisk sanger og...

Siri Johansen og Cathrine Bothner By

Middelaldersk Jomfru Maria-konsert med Modus

Jomfruen, Gudsmoren, Himmeldronningen, Rosen i Jeriko – Marias navn er mange. Gjennom hele middelalderen ble Jomfru Maria feiret gjennom musikk,...

Siri Ognøy Johansen og Cathrine Bothner By

Gregoriansk sang på agendaen i Oslo

I høst er det muligheter for fordypning på flere plan i gregoriansk musikk, på Ladegården i Oslo. Konserter med innledende...

Siri Ognøy Johansen og Cathrine Bothner By

En ukontrollert tanke…

– Kjærlighet er en naturlig følelse som springer ut av synet av, og den ukontrollerte tanken om, det annet kjønns...

Middelalderballade (Tegning: Gerhard Munthe)

Middelalderfestival i Gamlebyen 24.-27. juli

Stiftelsen Modus arrangerer middelaldermusikkfestival i Gamlebyen 24.-27. juli, og på programmet står blant annet konserter, Olsokmesse, Guillame De Machaut, masterclass...

Subject of Icons

Gregoriansk sjelereise

– Hvor mange dimensjoner er mennesket? Modus senter for middelaldermusikk presenterer forestillingen «Subject of Icons» som ser nærmere på dette...

Flere saker

Fra forsiden på «En ny kirkelyd?»

– Ikke et tendensiøst bestillingsverk

Petter Myhr leser oss ikke med den samme redeligheten som han etterlyser, skriver Ole Marius Hylland og Heidi Stavrum.

Utsnitt fra forside av rapport Økonomien i musikkdramatisk scenekunst

Musikkdramatikk står for 40 prosent av omsetningen ved norske scener

Men få kan leve av musikkdramatisk arbeid alene. Det viser ny rapport som ser på økonomien i musikkdramatisk scenekunst.

Arne Nordheim

– Nordheim har blitt fortere glemt internasjonalt enn her hjemme

Ny doktorgrad har samlet den første komplette listen over Arne Nordheims musikk.