Aslak Brekke

Kvedaren Aslak Brekke 100 år

6. oktober 2001 var det 100 år sidan kvedaren, familiemannen og gardbrukaren Aslak Brekke vart fødd. Under landskappleiken i år vart han heidra med konsert. No vert det og eit eige Brekke-seminar i Vinje 23. - 24. november.

Folkemusikk

Kvedinga hadde Aslak i familietradisjon, men han tileigna seg mykje viser og songstil frå kvedarar han tykte vel om både innanfor og utanfor heimbygda. No vert det invitert til seminar der ein vil møte folk som har jobba mykje med stoffet til Aslak.

Dagne Groven Myhren vil fortelje frå samarbeidet mellom Aslak og Eivind Groven. Jaquline P. Ekgren vil fortelje og vise døme på korleis ho jobba med boka «Aslak brekke og visune hans». I opplæringa vil me legge vekt på «Lytt og lær», og det vil bli jobba med individuell song. Ein vil høyre mykje på opptak med Aslak og peike på det spesielle i songstilen. Agnes Buen Garnås vil vera rettleiar saman med sonen til Aslak, