Eit mekanisk harpespel, blekk på gjennomsiktig filmrull, dansarar i Berlin og Amsterdam. Det eine tek det andre i Stephan Meidells makeløse mesterverk Trigger. (Foto: Ben Speck)

Meidell og hans makeløse mesterverk

Eit mekanisk harpespel, blekk på gjennomsiktig filmrull, dansarar i Berlin og Amsterdam. Det eine tek det andre i Stephan Meidells makeløse mesterverk Trigger.

Kalender

Regimentets Datter av Gaetano Donizetti

11/08/2021 Kl. 19.30

Viken

Judith Hill

15/10/2021 Kl. 19:00

Viken

Scott Henderson trio

18/03/2022 Kl. 19:00

Oslo

Femi Kuti

07/04/2022 Kl. 20:00

Oslo

Stephan Meidell/Trigger: Cycles & Causality
Lansert 5. mars 2021, Ideophone Records

Trigger er eit audiovisuelt samarbeid mellom musikar og komponist Stephan Meidell og Blank Blank Film, med finske Petri Henriksson og colombianske Carlos Vasques. (Foto: Privat)

Erlend Apneseth Trio, Strings & Timpani og Cakewalk er namn som har ein viss klang i seg. Ein sentral del i det unike klangbiletet er Stephan Meidell sine strengar. Han er gitarist, men er mest oppteken av kva lydar han kan få ut av strengar uansett kva dei er festa til. Han lagar mekaniske musikkinstrument, og i prosjektet Trigger har Meidell teke maskina til det ytterste. Det lét som Meidell har knurva saman lyden av hans tidlegare utgjevingar, sett motor på, propell – og så flyg han.

Alt triggar kvarandre. Det tilfeldige som oppstår ut av det planlagde. Reglar som frigjer frå reglane. Musikken er ute av kontroll og heilt kontrollert.

Cycles and Causality er ikkje berre ei utgjeving på vinyl eller cd. Det består av lyd, dans, fotografi, grafikk, video, dramaturgi, tekst, poesi, mekanikk, akustikk. Alt triggar kvarandre. Det tilfeldige som oppstår ut av det planlagde. Reglar som frigjer frå reglane. Musikken er ute av kontroll og heilt kontrollert.

Ein robotisk zither?
Sjå denne videoen. Det er nesten så ein skulle tru at barneboka Serafin og hans makeløse mesterverk er neste film i rekka for Disneys «live-action remakes».

Faksimile frå plateomslaget til Cycles and Causality av Trigger (Foto: Faksimile. Plateomslaget er satt saman av Lasse Marhaug)

Vi er mange som lét oss tiltrekke av gamle urverk, finstemt mekanikk, gamalt handverk. Vi finn att det same i Trigger. Det knirkar, hakkar, skurrar seg framover. Det slår og det pendlar. Det lét ikkje elektronisk sjølv om det i høgste grad kan kallast elektronisk musikk. Nyttar ein omgrep som elektroakustisk, ber ein også galt av stad. Ein akustisk elektronika kanskje. Mekanikken gjer at det elektroniske lét akustisk og omvendt.

Cycles and Causality består av to spor på rundt 15 minutt kvar, «Flutter» og «Undulation». Det set musikken i ei ramme som to verk, eller delar av eit verk på same måte som to bilete i ein serie av ein biletkunstnar. Det gjer noko med korleis ein kan lytte til det.

«Flutter» opnar knitrande og set i gong pendelen. Ei dominoeffekt i maskineriet får lydbiletet til å vekse, men rytmikken er konsentrert og urokkeleg. Ein engasjerande puls medan lydbiletet blir stadig meir fargerikt.

«Undulation» opnar ei heilt ny verd, var vi inne på «Flutter», så er vi ute i «Undulation». I anslaget er det 80-talsstørrelse på klangbiletet og tydeleg, typisk gitarspel. Det er ei trygg styrke i maskinorkesteret som har etablert seg. Den harmoniske endringa som kjem av at den djupe undertonen endrar seg, gir ei spenning i musikken som engasjerer kjenslene til lyttaren.

