Hopp til innhald
Virgin and Whore/Foto: www.simax.no

Per Arne Glorvigen – Virgin and Whore

PLATEMELDING: På sin nye plate tek bandoneonist Per Arne Glorvigen for seg instrumentets ferd frå 1800-talets Tyskland til Argentina på 1900-talet. – Fascinasjonen over denne reisa har give eit produkt med framifrå versjonar av kjende Piazolla-stykke. Me får dessutan sensuelle, avslepne og muntre tolkingar av Bach, skriv Ballades meldar om plata.

Av Ida Habbestad

Per Arne Glorvigen portretterer Bach og Piazolla på denne plata. Med det knytter han band mellom fortid og notid – mellom Tango-komponisten og Barokk-meistaren.

Samanstillinga er naturleg med tanke på korleis Bach sto høgt mellom inspirasjonskjeldene til Piazzolla. Men det er ikkje det eventuelle tilhøvet mellom komponistane Glorvigen først og fremst legg vekt på her. Meir er det den omfattande vandringa bandoneonen har gjort; frå det kom til i Tyskland og Band tok patent på det i 1855, til 1880-åra då sjømenn tok det med sørover, og det etterkvart vart eitt av tangoens særprega instrument.

Tittelen er dermed dobbel; «Virgin and Whore – Bach and Piazzolla» – med komponistnamna plasserte så Bach står under jomfrua, Piazzolla under hora, på forsiktig provokativt vis.

Frå uskuld til attrå

Det folkelege instrumentet likna orgelet i klangen, og kunne med fordel nyttast i kyrkjer utan orgel. Men, som Glorvigen fortel i coverteksten, er bandoneonen mellom få ulogiske tyske oppfinningar. Med sine fire ulike tastatursystem er instrumentet vanskeleg å traktera. Det, meiner Glorvigen, er årsaka til at ein etterkvart omtrent ikkje framførte Bach på bandoneon i Tyskland. I kva grad praksisen som kyrkjemusikkinstrument vart utstrakt, nemner han ikkje, men me kan slå fast bandoneonen sitt verkelege fotfeste først kom med ein heilt annan sjanger.

Utvandringa frå Europa til Argentina ved inngangen til 1900-talet var enorm, berettar instrumentalisten vidare. Med sterk overvekt av mannfolk i landet – fem for kvar kvinne – vart prostitusjon lønsam verksemd. Bandoneonens vandring innebar altså meir enn geografisk avstand, og rørde seg mellom kulturelle skilnader, mellom dyrkinga av uskuld og attrå.

Sensuell Bach

Fascinasjonen over denne reisa har give eit produkt med framifrå versjonar av kjende Piazolla-stykke. Det er den velkjende «Tangoens historie» og «4 tangoar», strålande traktert av fiolinist Sveinung Lillebjerka og bassist Arnulf Ballhorn i tillegg til Glorvigen sjølv.

Me får dessutan sensuelle, avslepne og muntre tolkingar av Bach.

Ledige stillinger

For det er Bach-komposisjonane som virkar sterkast prega av dette møtet, og størst er den uttrykksmessige samanblandinga i CD-ens andre spor. Der improviserer Glorvigen over adagioen frå ein Bach-sonate i f-moll, og får eit barokt tango-stykke som resultat.

Fiolinist Sigmund Lillebjerka bidrar som barokkens alibi. Han spelar stilreint, tru mot det opphavlege verket – men fritt – ei akkompangerande stemme. Over det legg Glorvigen melodien, elegant ornamentert med kromatikk og innsmigrande tango-inspirerte fraser. Med si forsiktige understreking av gje-og-ta-tilhøvet til musikalsk tid (som òg er å finna i barokkmusikken) vert dette ein sensuell, smygande tango for to.

