Hopp til innhald
Oslo Konserthus (tegning)

Ny stor musikkpris – men ikkje til folkemusikarar

Oslo Konserthus slår på stortromma og innbyr til eit nytt årleg musikkstipend på 150 000 kroner. Stipendet skal alternere mellom sjangrane pop/rock, klassisk og jazz – men ikkje folkemusikk. – Uomtenksamt, innrømmer konserthus-direktør Knut Vigar Hansen til folkemusikkbladet Kvinten.

– No er eg heilt ærleg; vi burde tenkt lenger, dette er uomtenksamt, innrømmer administrerande direktør Knut Vigar Hansen umiddelbart då Kvinten ringer for å høyre kvifor folkemusikk er utelatt frå den store nye musikkprisen.

«Prisen skal tildeles unge, norske, lovende utøvende/skapende artister, enkeltpersoner eller grupper, som spesielt har utmerket seg», står det på nettsidene til Oslo Konserthus.

Samtidsmusikk-miljøet reagerte

Styret har i ettertid sett at dette var gale, og Hansen seier at dei kjem til å sjå på kategoriinndelinga etterkvart.
– Det er absolutt mogleg at vi kjem til å ta folkemusikk-sjangeren inn i stipendet, seier Hansen, som påpeiker at han og fleire andre i styret i ettertid såg at dette var forhasta.
Dei har enno ikkje fått reaksjonar frå folkemusikk-miljøet, men samtidsmusikk-miljøet har reagert på kategori-inndelinga.
5. mai deler Kronprins Haakon ut det første Konserthus-stipendet som i år går til pop/rock til ein av dei nominerte – Ephemera, Ralph Myers & The Jack Herren Band eller John Doe.

– Ikkje overraskande

– Det er jo strålande at Oslo Konserthus vel å satse på ein stor musikkpris, men diverre er det ikkje overraskande at dei har oversett folkemusikk-kategorien – dette skjer i dei fleste samanhengar. Og det er kjempetrist, for sjangeren har så mykje å by på. Blant unge, norske, lovande artistar innan folkemusikk er det no verkeleg mange å ta av, og vi hjelper meir enn gjerne Oslo Konserthus med å finne eigna personar i ein folkemusikkjury, påpeiker dagleg leiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag, Jan Lothe Eriksen.

Denne artikkelen er gjengitt med velvillig tillatelse fra Kvinten, bladet til Norsk Folkemusikk – og Danselag. Mer om ovenstående tema kan du lese i Kvinten nr.2, 2004.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Anne Hytta

Anne Hytta ny redaktør i Kvinten

Folkemusikkbladet Kvinten har ansatt Anne Hytta som ny redaktør. Hun er ellers kjent som hardingfeleutøver i toppklasse og har en...

Johndoe

Kronprinsen deler ut ny rockepris i Oslo Konserthus

Oslo Konserthus’ nye pris på hele 150.000 kroner skal 5 mai deles ut til en ung, norsk, lovende utøvende/skapende artist,...

Majorstuen Spelemannslag (Anne Lise Flavik / Fotofabriken).

Alle gode ting er tretten

Nylig ble 2004-utgaven av Årbok for norsk folkemusikk utgitt. I boken, som er den trettende i rekken av folkemusikkårbøker, finner...

Henning Sommero (Foto: Skjervøy Kommune).

Kvedarseminar om songtradisjonar frå Midt-Norden

Norsk Kvedarforum skipar i samarbeid med Trøndelag Folkemusikklag og Bakke Menighet til kvedarseminar i Trondheim 10.-12. september. Tema er songtradisjonar...

Andreas Ljones

Folkemusikkens Hus: Balanse mellom vern og dialog

– Det er samarbeidet mellom folkemusikkorganisasjonene som har brakt oss dit vi er i dag, sa leder i Norsk Folkemusikk-...

Unni Løvlid 2004 forfra, foto: Trygve Schönfelder

Unni Løvlid: – Ad hoc-stønad til folkemusikarar!

Folkemusikar Unni Løvlid etterlyser ei ny stønadsordning for folkemusikarar som jazzmiljøet har bruka gjennom fleire år, ei ordning der søknadene...

Flere saker

Ihnebilder Kneecap Pala

Da Øya ble del av Superstruct – og åpna døra for å boikottes i 2025

Musikkfestivalen søkte internasjonal kapital og ryggdekning. Endte opp med bånd til israelsk bosetterøkonomi.

Alex Taylor OFO

– Feil om norske orkestre og bestillingsverk

Oslo-Filharmonien viser eksempler på gjenbruk av norsk, ny musikk.

Kygoselena

Flere norske låter på utenlandske lister

Music Norway har laget en oversikt over artister, produsenter og låtskrivere som har markert seg i utlandet.