© Eline Hjelle

I kjernen av Dovregubbens hall

Tilhøvet mellom kunst og pedagogikk har vore gjenstand for debatt, og kunstnarar og pedagogar har fått eit meir nyansert syn på kvarandre. I vurderinga av ei framsyning som dette, vil ein likevel måtte bestemme seg for kva for briller ein skal bruke, skriv Tori Skrede.

Kalender

Orgelkonsert på Påskeaften: Kåre Nordstoga

30/03/2024 Kl. Kl,12.oo

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

Gjennom dei siste 14 åra har primus motor Eline Hjelle arrangert i alt 144 barnekonsertar i Lille Sal i Oslo Konserthus. Konsertane i Barnas Konserthusserie finn stad tre/fire laurdagar i semesteret, og den klassiske musikken har heile tida stått i fokus.

Laurdag 8. februar var det klårt for ”Dovregubbens hall”. Som regel gjev eitt verk namn til kvart arrangement, men i realiteten vert det teikna eit mykje større bilete av den aktuelle komponisten. Og sjølve konsertframsyninga, for det er alltid både musikk og andre uttrykk med, er ramma inn på same måten kvar gong. Eline Hjelle introduserer programmet og musikarane. Ved hjelp av eit oppteikna vêrkart melder ho vêret saman med publikum, det vil seie at ein øver på å tromme, suse og trampe regn, snø, stormvêr og skyer. Desse lydane skal publikum bidra med under vegs. Etter sjølve framsyninga er det konkurranse der to ungar frå salen svarar på spørsmål knytt til det dei har høyrt og sett, og til slutt syng alle ein takk for no-song.

Spelejenter mister hjartet
Denne laurdagen var det to lyse, bunadskledde unge damer som starta sjølve konserten. Dei er utpeika til å bli Norges beste spelejenter, kunne dei fortelje, og den eine har fått eit gullhjarte ho alltid skal bera. Men så skjer altså det fatale – ho oppdagar at ho har mist det. Og mister ein gullhjartet forsvinn ein ut av verda, står det i eit brev dei får frå sjølvaste Dovregubben. Dei får beskjed om å gå Dovregubbens hall for å få gullhjartet att. Historia er kanskje litt platt, men ho held fordi det uansett er musikken som dannar grunnlaget for alt som skjer.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ballade på Twitter

Ingunn Tennøe og Kathrine Hvinden Hals er musikkstudentar med piano og fiolin som instrument, og gjennom heile konsertframsyninga vekslar dei mellom å spela og å formidle historia gjennom ord og rørsler. Innimellom syng dei litt og. Og vekslinga mellom dei ulike rollene er med på å binde historia tett saman med musikken, og musikkutvalet er breitt og representativt. Gjennom den timen framsyninga varer høyrer vi starten på Norsk dans nr. 2 mange gonger, Morgenstemning, delar av første sats på Klaverkonsert i a-moll, Trolltog, Gjendines bådnlåt og fleire andre melodiar frå Norske folkeviser og folkedanser op. 17 og op. 66, Bryllupsdag på Troldhaugen, sjølvsagt I Dovregubbens hall og mykje meir. Ikkje så mykje frå kvart stykke, men bitane er valde ut med stor omhu og all musikken spelar ei rolle i historia. Starten på Norsk dans nr. 2 kjem kvar gong jentene skal gå vidare. Gjennomføringsdelen frå a-moll-konserten bygger opp under skummelt vêr og annan dramatikk, medan Gjendines bådnlåt sjølvsagt kjem når spelejentene møter ei mor med ein baby på ferda mot Dovregubbens hall.

Nasjonalromantisk Gesamtkunstwerk
Alt dette fungerer veldig fint. Og til overmål er det ein teiknar med på laget. I sivil heiter han Per Ragnar Møkleby, men på scenen presenterar han seg som Teodor; eg går ut ifrå at Kittelsen er det fiktive etternamnet. Han tek i bruk eit langt ark limt opp på bakveggen der han teiknar historia medan ho spelar seg ut. Raskt kjem det fram både ein støl med geiter og kyr og ein soloppgang, og eit stort fjell er tidlig på plass heilt ved enden av arket der historia skal slutte. Det dukkar opp ei dame med baby, småtroll og eit svært dovregubbeandlet. Og når musikk og sceneframføring er ferdig, er heile historia festa til arket.

Først var eg skeptisk til denne illustreringa og mumla for meg sjølv om indre bilete og eigen fantasi. Men når all musikken faktisk er knytt direkte til noko utanom seg sjølv, anten som scenemusikk eller som karakterstykke med klåre referansar til folkemusikken som igjen er bruksmusikk, fann eg ut at det var greitt. Og borna i salen sette tydeleg pris på figurane som vaks fram og gjetta på kva dei ulike strekane skulle bli.


Teiknar Per Ragnar Møkleby, Foto: Eline Hjelle

Gjendines ai ai boff
Og i tillegg til kjend Grieg-musikk dukka det opp eit par andre kjende melodiar: Dei to spelejentene song med lengsel etter gullhjartet på melodien til Blåmann, blåmann, og etter at Gjendines bådnlåt var sungen glei melodien rett over i omkvedet frå Trollmors vuggesang. Den direkte overgangen mellom voggesongane var genial. Med ein gong Gjendine-omkvedet glei over i ”ho ai ai ai ai boff” kunne ein sjå korleis lyset gjekk opp for ungane og dei skjøna kva type song bådnlåten er. Og overgangen var særs smidig musikalsk og.

Pedagogikk eller kunst?
Etter at Den kulturelle skulesekken vart etablert har tilhøvet mellom kunst og pedagogikk vore gjenstand for mykje debatt. Og det verkar som både kunstnarar og pedagogar har fått eit meir reflektert og nyansert på kvarandre og dei ulike fagfelta. Men likevel vil ein av og til måtte bestemme seg for kva for briller ein skal bruke når ein skal vurdere ei framsyning som dette. Ein må faktisk skifte perspektiv under vegs og. Sjølve konsertframsyninga, som jo er det viktigaste her, kan en lett vurdere som kunst åleine. Musikkutvalet er vel gjennomtenkt og bêr historia i seg sjølv. Den verbale historia er litt tynnare, men grei nok med sitt klassiske eventyrpreg. Alle utøvarane er framifrå, og heile framsyninga kviler på eit solid fagleg fundament som skapar kunst- og musikkopplevingar på fleire plan.

Det eg likar minst er det pedagogiske rammeverket rundt konsertframsyninga. Til dømes avslutningssongen bryt heilt med det estetiske uttrykket elles, og vi vert brått rykka ut av den eventyraktige, nasjonalromantiske verda vi var i og røska tilbake til eit pedagogisk rom i 2014. At publikum er med og lagar lydar og at Gjendines bådnlåt vert gjort lettare tilgjengleg gjennom ein song ungane kjenner betre er berre fint, for det bryt ikkje med heilskapen i det estetiske uttrykket, men eg skulle ynskje med at overgangen til avslutninga i alle fall var meir smidig.


Ingunn Tennøe og Kathrine Hvinden Hals vekslar mellom å spele og å formilde historia. Foto: Eline Hjelle

Men sjølvsagt har dei faste innslaga som avslutningssong, konkurranse og pingvinen Piu ein annan verdi enn det estetiske. Dei samlar ungane og skapar eit sett kodar dei kan kjenne att frå gong til gong. Og dét er og en del av konseptet; ved sida av konsertopplevinga er dette og ein type musikklubb for dei små. Så kan ein spørje seg om det er bra eller ikkje, men slik er det tenkt, og det fungerer. At eit konsept kan halde seg gjennom 14 år er eit kvalitetskriterium i seg sjølv. Det vitner og om kvalitet at desse konsertane fenger folk i fleire ulike aldrar på ulike måtar.

Moro for liten og stor
Saman med dotter mi har eg besøkt Barnas Konserthusserie med jamne mellomrom dei siste fem åra, og kva ho får ut av konsertane har naturleg nok endra seg med alderen. Denne gongen var det ein av dei yngste som sat og ropa ”Dovregubbens hall” fleire gonger. Han fekk neppe med seg alt som skjedde, men hadde definitivt utbyte av konserten på sin måte. For nokre år sidan fekk dotter mi og berre med seg utvalde bitar, men no når ho er ni år, spelar fiolin sjølv og har eit forhold til klassisk musikk kunne vi drøfte dei ulike Grieg-stykka på vegen ut. Eg som vaksen kosa meg med både heilskapen i historia formidla gjennom dei flinke utøvarane og artige, små poeng som gjer at ein faktisk kan oppdage nye detaljar i musikken sjølv om ein kjenner han godt.

Alle ære til Eline Hjelle og Gunnar Petersen-Øverleir som har stått for opplegg og regi i alle desse åra, og som no har supplert med nettsida www.piumosso.no Eg gler meg allereie til å ta minstemann med på konsert om eit år eller to. Barnas Konserthusserie er eit flott og viktig tilbod i ei tid der den klassiske musikken får stadig mindre plass i det offentlege rommet og i mange liv.

Barnas Konserthusserie, Oslo konserthus 8. februar. Med: Ingunn Tennøe (klaver), Kathrine Hvinden Hals (fiolin), Per Ragnar Møkleby (tegner), Eline Hjelle ( kunstnerisk ansvarlig) og Pingvinen Piu, maskot

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.