Eg kjem ikkje unna ordet «stemning» i musikken til Meidell. Han har ei dragning mot ein viss tonalitet, eit harmonisk landskap, som eg fort koplar til arbeidet med folkemusikken, med fela til Erlend Apneseth. Det er melankolske understrengar som kling med i musikken til Meidell, men han strammar det liksom opp.

Innimellom assosierer eg til William Basinski sine flytande loopar. Men dette er ikkje hypnotiserande eller innovervendt ambient, det er aktiviserande og vendt utover. Det er dansemusikk. Klubbmusikk.

Kjensleregisteret vårt er påkopla – no vil kroppen etter.

Eg er ingen dansar eller dansekritikar. Men eg er glad i å danse – rettare sagt «triggar» musikken meg fysisk. Lyttar ein til Trigger som dansemusikk, er ordet forventing sentralt. Vi ventar og ventar på eit drop, men i staden får vi noko saktegåande større som tek oss med over i nye oppbyggingar. Underdelingar på tvers av kvarandre opnar opp for ulike bevegelsesmønster og ulike fokuspunkt i lyttinga. I konteksten av å fokusere på eit av elementa i lydbiletet, oppfattar vi dei andre elementa på nye måtar.

Mot slutten dansar vi til «dunk dunk» rundt deilige 100 bpm.

Dei fleste av utgjevingane til Meidell er utgjevne på Hubro. Trigger står på plateselskapet Ideophone Records som rettar seg hovudsakeleg mot klubbscena. Hubro til klubbscena. Post-korona-klubbinga blir berre betre og betre.

Grå betong og det uendelege blå
Filmane og musikken utfyller kvarandre, triggar ulike ting i kvarandre hjå oss.

Det er den colombianske filmskaparen Carlos Vasquez som står bak filmen. Her har lyd trigga blekk på gjennomsiktig 16mm film. Dansarar i Berlin (“Flutter”) og Amsterdam (“Undulation”) er også fanga på 16 mm film og lagdelt med musikk-blekkfilmen.

Dei to dansarane dansar for seg sjølv på ulike stader i det urbane landskapet. Betong og gråvêr. Innimellom spasmisk og forknytte, andre tider frie og dynamiske. Det er ein ropande dans.

Filmskapar Carlos Vasquez har laga ei dramatisk oppbygging i filmen. Side A – «Flutter» – tek oss gjennom dagen. Mot natta. Dei tre dansarane er fletta i kvarandre. Som med musikken, endrar også dansen og filmen landskap i «Undulation». Det er fengslande vakkert, nesten utanomjordisk og heilagt. Her er ingen element frå bylandskap, betong eller gråver. Dansarane er filma ovanfrå, og vi ser eit svart scenegolv som eit tomrom. Eller verdsrom.

Det er det totale uttrykket i prosjektet Trigger. Her har ein ikkje laga musikk til film eller omvendt, men denne mangesanseopplevinga er berre avhengig av alle elementa. No har ikkje eg tatt på vinylen, men det ser ut som å ta på den ville gitt endå ein dimensjon.

For kvar gjennomlytting blir eg meir og meir glad i alle dei små delane musikken består av, oppdagar nye ting. På same måte som då eg studerte Serafins makeløse mesterverk då eg var liten.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.
Digitale festivaler og konserter

Stillinger

Videoprodusent

Den Norske Opera & Ballett

Solo SLAGVERK m/pl.til pauker

Arktisk Filharmoni

Prosjektleder

Kulturkollektiv Bodø

Programmedarbeider

Safemuse – Safe Havens for Artists

Hovedinstrumentlærer trompet

Musikk på Majorstuen skole/ Musikkskolen Barratt Due

Hovedinstrumentlærer tuba

Musikk på Majorstuen skole/ Musikkskolen Barratt Due

Samspill/ interpretasjon klaver

Musikk på Majorstuen skole/ Musikkskolen Barratt Due

Leder for strykeorkester aldersgruppen 8-12

Musikk på Majorstuen skole/ Musikkskolen Barratt Due

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev