Hopp til innhald
Bergen Filharmoniske Orkester (Foto: Hans Jørgen Brun)

Kvalitativt intermezzo

KONSERTMELDING: To sparsommeleg programmerte festspeldagar baud likevel på kvalitativt gode opplevingar. Bergen Filharmoniske Orkester tolka Wagner på imponerande vis, og Julian Rachlin briljerte med sin versjon av Beethoven-sonatar. – Kjensla av deja vu var definitivt der i møte med Rachlin i Logen, samstundes som ein sjølvsagt verdset hans briljante spel, skriv Ballades melder i denne artikkelen.

Av Ida Habbestad

Byrjinga av den nye festspelveka vart roleg. Utan formiddagskonsertar,
utan store nysatsingar, med mindre oppbod av presse samt færre tilreisande
gjestar, framsto dei to første dagane som eit stille pust før stormen.

Med avlysninga av (den siste) framsyninga av «Brand» – vart faktisk
Bergen Filharmoniske Orkesters (repeterte) framføring av «Valkyrien»
(1. akt) einaste tilbod til festspelpublikummet mandag.

Ikkje fullt så sparsommeleg programmert var tirsdagen – der me på den
klassiske fronten fann to konsertar. Det var den første i Rachlins serie
av Beethoven-sonatar, og det var prosjektet «Siwan» der Bjarte Eike og
Barokksolistene opptredde i samarbeid med jazz- og folkemusikarar. Imidlertid
måtte ein velga mellom desse – sidan begge konsertar gjekk av stabelen
på likt.

Imponerande orkester

Det tyder ikkje at ikkje framsyningane heldt høg kvalitet.

Først i Grieghallen, der me fekk stifta nærare kjennskap til intriger og
underlege slektstilhøve i Wagner-operaen «Valkyrien». Dei er det mange
av. Hovudpersonen Siegmund er til dømes på same tid bror til si kone Sieglinde,
svigerfar til sin halvsøster Brünnhïlde, svoger til sonen Siegfrid – og
så bortetter, i ledd etter ledd.

Bergen-orkestret sin faste dirigent, Andrew Litton, forsøkte på humoristisk
vis å setja oss inn i desse tilhøva ved konsertstart – og dessutan i dei
mange musikalske ledemotiva. Det var eit vellukka pedagogisk grep, og ein
god variasjon til dei mange konsertar der så stor del av kommunikasjonen
går gjennom andre medie enn det verbale.

Ledige stillinger

Eit stort Bergen Filharmoniske Orkester gjorde dessutan imponerande innsats.
Dei spelte med presisjon og klårleik i samtlege stemmegrupper, og med ein
varm, fyldig orkesterklang som høver Wagner sin svulmande, langstrakte
musikk.

Med seg hadde dei dessutan tre dyktige songarar; sopranen Päivi Nisula,
tenoren Stephen Gould samt bassen Ain Anger. Best figur gjorde sistnemnde,
trass i at han hadde minst å gjera. For gjennom heilt enkelt å framføra
sine parti utanat, tydeleggjorde han korleis formidlinga kan løftast mange
hakk. I det same synte han òg det store spennet mellom konsertale og regisserte
versjonar av denne musikken. For sjølv om den står seg godt åleine, er
den konsertale versjonen samstundes ei slags sjølvmotseiing, Wagners tankar
om gesamtkunstverket tatt i betraktning.

Gjentakne opplevingar

Tirsdag kveld sto Julian Rachlin, saman med pianist Itmar Golan, for den
første av tre konsertar, der Beethovens fiolinsonatar skal framførast.

Det vart nok ei suveren framsyning frå Rachlin si side – og han hadde
glimrande følgje av Golan, som trass heftig samspel ikkje har fått plass
på salgsplakaten «Rachlin spiller Beethoven».

Dét seier noko om Rachlin sin posisjon ved festivalen, som elles nokså
sympatisk namngjer konsertane med namnet åt begge utøvarar der dei berre
er to: Truls Mørk & Katheryn Stott, Andsnes & Tetzlaff, Tellefsen
& Gimse og vidare.

Framfor alt er det gledeleg at utøvarnamnet sikrar publikum, at ein gjennom
fleire år får følgja utøvarar, som Rachlin og hans dyktige medspelarar.
Festspeldirektøren argumenterer dessutan godt når han grunngjev dei gjentekne
møte med Calixto Bieito: Festspela vil følgja opp enkeltpersonar, og gjennom
fleire møte leggja grunn for utviklinga av noko særeige.

På andre sida vert ein etterkvar nyfiken på om ikkje det finst andre fiolinistar
der ute som både Bergenspublikummet og tilreisande kunne hatt glede av
å få oppleva.

For ein stad går grensa mellom omgrep som utvikling, oppfølgjing og noko
meir negativt som tomgang og repetisjonar; det føreseiielege. Kjensla av
deja vu var definitivt der i møte med Rachlin i Logen, samstundes som ein
sjølvsagt verdset hans briljante spel.

Men så er det også der festspela befinn seg – i skjæringspunktet mellom
tradisjon og nyskaping.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ricardas Kabelis/Foto: Arunas Baltënas

Provoserande minimalisme?

KONSERTMELDING: Urframføringa av Ricardas Kabelis nye verk hadde ei fascinerande påverknad på publikum. «Gjennom forløpet breidte det seg ei tiltakande...

L’amour de loin 1 (Foto: Helge Skodvin)

FiB: Kjærleiken i mange lag

KONSERTMELDING: «Orkester og kor gjorde dyktig innsats – men frå min plass i salen virka forsterkinga av desse grupperingane ikkje...

Fredrik Schøyen Sjölin bak (Foto: John Hughes/Rikskonsertene)

God øving kan gjøre underverker!

INTERVJU: – Man skal ikke stikke under en stol at det visse dager ikke er så gøy som på andre,...

Andrew Litton dirigerer (foto: Yale.edu)

BFO og Litton fornyer avtale

Littons kontrakt som sjefdirigent og kunstnerisk leder for Bergen-Filharmonien er forlenget til og med 2010/2011.

Per Boye Hansen 2008 (Foto: Eirik Brekke)

Flere gjensyn med gamle utøvere

Festspilldirektør Per Boye Hansen antydet under sin festivaloppsummering onsdag at det også i fremtiden vil bli gjensyn med utøvere som...

Bergen Filharmoniske Orkester – fioliner (foto: Eirik Reitan)

Ny gjestedirigent i BFO

Den spanske dirigenten Juanjo Mena blir første gjestedirigent i Bergen Filharmoniske Orkester. Utnevnelsen gjelder for tre sesonger.

Flere saker

Sklitakling på Bastard Bar i Tromsø

Rabona fra Sklitakling

Bandet Sklitakling fant hverandre i nattens mulm og mørke på søken etter trøbbel. Mer enn ti år etter er usammenhengende...

Skjermbilde Ballade assosierer, Ballade klassisk og Ballade elektronisk

Spesialspaltene utsatt på Ballade.no

Redaksjonen er rammet av sjukdom.

Nordic Voices

Syng i ensemble!

Vi opplever at utdanningsinstitusjonene ikke henger med i tiden. Det å synge i et ensemble med en sanger på hver...