Hopp til innhald
Happy Days 2007 poster

Off Happy Days: Om samtidsmusikken og ålmenta

– Gjennom denne festivalen når Ny Musikk potensielt sett et publikum som er større enn det vi har hatt de siste 15 åra, fortalte Lars Petter Hagen under si innleiing ved gårsdagens debatt. Med det som utgangspunkt, stilte Ny Musikk sitt panel spørsmål om samtidsmusikken treng dette publikummet, og om kva kompromiss ein er villige til å inngå for å møta ei større folkemengde.

Av Ida Habbestad

Etter ein lang dag med utallige samtidskonsertar i folkemylderet på Oslo City gjennomførte festivalen ein slags første refleksjon over sitt pågåande eksperiment. På det nokså nystarta galleriet Rekord i den avsideliggjande Ebbels gate, stilte Tone Hansen, Erling Dokk Holm og Lars Petter Hagen spørsmål om det er plass til samtidsmusikken i offentlegheita. Dette var utgangspunkt for også andre spørsmål – og me gjengjev her nokre av dei.

Treng samtidsmusikken eit publikum?

Spørsmålet om samtidskunsten treng eit publikum var eitt av utgangspunkta for kunstnarleg leiar i Ny Musikk, Lars Petter Hagen, si innleiing. Hagen peikte på den overveldande skilnaden mellom dei 50 000 menneske som frekventerar Oslo City dagleg, og det langt snauare antal publikummarar ein kan forventa ved ein samtidsmusikkonsert.

— Gjennom denne festivalen når Ny Musikk potensielt sett et publikum som er større enn det vi har hatt de siste 15 åra, fortalte Hagen.

Vidare refererte han til ein artikkel av Kristian Skylstad som postulerer at publikummet er ein fare for samtidskunsten – at samtidskunstnarar burde få halda på med sitt i fred.

Kva kompromissar er ein villige til å inngå for å nå eit større publikum?

Men sett at ein både treng og ynskjer eit større publikum (det må jo vera eit argument for at Ny Musikk i det heile valde å leggja festivalen til eit kjøpesenter); kva kompromiss er ein villige til å inngå? Statsvitar Erlend Dokk Holm påpeikte at sjølv om ein kanskje vinn publikum på dette prosjektet, er det klåre og kanskje uheldige premiss som ligg til grunn.

For Oslo City var det eit premiss at festivalen skulle vera fremjande (eller i alle fall ikkje til hinder) for salet; Oslo City er soleis eit offentleg rom, men det er likevel noko meir, uttrykte Holm. Det kommersielle er eitt aspekt – og likeeins det normale.

— På et kjøpesenter skiller en vekk alt som ikke er normalt – forstyrrende element blir eskortert ut av sentret, sa han.

Ledige stillinger

Dersom samtidsmusikken lukkast nå inn her, og vert ståande att som det normale – er det då eit vellukka prosjekt?

I kor stor utstrekning kan ein gjennomføra slike prosjekt før ein mister sin integretet?

— Grepene Ny Musikk har gjort her, skaper likevel en innside og en utside, meinte Tone Hansen, biletkunstnar og medlem av styret i Ny Musikk.

Ho meinte det var tydeleg å sjå i rulletrappa på veg opp til scena kven som kom til å stoppa opp for å lytta og kven som ikkje ville det – at det ikkje berre handla om klesdrakt, men òg ein slags habitus. Hansen meinte dessutan at plasseringa av festivalen ikkje gjekk på bekostning av Ny Musikk sin integretet.

— Ny Musikk klarer seg fint på Oslo City. Autonomien er der, det skjer ikke noe med den, sa ho, og påpeikte at det ville gjera langt større utslag den dagen ein tilsette ein pedagog som fekk i oppgåve å tilpassa alt til alle. Med dette prosjektet er ein under festivalen meir ein slags turistar på Oslo City, meinte Hansen.

Må ein vera klar over at det er samtidsmusikk ein opplever?

