Hopp til innhald
Oumou Sangaré (foto: Christine Jaspars)

Glede – samt løynde bodskap

MELDING: Tittelen på Oumou Sangaré si nyaste plate «Seya» tyder glede – og det var dei mest gledesfylde songane som fungerte best på den fengjande konserten ho leverte i Bergen i går kveld.

Av Ida Habbestad

Sist Oumou Sangaré vitja landet, var under Nobel-konserten i Oslo i 1998.

I går vitja songaren frå Mali Bergen – for første gong. Med på laget hadde ho eit omfangsrikt band, i stort på afrikanske instrument som calebash, kamele n’goni, djembe, marimba og meir. Krydra med innslag av fløyte og bass og anna, vart der til saman skapt eit overveldande både klangleg og visuelt bilete.

For underteikna var det i første omgang nettopp det visuelle sterke som verkeleg fengde: Synet av den pulserande utføringa, som i ei einaste bylgje over scena, var overveldande. Og vidare den evna desse utøvarane hadde til å la ein rytmikk som er så til fingerspissene tett, ofte i tempo som var drivande høge, få kvila i ein naturleg, laidback og sjølvsagt tilnærming.

Ikkje minst fascinerte dei to utrøyttelege – og heilt ulike – dansarane, som saman med dei øvrige medverkande la til rettes for ei nesten suggesiv framføring med mykje nerve.

Oui!

Musikken til Sangaré vert av arrangørane plassert inn i «den blues-like Wassouloutradisjonen, basert på eldgamle jaktritualer miksa med songar om tru og hylling spelt med ei tydeleg påverknad frå arabisk musikk».

Ivaretakinga – og vidareutviklinga – av dette særeigne gjer inntrykk. Samstundes virkar notida vera det Sangaré er aller mest oppteken av, kjend som ho er for engasjementet i spørsmål om urett mot kvinner, kampen mot fleirkoneri og tvangsekteskap.

Skal noko kritiserast, må det difor vera den språklege avstanden som oppsto då songaren introduserte dei songane ho ville me skulle vita noko om på fransk. Truleg sidan ein litt for optimistisk sal svarte eit rungande ’oui’ på spørsmålet om dei beherskar språket. Og sjølv om ho nok etterkvart såg bregrensinga, og fortalte så pedagogisk som mogleg, gjekk mange nyansar tapt.

Dermed vart dei meir nedtona songane, og som truleg er mellom dei viktigste ho leverer tematisk sett, reint musikalske opplevingar. Ikkje nødvendigvis noko gale i det. Songane vart framførte med same nerve som dei øvrige – om mogleg endå meir hypnotisk. Dessutan var dei mellom dei vokalt mest overtydande sidan Sangaré gjennom dei verkeleg fekk vist fram kva register som finst i stemma hennar.

Ledige stillinger

Likevel var det tydeleg at publikum responderte betre då tempoet var høgt – og uttrykket tilsynelatande like sorglaust som platetittelen «Seya».

Same kva sette dei gjennomført levande tolkingane spor. Det ein og ein halv time lange settet virka perfekt avmålt – og utgjorde ikkje minst eit viktig møte med ein så sentral artist på verdsbasis.

Konsert

Nattjazz, tirsdag 26 mai, USF Verftet

Med: Oumou Sangaré (vokal), Souleymane Sidibe (calebasse), Sekou Bah (bass), Hamane Toure (gitar), Brehima Diakite (Kamele N’Goni), Zoumana Tereta (fiolin), Aliuo Dante (trommer), Cheick Oumar Diabate (djembe), Amadou Traore (fløyte), Dandio Sidibe og Fatoumata Diawara (kor)

Oumou Sangaré kjem attende til Noreg seinare dette året, under Oslo World Music Festival som finn stad 3.-8. November

Sangaré på Myspace.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Mari Kvien Brunvoll

Mari Kvien Brunvoll tildelt Vitals talentpris

28. mai mottok jazzvokalisten prisen, pålydende kr 25.000.

Flere saker

Utsnitt forsiden på rapporten The Polaris music survey: Digital Music Services

Norsk ungdom strømmer mest musikk i Norden

Ny TONO-undersøkelse viser at norske ungdommer også laster ned mer, og går på fler konserter enn ungdom i Danmark, Sverige...

Tons of Rock har fått «full pott» på sin koronakompensasjonssøknad

Konsentrasjoner i europeisk konsertbransje

Europeiske sceners interesseorganisasjoner vil at flere snakker om eierkonsentrasjon og «de fire store».

Christine Thomassen og Tove Bøygard på Stortinget Foto: Marthe Vee

NOPA og Kunstnernettverket ber om like rettigheter for kunstnere

Var tirsdag på høring på Stortinget om sykepenger og pensjon for frilansere og selvstendig næringsdrivende.