Marthaler +-0 fra Festspillen i Bergen (Foto: Bo Kleffel)

Nyskaping og det mektige

OPPSUMMERING: Festspela har eit solid program, men bør opna for å skapa endå meire nytt.

Kalender

Lørdagsopera

06/04/2024 Kl. 16:00

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

Det mektige står som ramme for festspela i Bergen dette året. Opninga og avslutninga er komponert med raffinement, med komposisjonar som på sett og vis speglar kvarandre. Stravinskij sitt «Oedipus Rex» er det klassiske innettervende dramaet; ein opera som er tona ned mot oratoriet. Verdi sitt «Requiem», er den kyrkjelege forma, løfta mot det utettervende, operatiske. I søkinga mot noko anna, vert formata deira både kontrasterande og like, begge heilaftans oppføringar, utført av det omfattande apparatet av orkester, kor og solistar.

Les også: [link id=66880 title=»Underfundige R’arier«]

Ungt og godt
Ramma er altså gigantisk. Den omsluttar òg ein festival som er endå meir storslagen enn eg kan hugsa, med høgt tempo, ei overveldande mengd arrangement, og med gjennomført kvalitet på utøvinga.

Det siste er ikkje så overraskande. På musikkfeltet er det tett av sterke utøvarar, og festspela understrekar det viktige i å opna, ikkje berre for veletablerte, men òg for unge som bidrar i meisterklassar, i lunsjkonsertar og i konkurranse. Ikkje minst har dei unge fylt scena i storsatsinga denne helga: Det besøkande ungdomsorkesteret frå El Sistema-programmet i Venezuela, som side om side med eit 200 mann stort Norsk barnesymfoniorkester har mønstra klassiske storverk – i mange timar til endes. Til dette kan innvendast at med barn ikkje er det same som for barn. Familiekonserten var knappast for familien, men det er ei anna sak.

Tråden mellom nytt og gamalt
Festspela har òg signalisert ei viktig haldning i programmeringa si. I refleksjonen sin kring tradisjon og nyskaping, hevdar festspeldirektøren at det beste ein kan gjera for begge deler er å spela verka som sjeldan blir framført, det vil styrka tråden mellom nytt og gamalt.

Denne haldninga har i hovudsak komme til syne gjennom to konsertseriar, som òg har med seg perspektiv på kven som skapar musikk. Gjennom blikket til utøvaren Peter Herresthal har ein i Norske meisterverk funne fram til stort og smått frå norsk fortid og notid. I serien Ørets teater har komponisten Henrik Hellstenius fått boltra seg, ut frå kva som inspirerer han, tematisert etter subjektive emne. Også i sistnemnde har referansen til det gamle vore tett – med Sjostakovitsj «Kammersymfoni» og Schuberts «Vinterreise» som fine høgdepunkt. Parallelt har komponistnamn som Grisey, Sciarrino, Nono og Cage vore framme, sentrale komponistar i den nye historia, men som ein nærast aldri høyrer i Noreg.

Les intervju med Christian Ihle Hadland: [link id=66876 title=»– Dei fleste musikarar vil jo spela«]

Ja takk, begge deler
Både i desse og i dei mange møte med klassikarar vert biletet som Boye Hansen teiknar, av den klassiske musikken som marginal, nyansert. Rett nok har mange eit anna tilhøve til kanon i dag enn tidlegare. Men oppslutninga om dette arrangementet, jubelen kring programma, og storparten av utøvarane er overtydande, ikkje minst grunna måten festivalen hentar dei fram på.

Festivalen tenkjer nettopp stort, dei visar musklar, og tek grep. Likevel er eg usamd når Boye Hansen seier det må vera viktigare å presentera verk for andre gong enn første; at festspela bør vera fyrtårnet som samlar impulsar og silar ut det beste. Eg meiner han må gjera dette, men også satsa meir på nytt.

Har eit ansvar
Direktøren si sterkaste innvending mot dette er at folket ikkje følgjer opp. Den nye musikken er ønskt, men engasjerer ikkje, hevdar han, og han har mykje rett i det. Spørsmålet er om dette engasjementet er rette målestokken, og om ein dermed kan skyva ansvaret på andre med mindre lommebok.

Sjølvsagt skal festspela visa det beste. Sjølvsagt skal ein nå så mange publikummarar som mogleg. Men det er påfallande at årets høgdepunkt var eitt av dei som ikkje trekte mange. Premieren på Marthalers teaterstykke «±0», var langt frå fullsett. I møte med denne regissøren sitt abstrakte, innettervende språk var det òg ein del i publikum som kasta inn årane før verket var slutt.

Og likevel, det intrikate og stille spelet i dette stykket, rikt på refleksjonar, melankolsk humor og musikalske referansar, utgjer noko særleg verdifullt i samanhengen, som ikkje kan målast frå mengda folk i salen. Etter to dryge veker med mykje stort og flott, er det denne framsyninga eg vil hugsa, og som eg gjerne ville sett igjen.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.