Lars Petter Hagen uttrykte at ein av Ny Musikks viktige oppgåver er å spre informasjon om samtidsmusikk, og at oppgåva byr på utfordingar med å utsetja folk for samtidskunsten, all tid denne er nærast negert i media.

Men dersom ein på Oslo City lukkast få merksemd – lukkast ein òg med å få folk til å forstå at det faktisk var samtidsmusikk dei hadde fått høyra?

Ein av betraktningane frå salen denne kvelden, var nettopp tvilen om korvidt folk visste at det var samtidsmusikk dei hadde lytta til – eller gått forbi – på Oslo City.

— Det er en vanlig opplevelse for folk flest i et urbant samfunn – at de gjennom dagen opplever en del ting de ikke forstår, sa Erlend Dokk Holm – og peikte vidare på at folk ikkje nødvendigvis har eit ynskje om å forstå alt

— Samtidskunsten må frigjøre seg for ideen å bli forstått, sa han.

Kva er samtidsmusikk?

Publikum og premisser var viktige spørsmål under gårsdagens debatt. Ein tangerte òg spørsmålet om kva samtidsmusikk er og skal vera. Sidan byrjinga av vårt århundre har kunsten skulla provosera, vera samfunnskritisk, uavhengig, undersøkjande, skulla opprøra – og framfor alt vera kompleks. Men er samtidskunsten berre dette?

— Alt vi presenterer under Happy Days er samtidsmusikk, sa Lars Petter Hagen, som innrømte at det av fleire årsaker var ei forenkling som låg til grunn for programmeringa av denne festivalen. I søknaden til kulturrådet skreiv Ny Musikk at dei til og med var villige til å gjera kompromiss på kvalitet, nettopp for å få programmet til å passa inn på Oslo City.

— Forenklingen synliggjør mangfoldet, sa Hagen før debatten vart oppsummert.

Har du videre synspunkter i denne debatten kan de sendes til ballade@mic.no.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Heal the Art World Happy Days

Kristian Skylstad: Heal the Art World

I forbindelse med Happy Days festivalen på Oslo City viser Rekord, under Off-festivalen Elfenbenstårnet, en utstilling som utfordrer Oslo Citys...

Oslo City oversikt

Tone Hansen om Happy Days: Kjøpesenterestetikk

Når Happy Days inntar kjøpesenteret som arena, forsterkes festivalens glade utsagnskarakter. Det er vel ingen steder vi er så pålagt...

Ivar Frounberg (foto: samfundet.dk)

Jubilantens selvtukt (eller 85 års ensomhet)

Samtidsmusikken – Den Nye Musikken som institusjon – er ikke mer enn drøye 85 år gammel. I begynnelsen av 20-årene...

Happy Days 2007 plakat

Ny Musikk på Oslo City – et kritisk eksperiment?

Happy Days Sound Festival 2007 kan leses som en serie konstruerte kollisjoner mellom to antatt ekstreme motpoler: Den nye musikken...

Happy Days 2007 forfolkflest

Samtidsmusikk for folk flest – velkommen til Happy Days på Oslo City!

– I løpet av én dag er 50 000 mennesker innom Oslo City, nesten 10 % av Oslos befolkning. En...

Happy Days 2007 poster

Happy Days inntar Oslo City

Ny Musikk-festivalen Happy Days går i sitt tredje år nye og offensive veier. I selveste Oslo City, som vel må...

Flere saker

Nina Qvam – direktør i Music Norway

Nina Qvam er ny direktør i Music Norway

– Norsk musikk hevder seg sterkt internasjonalt, men vi står også overfor betydelige endringer – politisk, teknologisk og markedsmessig, sier...

Mira Thiruchelvam spilte med sitt band 9 grader nord under byLarm

Stipend og priser til Bergensmusikere

Ruben Sverre Gjertsen og Mira Thiruchelvam fikk pris, mens Mari Kvien Brunvoll fikk stipend av Bergen kommune.

Stian Westerhus

Musikkvalget 2021: – Mange kunstnere lever under fattigdomsgrensen

Musiker Stian Westerhus svarer på vår valgenquete. Han vil løfte de fattigste kunstnerne.