gif global nights 2024

Velkomen til Vinterkappleik

Folkemusikk- og folkekunststudentane på Rauland er glade over å kunna invitera store og små til kappleik igjen. Vinterkappleiken har utvikla seg til å verta ein av dei største kappleikane i landet, og byr på tevling i spel, kveding og dans – og ein spanande konsert med Skrekk.

Kalender

Ensemble Ernst på Ridehuset

26/05/2024 Kl. 18.00

Oslo

Roger Arve Vigulf og strykere

26/05/2024 Kl. 19

Vestfold og Telemark

Svåne – Releasekonsert

31/05/2024 Kl. 19.30

Oslo

Operapub på Grønland Boulebar

01/06/2024 Kl. 19:00

Oslo

På programmet under Vinterkappleiken finn me mellom anna ein konsert med gruppa Skrekk, som tar for seg nokre av dei dystre og skremmande visene som er å finne innan norsk folkemusikktradisjon: om dystre sjalusidrap, gjenferdshistoriar, skandaler, ran og ulykker. Konserten vert og krydra med innslag av det litt muntre slaget som kan roe sarte sjelar. Visene og slåttane vert framført solistisk og i eigne arrangement. I Skrekk finn me Camilla Granlien (vokal, kontrabass), Tone Juve (vokal, cello), Åse teigland (hardingfele, fele). Det vert kro med dans etter konserten.

På laurdag vert det kappleik heile dagen, med fest og drivande dansespel utover kveldane. I tillegg syner folkekunststudentane på Tre, metall og Tekstil arbeida sine i ei stor utstilling – alt i ei rame av snø og vinter.

Arrangørane ynsker elles alle, store og små, ei kjempeflott helg på Rauland 26. – 27. januar.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.