Hopp til innhald

Borealisfestivalen ankar Kulturrådets avgjerd

Borealisfestivalen i Bergen ankar no avgjerda om å kutte festivalløyvinga for Borealis med meir enn 50 %, frå 850 000 til 400 000,- og har sendt anke til Kulturrådet innan klagefristen. – Me har fått granska saka nøye – og me meinerat vedtaket er i strid med Kulturrådets eigen strategi for Borealis som Kulturrådet tok iniativet til i 2002, seiar kunstnarisk leiar Nicholas H. Møllerhaug i ein kommentar.

Av Arvid Skancke-Knutsen

Styret og kunstnarisk leiar i Borealis stiller seg uforståande til kutten i løyving. Denne kom utan forvarsel – mindre enn tre månadar før festivalstart. Årets festival finn stad 9. til 16. mars, og byr mellom anna på møter med Klangforum Wien – eit av verdas beste samtidsensemble.

Festivalen har i år eit sæskild fokus på austerrikaren Friedrich Haas, som for tida skriv opera om Tysværmålaren Lars Hertervig, basert på ein heilt ny libretto av Jon Fosse. Dette er den første librettoen Fosse har skrive nokon sinne. Operaen er bestilt av eit av Europa sine fremste operahus- Opera de Paris.

I tillegg kjem Kairoskvartetten frå Berlin, som har fått prisar for sine Haas-utgjevingar. Av norske utøvare under Boralisfestivalen 2006 finn me mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester, Forsvarets divisjonsmusikk Vestlandet, BIT20 Ensemblet og fiolinisten Lars Erik ter Jung.

— Kutten frå Kulturrådet kjem på eit tidspunkt då samtlege artistane på programmet allereie er klåre. Programmet skulle blitt lansert 9. januar. Naturlegvis rammar ein slik dramatisk kutt planane våre, skriv Møllerhaug og Borealis-styret i si klage til Kulturrådet.

— Me har oppfyld alle vilkår Kulturrådet har stild, og kan vise til ein svært vellukka festival i 2005 trass berre 3 månadars førebuingstid. Me stiller oss difor undrande til kva kulturrådet vil oppnå med å kutte stønaden – mindre enn tre månadar før
festivalstart.

I følge klaga vil ”konsekvensane bli omfattande og langvarige- og vil særleg gå utover dei lokale ognasjonale festivalaktørane”.

— Det syns me er synd. Dei utanlandske aktørane har me for lengst gjort avtalar for å sikre at dei kjem, fortel Møllerhaug, og konkluderar:

— Ved å kutte løvyinga vår bryt Kulturrådet med sin eigen strategi for ein samtidsmusikkfestival i Bergen.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Friedrich Haas

Klangforum Wien til Bergen

– Klangforum Wien – eit av verdas beste samtidsensemble – kjem til Bergen 11 mars 2006. Dette blir ein av...

Reynols, Argentina

Borealis 06: Sofistikert austarrikar og vindskeive argentinarar

– Fokuset under Borealis 2006 vil garantert bli splitta i to. Publikum blir nøydd til å navigere mellom ekstreme motpolar...

Terry Riley, Borealis

Rapporter om god oppslutning for Borealis

Samtidsmusikkfestivalen Borealis, som i år har gjestmilde overtoner av indiske ragaer, amerikanske 70-tallsraddiser og minimalisme som tema både i bilde,...

Tanja Orning (foto: Øyvind Holen)

Tanja Orning med plateslipp på BLÅ ikveld

Cellisten Tanja Orning holder plateslippkonsert for sin første soloutgivelse CELLOTRONICS på Blå i kveld. Orning er kjent fra ensembler som...

Harmonien spiller Riley

Borealis: Navigasjonshistoria utanfor kartet

– Det å sjå for seg ein stad, liknar litt på det å høyre ein lyd eller to inni seg....

Terry Riley, Borealis

Borealis: Her er programmet

Her finner du programmet for Borealis 2005 som lanseres idag. Det inneholder konserter med festivalkomponist og minimalistraddis Terry Riley, i...

Flere saker

Marlena Rygiel som Bathsheba

Ståle Kleibergs «David and Bathsheba»: Nye stemmer, gjenoppdagede operaer

Komponist Ståle Kleibergs opera «David and Bathsheba» i nytt polsk-norsk samarbeid og utdrag av Jim Samsons tekst om verket.

Afrikansk-amerikansk kvinne i rød kjole synger opera ved et flygel. Mann i sort dress spiller på flygelet

Dronning Sonja Sangkonkurranse 2023: Finalistene er klare

Seks sangere er klare for den store finalen i Den Norske Opera & Ballet lørdag 26. august.

Illustrasjonsfoto DJ

God natt, min skatt

Er DJ-sett fritatt moms? Både myndigheter og nattklubber er i tvil. Det truer klubbmusikkens mulighet til å blomstre i Norge.