Hopp til innhald
Anne Sofie von Otter

– Noreg eit draumeland å besøke og synge i, seier Anne Sofie von Otter. I september kjem ho til Festspela i Geiranger, som den eine av berre to stader i Noreg på turnéruta hennar. (Foto: Pressefoto)

Anne Sofie von Otter til Festspela i Geiranger: – Nesten ikkje til å tru

Den verdskjende operasongerinna Anne Sofie von Otter gjer berre to konsertar i Noreg i år. Og den eine vert under Festspela i Geiranger i september.

– At Anne Sofie von Otter, kanskje den fremste mezzosopranen i sin generasjon, kjem til Festspela i Geiranger, er nesten ikkje til å tru. Dette er noko vi har arbeidd med over lang tid, og vi er veldig glade for at vi endeleg får ho til Geiranger, seier Gunnar Inge Eide, styreleiar i Festspela.

Svenske Anne Sofie von Otter har vunne tre Grammys, gjort over 150 CD-innspelingar og samarbeidd med dei fremste symfoniorkestra verda over i tillegg til ei lang rekke kjende musikarar; frå Carlos Kleiber og Elvis Costello til Benny Andersson og Björn Ulvaeus frå ABBA.

– Anne Sofie von Otter er svært ettertrakta og har ein omfattande konsertkalender som i år mellom anna tek ho til Wien, Paris, London, Warszawa og Geneve. Og no er også Geiranger på turnélista, seier Eide. 

Den andre spelestaden i Noreg på von Otters turnérute er enno ikkje offentleg. Men den verdskjende sangeren kallar Noreg eit draumeland å besøke og synge i, og helsar varmt til naboen: – Naturens skjønnheit hos vår kjære nabo er makalaus, og eg og mine medmusikarar gledar oss veldig til å komme til Geiranger, seier von Otter.

Von Otter kjem til Geiranger med Leif Kaner-Lidström på piano og Fabian Fredriksson på akustisk og elektrisk gitar. – Programmet vil spegle den allsidige karrieren til von Otter, forklarar Eide. – Saman vil dei presentere eit repertoar av hennar personlege favorittstykker, og vil vise kor allsidig songar ho er.

Festspela i Geiranger går av stabelen 14.-17. september og brukar verdsarvområdet som ramme for kunst- og kulturopplevingar. – Under festivalhelga vert det konsertar både innandørs, ute på fjorden og på fjellet 1500 meter over havet, der publikum kjem tett på både artistane og naturen, avsluttar Eide.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Anne Sofie von Otter

Tekst og kontekst

Med arier av Bach og Händel på progrmmet baud Anne Sofie von Otter på konsert samen med Concerto Copenhagen torsdag....

Flere saker

Aslak Gurholt i Yokoland

Coveret sier ingenting om musikken

Det slår designer Aslak Gurholt fast. Med strikte regler, og en tanke om «label før artist», har han designet Hubros...

Uhørt står bak Oslo vokalfestival

Ny vokalfestival i Oslo

Oslo Vokalfestival samler amatørensembler, og har som mål å spre vokalgruppesjangeren til et større publikum.

Larkin Poe: Søstrene imponerte publikum på helgas Notodden Bluesfestival

Nye grep redder bluesfestivalen

Årets nysatsing på Notodden trakk gjennomsnittsalderen ned. Festivallederen hørte på folket og sikret festivalens fremtid.