Hopp til innhald
Ein av dei to vinnarane av Øivind Bergh minnepris, Helga Myhr

(Foto: Kyrre Lien)

Øivind Bergh minnepris til Helga Myhr og Rasmus Kjorstad

Minneprisen feirar 30 år, og blir for fyrste gong delt ut til to utøvarar.

Øivind Bergh sin minnepris går til unge lovande fiolinistar. Minneprisen er i år på 20 000 til kvar av vinnarane, og delast ut under Peer Gynt-stemnet på Vinstra 10. august, skriv Peer Gynt-stemnet i ei melding.

– Dette synes vi er stas. Det er stort å få ein pris som så mange dyktige musikarar har fått før oss, og inspirerande at folk ser det ein driv med. Prisen gjev oss motivasjon til å fortsetje arbeidet med folkemusikken, seier prisvinnarane.

Prisvinnar Rasmus Kjorstad (Foto: Johannes Selvaag)

Årets vinnarar
Helga Myhr er hardingfelespelar og kvedar frå Ål i Hallingdal. Denne våren blir ho ferdig med studia ved Norges musikkhøgskule som utøvande folkemusikar. Myhr spelar i ulike konstellasjonar. Ho har til dømes gitt ut to plater med vokalgruppa Kvedarkvintetten, og er for tida plateaktuell med folkemusikkbandet Morgonrode. Elles jobbar ho mykje som soloutøvar og arbeider med ei soloplate som kjem ut til hausten.

Rasmus Kjorstad er ein folkemusikar frå Fron i Gudbrandsdalen. Også han blir ferdig på folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskule i Oslo denne våren. Saman med broren, Hans P. Kjorstad, gav han ut plata Pusinshi Ulla i 2016, og året etter stod dei to, saman med Hans Hulbækmo og Anders Erik Røine, bak tingingsverket til Hilme-stemnet, Reolô. Rasmus Kjorstad spelar også i bandet Morgonrode, som slepp debutplata si i mai, og i bandet til Torgeir Vassvik, som kjem med plate i juni.

Dei to utøvarane er på kvar sin måte heilt i Norgestoppen innafor folkemusikken, serier juryen i meldinga.
– Utøvarane er heilt i front i forhold til utviklinga av musikksjangeren. Når det likevel var eit jubileum for prisen, tykte vi det var eit godt alternativ at begge utøvarane fekk den.

Årets jury er samansett av Trude Bergh (frå familien Bergh), Rolf Lennart Stensø (KORK), Gjermund Larsen (FolkOrg) og May Brit Støve (Peer Gynt AS).

Prisen er eit samarbeid mellom FolkOrg, KORK, Peer Gynt as, etterkomarane av Øivind Bergh og Sparebank 1 Gudbrandsdal.

Om prisen
Prisen har vorte utdelt under det årlege Peer Gynt-stemnet på Vinstra sidan 1989. Øivind Bergh fekk Peer Gynt-prisen i 1976, og var ofte i Gudbrandsdalen etter det. Han vart fascinert av lokale spelemenn, og året etter at han gjekk bort, vart minneprisen oppretta, då som eit samarbeid mellom Peer Gynt AS og etterkomarane av Øivind Bergh.

Prisen har tidlegare vorte delt ut til blant andre Annbjørg Lien, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Åse Teigland, Øystein Rudi og Sonoko Miriam Welde.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Frå venstre Suzanne Nyhuus (Gramo), Ole Nilssen og Anne Tone Raknes (Gramo) Foto: Thomas Westling / FolkOrg

Her er vinnerane av Folkelarm-pris

Prisane blei delt ut på Riksscenen i Oslo, under Folkelarm, laurdag.

Frode Rolandsgard, Asgaut Bakken, Niels Røine, Rasmus Kjorstad, Tuva Syversen og Hans Hulbæk takker Anders Røine for hva han har betydd for dem. Foto: Thor Hauknes

Her er vinnere av Folkelarmprisen

Prisene ble delt ut på Riksscenen i Oslo, under Folkelarm, lørdag.

Kappleik

Hvor er den svulstige nasjonalromantikken?

Hvis nasjonalromantikken skal få all skylda for det som er mainstream i folkemusikken, hva da med kappleiksystemet, skriver Gjermund Kolltveit i...

Flere saker

Skolekonserten Klangen av klima, et samarbeid mellom Oslo Filharmonien og DKS Oslo, vant internasjonal pris som beste store ensemble under YAM Awards i Brussel denne uka

Oxford Research’ flaue rapport om Den kulturelle skulesekken og Kulturtanken

– Eg er skuffa. Kanskje først og fremst fordi eg opplev at dette hadde vore enkelt å gjere skikkeleg, skriv komponist,...

Juel H. Rye Fot: USN

Juel H. Rye ny styreleder i Kongsberg Jazzfestival

Rye ble valgt på generalforsamlingen lørdag, og overtar etter Jan-Olav Styrvold.

Cato Strøm, administrerende direktør i TONO

40 koronamillioner til dem som skaper musikk: – Endelig!

Organisasjonene som jobber for skapere – ofte kalt opphavere – jubla da Raja bladde opp 40 millioner for å sikre dem gjennom...