Hopp til innhald

ICMF Stavanger: Festival for fiffen?

FESTIVALRAPPORT: Ida Habbestad summerer opp sine erfaringer fra kammermusikkfestivalen ICMF i Stavanger. – Den er vel stiv og pynteleg. Innanfor sine rammer kunne den kanskje framstå meir interessant – både for mediene og for eit større publikum – om den i større grad freista utfordra sin eigen borgarlege grunnhaldning, skriver Habbestad i denne rapporten. Hun mener festivalen er på sitt beste «når den presenterer utøvarar som ikkje er pene og pyntelege men strebande og tek sjanser.»

Av Ida Habbestad

Etter fire dagar i Stavanger sit eg att med inntrykk av at ICMF Stavanger er ein festival med mange positive forteikn.

Først og fremst tykkjest den unge administrasjonen fungera godt. Saman med sitt oppsiktsvekkjande store og synlege apparat av frivillige i alle aldrar, har dei hausta lovord frå både utøvarar og andre som har vore i kontakt med festivalapparatet.

Vidare er ein heldige med konsertarenaene. Stavanger Domkirke er korkje for stor eller for lita til konsertar av dette formatet, Gaffel & Karaffel er ei bra sidescene med plass til heilt andre uttrykk, og i tillegg finst variasjonshøve i konsertsalane i Bjergsted, i utfluktar til Utstein kloster, osb.

Til og med programprofilen – som på sett og vis ikkje er ein profil men mange enkeltståande tematikkar – fungerer; festivalen er oversiktleg nok til at eit samlande fokus ikkje nødvendigvis er påkrevd.

Sponsorpublikummet

Likeeins er det skrivne ettermælet positivt. Dei få kritikarane som har vore til stades har gjeve utøvarane mykje skryt, og paradoksalt nok er det korkje utøvarane eller administrasjonen, men publikum som får gjennomgå i den eine gjennomført negative attendemeldinga eg har funne.

I ein kommentar i Stavanger Aftenblad laurdag formidlar journalist Silje Herget korleis dei med viktige namn og sponsorbillettar i lomma gjer konsertane til ein arena der ”se og bli sett” er viktigare enn den auditive opplevinga. Stavanger Kammermusikkfestival er ein festival for fiffen, med andre ord.

”Kammermusikk blir av mange oppfattet som snobbete og pretensiøs. En ekskluderende sjanger for dem med avansert gehør og kulturell kapital. Likevel tror jeg ikke det er musikken i seg selv som er det mest avskrekkende for folk flest. Det er de høye hakene, de prangende veskene, de velfriserte fruene og dresskledde herrene som opphøyer det til noe mer avansert enn det egentlig er. Fordi de vil at det skal være slik”, skriv Hegret.

Eg kjenner att denne frustrasjonen; kjensla av å gå på konsert og ikkje føla seg bekvem mellom høge hælar og parfymeduft, kjensla av at ein ikkje har den rette status til å kunne vera der. Samstundes er eg er grunnleggjande usamd i det som soleis tykkjest vera artikkelens konsekvens; at sponsorane ikkje bør få plass på arenaer dei sjølve har mogleggjort.

Ledige stillinger

Ideelt sett rom for alle

Å kritisera sponsorpublikummet for å møta opp på konsertane dei har sponsa tykkjest ikkje som ei særleg konstruktiv tilnærming. Om festivalen ikkje hadde sponsorar, ville det vera katastrofalt for gjennomføringa. Dessutan er sponsorpublikummet eit like viktig publikumssegment som dei grupperingane som pr idag ikkje måtte kjenna seg heime på festivalen. Ideelt sett er det rom for alle – men nettopp derfor kan ikkje inkludering av ei gruppe skje gjennom ekskludering av ein annan.

Likevel sporar eg i artikkelen noko av det som er mitt ankepunkt etter endt festival; at den er vel stiv og pynteleg. Innanfor sine rammer kunne den kanskje framstå meir interessant – både for mediene og for eit større publikum – om den i større grad freista utfordra sin eigen borgarlege grunnhaldning.

Festivalen er på sitt beste når den presenterer utøvarar som ikkje er pene og pyntelege men strebande og tek sjanser, slik Auryn-kvartetten framførte Brahms onsdag kveld, eller slik Michael Ross tolka Beethoven fredag formiddag.

Festivalen er òg på sitt beste når den tek i bruk sidescena, og let ei vokalgruppe som Pitsj eller ein duo som Ellen Ugelvik og Eir Inderhaug sleppa til. Desse konsertane er totalt ulike i form og innhald, men tener begge det same formålet; å nå nye grupperingar, og å gjera festivalen meir innhaldsrik.

Levande kammermusikk

Det unge apparatet rundt festivalen tyder på at dagens situasjon ikkje er særleg problematisk, at den slik den er engasjerer eit ungt publikum. Det lokale forankringa tykkjest vera sterk og publikumsoppslutjinga er god, også den med eit nemneverdig innslag av unge.

Spørsmålet må vera kva publikum festivalen sjølv har ambisjonar og ynskje om å nå. Uansett er kammermusikken definitivt levande i Stavanger.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Eir Inderhaug/Foto: T. Schønfelder/www.rikskonsertene.no

Vokalt fokus i 2007

KONSERTMELDING: Stavanger 2008 har i 2007 satt stemma i fokus. Dette sette preg på kammermusikkfestivalen si avsluttande helg, og St...

Midori 2007 1/Foto: www.icmf.no

Verdsstjerner og lokale høgdepunkt

KONSERTMELDING: I denne andre meldinga frå Stavanger skriv Ballades utsende om torsdagens opplevingar som omfatta utøvarar som Trio Parnassus, SSO...

Auryn Strykekvartett, Foto: www.icmf.no

Mellom uro og stille

KONSERTMELDING: – Kammermusikkfestivalen i Stavanger er godt i gang. Gårsdagens konsert i Stavanger Domkirke baud på eit variert pogram med...

Tom Ottar Andreassen

Tom Ottar Andreassen: – Om ingenting kan gå galt, er det ikke mye å øve for

INTERVJU: – Det du lærte de første årene er det du ofte kommer tilbake til, det er på en måte...

Håvard Gimse piano (Foto: John Andresen)

Håvard Gimse: Ein egen klang

INTERVJU: Håvard Gimse er ein av dei deltakarande utøvarane under ICMF Stavanger. I dette intervjuet fortel pianisten om sin bakgrunn...

Grieg trio06

Allsidig fokus på kammermusikkfestivalen

INTERVJU: ICMF Stavanger startar 6. august, og ei rekkje norske og internasjonale utøvarar vil ta del under festivalen. Mellom anna...

Flere saker

Bergen For Verden

Bergen For Verden samlet titusener av kroner med ny gammel julesang

Et brukket håndledd og et dikt fra 1907 samlet over 100 musikere til «Jolekveld» i desember 2024. På to uker...

Elisabeth Holmertz

Kunststipendiat Elisabeth Holmertz er klar for landets hundrede disputas

Stipendiatprogrammet i kunstnerisk utviklingsarbeid feirer sin hundrede disputas på landsbasis. Den er det sanger Elisabeth Holmertz på Musikkhøgskolen som står...

Skjermbilde 2017 06 19 kl. 17.28.11

Frelsesarmeen utlyser komponistkonkurranse

Kompisisjonene skal brukes som fanfare, og til åpnings- og avslutningsseremonien til VM i gatefotball som går av stabelen i slutten...