Hardingfele-stående

Sjokoladekappleik i Seljord

Seljord juniorspelemannslag, Tusseleiken og Seljord spelemannslag inviterer til sjokoladekappleik laurdag 25.mars 2006 kl 12.00 på Granvin kulturhus i Seljord. – Målet er å gi ei god trening i å opptreå få så mange unge som råd fram på scena, fortel arrangørane.

Kalender

Chansons Internationales

22/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

Romantikk og Revolusjon

22/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

Romantikk og Revolusjon

22/09/2020 Kl. 21:00

Oslo

Klassisk i Ballsalen

23/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med dans, spel og kveding kan delta.

I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade.

— Målet er å gi ei god trening i å opptreå få så mange unge som råd fram på scena, fortel arrangørane.

For unge utøvarar innan folkemusikk har dette tiltaket vist seg som eit svært motiverande mål å arbeide mot, og slik er det blitt eit viktig ledd i rekrutteringa. Tiltaket har blitt sett godt nok til at Landslaget for Spelemenn (Lfs) har teke det inn som eit satsingsområde i sitt handlingsprogram. Spelemannslaga i Bø og Seljord har faktisk ”brøyta veg” når det gjeld slike arrangement. Det vert i 2006 arrangert sjokoladekappleik andre stader i landet også.

— Det er viktig å ha ein arena for å vise fram det ein driv med innan musikk og dans, og det er viktig å starte i ung alder for å bli trygge på scena. Først og fremst er det moro på Sjokoladekappleik, fortel arrangørane:

I fjor var det mellom 30 og 40 ulike innslag på scena. Det var 75 born som spelte, song og dansa på Granvin. Det deltok ungar frå mange kommunar i Telemark: Bø, Hjartdal, Nome, Sauherad, Seljord, Tokke og Vinje! I tillegg deltok det ungdomar frå Bykle i Setesdal.

Det er 8. gongen Sjokoladekappleiken i Seljord vert arrangert. Første gong var i april 1999. Alle gongane har det vore stor deltaking av ungar i alderen 4 – 20 år. Premiane er stort sett sjokolade som vert sponsa av lokale forretningar. I tillegg har delast det ut CD-ar med folkemusikk.

I 2005 vart det for første gong sett opp ”Magne Manheims inspirasjonspris” til han/ho som utmerka seg i spel, dans eller kveding. I fjor gjekk denne prisen til 13 år gamle Tor G. Hoslemo frå Bykle i Setesdal, som fekk eit innramma diplom og ei konfekteske.

Sjokoladekappleiken 2006 er støtta økonomisk av Musikkverkstadordninga (MVO) og Seljord Sparebank.

Stillinger

Markedskoordinator

Det Norske Blåseensemble (DNBE)

Forretningsutvikler

Sørf – Sørnorsk kompetansesenter for musikk

Førsteamanuensis i fløyte

Norges musikkhøgskole

Førsteamanuensis i klarinett

Norges musikkhøgskole

Kantor

Ulstein kyrkjelege fellesråd

Direktør kultur og folkehelse

Trøndelag fylkeskommune

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev