Hopp til innhald
SILJA LID STRYSSE

Silja Lid Strysse på meisterkonsert under Landsfestivalen, i Førde.(Foto: Thomas Westling)

Dei tevla i gammaldansmusikk

Noregsmeisterskapen i gammaldansmusikk fann stad på Landsfestivalen i helga.

11 vinnarar er kåra i kvar sin kategori. Dei beste dansarane og musikarane innan gammaldansmusikk har vore samla i Førde for å tevle i Noregsmeisterskapen i gammaldansmusikk; Landsfestivalen i gammaldansmusikk i helga som gjekk. Det skriv Folkorg i ei pressemelding. Silja Lid Strysse vann klassa Super junior – Kompani Byre vart best i gruppespel, vinnar i lagspel durspel/trekkspel er Kongsberg trekkspillklubb, mellom fleire vinnarar. Alle resultata kan ein lese her.

I år vart Landsfestivalen arrangert av Indre Sunnfjord Spelemannslag.
– Det at Landsfestivalen i gammaldansmusikk vart arrangert for fyrste gong i 1986 nettopp i Førde, gjer det spesielt å få arrangementet attende i år som det er 100 år sidan Landslaget for Spelemenn vart stifta, seier Leon Årdal, leiar av hovudkomiteen. Landslaget for Spelemenn heiter no Folkorg.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er noregsmeisterskapen i gammaldans, og vert arrangert på ein ny stad i landet kvart år. Landsfestivalen i gammaldansmusikk er eit av dei tre årlege hovedarrangementa til Folkorg – organisasjon for folkemusikk og folkedans.

Ledige stillinger

Flere saker

FLTYBRGRGRL BERLIN, Namra Saleem

FLTY BRGR GRL: Rosa drømmer

Bandlansering når verden er pandemi-stengt har bydd på utfordringer for FLTY BRGR GRL. Men duoen har likevel klart å bygge...

Nordheim bok

Musikkhistorie: – Verden er overmoden for musikalsk substans

Christer Falck og Marius Lien vil bidra til at norsk musikkhistorie fortelles med mange stemmer. – I disse strømmetider hvor...

Agnete Saba

Agnetes angstpop

Agnete Saba har laget popsanger av kampen mot angsten. Klar som et stykke is – men for ofte blir EPen...