Ikkje monumental

Òg i Bach-verka som framførest utan tilsvarande innblanding, kling det unektleg sydleg. Valet av stykke – alle i moll-toneartar – korresponderar godt med det litt såre piazzolske uttrykket. Og bandoneonen er i seg sjølv så sterkt forbunde med tangouttrykket at assosiasjonen vert umiddelbar.

Nærleiken til orgelet høyrer me, men bandoneonisten Glorvigen tolkar Bach lettare enn kva eg trur dei fleste organistar ville gjort. Preludiet og fuga i a-moll som innleiiar og avsluttar plata lyd dermed dansant, folkeleg og muntert .

Dét bryt ned noko av det monumentale ein ofte forbind med denne musikken. Men overraskande nok opplever eg ikke alltid at musikken svingar meir av den grunn. Kanskje er det den attendelente haldninga, som trass alt muntert, gjer at enkelte dynamiske høve ikkje heilt kjem til sin rett. Dømevis i Adagioen i f-moll (som dei improviserte over tidlegare), som kling flatt og unyansert til tider.

Ikkje dermed sagt at den er utan sjarm – i mine øyre fungerer improvisasjonen berre så mykje betre. Der tykkjest element frå begge komponistar stå meir likeverdig saman, og dialogen skapar stemningsfulle bilete som gjev prosjektet meining på snedig vis.

Per Arne Glorvigen – Virgin and Whore
Selskap: Simax

Medverkande:
Per Arne Glorvigen – bandoneon
Sveinung Lillebjerka – fiolin
Arnulf Ballhorn – kontrabass

Ledige stillinger

Relaterte saker

Per Arne Glorvigen og Tormod Dalen

Tango Baroque med Glorvigen og Dalen

Per Arne Glorvigen og Tormod Dalen har startet sin egen musikksjanger: TangoBaroque. Nå lar de Bach og Vivaldi møte Astor...

Bergen Filharmoniske Orkester – kontrabasser (foto: Eirik Reitan)

Musikerstreik rammer Festspillene og Operaen

Det blir programendringer på Festspillene i Bergen, da Musikernes Fellesorganisasjon har tatt ut sine medlemmer i Bergen filharmoniske orkester i...

Per Arne Glorvigen 2006 (Foto:Caro Paris)

Per Arne Glorvigen: Fra Berlin til Festspillene i Bergen

Når man er nordmann i England er «Solskjær, Solskjær!» det første folk sier til en nordmann på byen eller i...

Camilla Wicks, CD cover

Camilla Wicks: Ein sjeldan pedagog og utøvar

INTERVJU: Simax lanserte mandag den tredje utgjevinga i serien Norske utøveres verker 1945-2000. Camilla Wicks har hatt stor innflyting på...

Tine Thing Helseth/Foto: Observatoriet/Simax

Tine Thing Helseth: Eit klassisk engasjement

INTERVJU: Tine Thing Helseth er aktuell med sin første soloplate. Ho er framst av alt oppteken av at folk skal...

Peter Szilvay

Peter Szilvay: Forlagene tar ikke ansvar

INTERVJU: Ved sesongstart presenterer KORK si nye innspeling med tre høvevis ukjende symfoniar av Edvard Fliflet Bræin. Peter Szilvay har...

Flere saker

Utsnitt fra ENO årboka 2016 Illustrasjon: Sandra Blikås

Velvillig årbok for viderekomne

ENOs andre årbok er en befriende selvvalgt oppsummering av musikkåret 2016, som også kan irritere.

Krisemøte hos Norske Konsertarrangører 10. mars 2020 med organisasjoner fra norsk musikkbransje

Koronasituasjonen: Musikkbransjen mobiliserer

Følgene av myndighetenes pålegg og anbefalinger er katastrofale for en hel næring. Vi i de norske bransjeorganisasjonene og våre medlemmer...

Honningbarna konsert på Slottsfjell Foto: Tom Lund

Hvordan høres politisk musikk ut i dag?

Det å sitte med kassegitaren, med dreads, og synge «Fuck systemet »er det ingen som tror på lengre, sier Edvard...