Levande formidling av utvandrarsongar
KONSERTMELDING: Maja Gravermoen Toresen si førestilling om utvandrarane til Amerika, «Krysning», løftar 1800-talets utvandrarforteljingar inn i vår tid.
Krysning
Riksscenen i Oslo, 20. mai 2021
Maja Gravermoen Toresen: Komponist, arrangør og scenisk formidlar. Framfører med vokal, lyre og feler.
Ingri Enger Damon: Regi
Førestillinga er ei videreutvikling av Gravermoen Toresens masterkonsert frå Högskolan för scen och musik i Göteborg, og er laga i samarbeid med Riksscenen.
«Ja, og no opnar dei opp for 20 i salen neste veke, det er jo litt deil…» – «Ja, men vi er jo ferdig med sesongen, så …».
I møte med dei som har stått i frontlinja i kulturfeltet dette året blir eg audmjuk, kjenner eg. Dagleg leiar Ane Carmen Roggen og produsent Andreas Ljones kan saman med resten av teamet på Riksscenen klappe seg sjølv på skuldra etter å ha produsert ei imponerande rekke strøymekonsertar av høg kvalitet dette året. Utanom eit arrangement på Salt var dette den siste for sesongen, og Ballade fekk vere tilstade fysisk i lokalet.
Grenselandet
Einpersonsførestillinga Krysning er ei vidareutvikling av Gravermoen Toresens masterkonsert frå Högskolan för scen och musik i Göteborg. I masterarbeidet har ho gått grundig til verks i historia til dei som emigrerte til Amerika på slutten av 1800-talet.
Toresen har gjennom masterarbeidet arbeida fram denne førestillinga også med eit mål om å kombinere song, spel og teater. Ordet «krysning» rommar altså både assosiasjonen til krysning av Atlanteren og krysning mellom «Mellom teater og musikk…», «mellom trad. og nyskaping», som ho seier i diktet som opnar førestillinga:
«I krysning av grenser
grenseland
der brytningsfelt oppstår
finnes et møtepunkt
mellom to…»
Å vere i rom med levande musikk, altså – frysningane ligg klare.
Ho set seg ned, tek på seg eit sjal og syng, sørgmodig. I rolla som mor først. Rommet er heilt svart, og kostymer og rekvisittar er svært minimale og enkle. Men ved første berøring av fela, utvidar og fargelegg Toresen rommet, og vi ser levande for oss verda rundt songane. Ho treff strengen vart og etablerer klangverda vi skal vere i den neste timen.
Det er jammerleg grusomt.
Repertoaret er henta frå emigrantviser frå 1800-talet, skillingsviser og salmar. Nokre av visene er svenske, andre norske, og gjennom førestillinga møter vi ulike karakterar som syng og spelar desse visene.
Toresen går inn i rolla som den joviale spelmannen som flørtar med amerikanarane og ber om pence for ei vise. Eller den ulukkeleg forelska diktaren, som dreg fram lyra når orda sit fast. Tekstane handlar om djupe, eksistensielle spørsmål, og mange av dei er voldsomt sterke. For eksempel i vonde «Vi Solde Våre Hemman». Der får vi høyre om den dramatiske reisa frå Sverige til Amerika med svolt og sjukdom – det er jammerleg grusomt.
I denne visa, og fleire gonger i løpet av førestillinga, fortel Toresen teksta på eit vers rett fram i staden for å synge det. Dette løftar fram den delen av forteljinga, og slik unngår vi som lyttarar å bli lulla inn i det vakre lyrespelet utan å kjenne på kor fæl den forteljinga faktisk var.
Toresen har ei tydeleg og fengjande forteljarstemme og er heile vegen tilstade i tekstane – det smittar over på publikum. Andre tider ler vi og kosar oss når ho som spelmann på torget spelar danselåtar. Og ho er like mykje tilstade i den rolla.
Heilskapleg klangverd
Maja Gravermoen Toresen er både komponist, arrangør og scenisk formidlar på scena. Og ho har stålkontroll på alle rollene. Ho er trygg i songen, på fela, som forteljar. Ein får tidleg inntrykk av at alt er særs godt førebudd, gjennomtenkt og gjennomarbeidd. Overgangane glir naturleg og effektivt, ho held på merksemda vår heile vegen.
Dei små komposisjonane hennar, skillingsvisene og salmane kling i same musikalske verd. Det er melankolsk, også i dei glade danselåtane. Kanskje har det noko med at det skjer i eit svart rom, kanskje fordi ho spelar og syng aleine. Men spelmannen på torget og kona som mistar barnet får den same klanglege stemninga. Ho har eit anslag i fela, i songen og på lyra som fangar merksemda vår og gjennom denne klangverda bind ho forteljingane saman.
Det er vanskeleg å skilje kva som er tradisjonsmateriale og kva som er nytt, noko som er positivt, for på den måten løftar ho heller fram dei tidlause perspektiva som ligg i emigrantane sine viser og forteljingar.
Inn i mellom songane går ho inn i ei nøytral forteljarrolle og står midt i rommet i den svarte, nøytrale drakta. Her les ho dikt ho har skrive sjølv, som løftar perspektivet på førestillinga. Ho stiller spørsmål om perspektiv på tid og rom, og leiar tilskodarane inn i refleksjon rundt det vi opplever.
Folk er framleis på flukt.
Dette grepet kjennest smått unødvendig, sjølv om dikta i seg sjølv er fine. Men det kan også forstyrre – det er skummelt å vere såpass eksplisitt beint fram – kan vi ikkje finne ut av desse perspektiva sjølv?
Likevel er dette grepet, på same måte som det klanglege, med på å løfte førestillinga ut av tida i dag, og tida repertoaret er henta frå. Vi kjenner som tilskodarar på at dette like gjerne kunne vore viser frå vår notid. Folk er framleis på flukt.
Krysning er både ei solid og levande formidling av eit repertoar som løftar fram ein sentral del av musikkhistoria og eit tidsbilete av Skandinavia på slutten av 1800-talet, samtidig som ho klarer å løfte fram dei universelle og tidlause tema som ligg i desse visene.
Masteroppgåva til Maja Gravermoen Toresen heiter Gjenklang- reisen fra avskjed mot hjemkomst, og tar føre seg det å utvikle ei folkemusikalsk førestilling, ei solovisning, med temaet reise. Oppgåva ligg ute på heimesidene til Gøteborgs universitet.
Ledige stillinger
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025
Ultima søker kreativ markedsfører og digital innholdsprodusent
Ultima Oslo Contemporary Music FestivalSøknadsfrist:25/01/2025
Professor/ førsteamanuensis i musikkterapi
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:09/02/2025
Prosjektleder musikk og arbeidsliv
Institutt for musikkvitenskap - UiOSøknadsfrist:22/01/2025