Hopp til innhald
Djupet er ein subtil fusjon av bunad og rave, skriv Ballades anmeldar

(Foto: Knut Utler)

Neonspel

KONSERTMELDING: Eg trur ikkje ei sjel hadde stussa om ein tidsreisande hadde snike inn ei Simmons trommemaskin med spelmannen på ein bygdefest på slutten av 1800-talet. «Djupet» synte kor naturleg elektronisk dansemusikk og tradisjonell folkemusikk heng saman.

Djupet stod både på programmet for Ultimafestivalen og Riksscenens høstprogram, og er ei førestilling med tre dansarar og to musikarar. Erlend Viken og Jo Berger Myhre har samarbeida i særs ulike samanhengar. Begge alltid like uredde utforskande både i jazz og folkemusikk eller kva som helst anna. Som om dei alltid spør seg sjølv: kvifor ikkje gjere det slik i staden for?

Jo Berger Myhre og Erlend Viken er alltid like uredde utforskande både i jazz og folkemusikk eller kva som helst anna (Foto: Knut Utler)

Vi kom inn i lokalet ovanfrå, og gjekk ned ei trapp til eit mørkt rom med stolar plassert rundt i rommet. Lyden av ein susande vind omringa oss. Lyden treff øyret vårt i det Berger Myhre og Viken tek i instrumentet – det er kraftig forsterka, eller gaina, og knusktørt. Her høyrer vi kvart enkelt bogehår på strengane. Den mørke, sjøsjuke melodien frå oktavfela veltar innover oss. Dei viftar rytmisk med bogen mot strengane og finn ein felles puls å bevege seg rundt i tungsinna harmonikk. Vi høyrer bumerke frå tradisjonsmusikk. Ikkje berre norsk, men nokre av Viken sine ornamenteringar kan like gjerne vere amerikanske.
Det er ein subtil fusjon av bunad og rave.

Så dansar Ådne Kolbjørnhus seg inn på oss, gjennom publikum og endar opp bak musikarane. Han dansar rundt i piruett, liksom i grotteopninga, framstilt av ein kald og kvit lyskastar i taket. Kyrre Heldal Karlsen på lys har allereie sett sitt merke på førestillinga. Katja Schia og Ida Wigdel veltar inn i ein berusa dans. Musikk, lys og dans grip alle sansane våre totalt no, i denne svarte boksen, nede i djupet.

Førestillinga utforskar koplinga mellom syklusar og repetisjonar i elektronisk dansemusikk og tradisjonell folkemusikk på fleire måtar. Musikken syner denne koplinga tydeleg aleine, men noko av det mest interessante er korleis dansen og musikken løftar fram aspekt ved kvarandre vi ikkje elles hadde lagt merke til. Dei tre dansarane nyttar konkrete fragment frå tradisjonar og dansestilar på same måte som musikarane gjer det. Når vi ser korleis dansarane reagerer på musikken, styrer det lyttinga vår mot noko anna enn med lukka auge. Eit knekk i den eine skuldra belyser eit knekk i tonen til Erlend. Ei særskild gjevande øving blir dette i det trommemaskina slår ut i full beat og trampar til slåttespelet. Eg gliser breitt og vuggar nesten av stolen i full begeistring. Det er eit enormt engasjerande driv!

Av og til får ein ei sterk oppleving av at ein konsert prøvar å fortelje noko. Djupet vil fortelje oss noko – trur eg. Men som så ofte er det meir viktig at kunsten inviterer til refleksjonar i alle mulige retningar. Det er mange cues til refleksjon her – kostymene reflekterer det musikken og dansen har gjort, og låner element frå bunad inn i syntetiske materialer. Ådne har ei lue frå damebunad og ei veske stroppa fast til låret. Katja har ein herrevest. Og alle tre har ei syntetisk turbukse med avtagbare bein. Det er ein subtil fusjon av bunad og rave.

Djupet er så levande og engasjert framført. Det er seriøst, men uprentensiøst, meiner Ballades anmeldar (Foto: Knut Utler)

Gjennom førestillinga blir det stadig meir og meir mystisk og absurd, der både musikarar og dansarar framstår som draumeskikkelsar. Det heile endar med at dei tre dansarane klatrar opp på eit fjell midt i rommet med regnponcho, termos og lefse. Og lysrør. To vifter bles ein kraftig storm mot dei og dei sluker lefsene lukkeleg. Ja, eg lo. Men kva var det? For meg var det ein leik med estetikken i det norske friluftslivet der vi oppsøkjer naturnære, ekte, organiske opplevingar, vi vil kjenne på elementa, fullt rigga med høgteknologiske klede og utstyr. Vi har med oss lysrør.

Uavhengig av forteljinga, om ein skal kalle det det, sit eg på kanten av stolen under heile Djupet – det er så levande og engasjert framført. Det er seriøst, men uprentensiøst. Ein humoristisk leik med klisjear side om side med uttrykk for smerte. Det er fritt og «tilfeldig». Eg skriv det i hermeteikn, for denne førestillinga framstår som alt anna enn tilfeldig. Trommeslagar og komponist Thomas Strønen som har vore produsent, skal nok ha litt av æra. Ein dyktig produsent er avgjerande for å samle alle desse uttrykka til noko som gir meining. Men mest av alt handlar det om utøvarar som er kompromisslause – nok ein gong er det suksessoppskrifta.

Rettelse: Djupet var ikke del av Riksscenens 10-årsjubileumsprogram, derfor har vi endret i innledningen til «Riksscenens høstprogram», red.mrk.

Ledige stillinger

Relaterte saker

– Jeg drømmer om at det gamle bryggeriet på Schous skal bli et kulturelt bysentrum for hele landets mangfoldige kulturarv, sier Ane Roggen

Et kulturelt bysentrum for hele landets kulturarv

Denne helgen har Rikssenen feiret 10-årsjubileum med bestillingverk, fotoutstillinger og lydinstallasjoner. – Jeg har aldri jobbet et sted som har...

Arve Moen Bergset i samproduksjonen mellom Oslo Kammermusikkfestival og Riksscenen, Arvesylv

Arvesylv: Ikonisk røyst i ny klang

KONSERTMELDING: Oslo Kammermusikkfestival og Riksscenen hadde eit sensasjonelt namn på programmet i haust – Arve Moen Bergset, kvedar. Det vart...

Det Norske Kammerorkester med solistane Hans Christian Bræin og Øystein Birkeland under festkonserten til Synne Skouen på Ultima

«Dette må du høre!»

KONSERTMELDING: Festkonsert til ære for Synne Skouen 70 år.

Flere saker

Still fra Shaun Bartlett

Ballade video: Pilegrimsferd

Ti ferske videoer med Anna Lille, Shaun Bartlett, Julius Lind, Jacob Collier & Aurora, Skyggebror, Synnings, Rule Of Two, Brækkækkel,...

Bendik på Øyafestivalen Foto : Ihne Pedersen / Øya

Bendik: Politisk dyr i personlig drakt

Kan en kort samtale om en obskur Radiohead-låt i utkanten av årets Øyafestival, og et kjærlighetsliv som har funnet seg...

Mari Samuelsen

Ingen døde hvite menn

I denne utgaven av Ballade klassisk er det ingen døde hvite menn. Men den flommer over av kreativt talent fra...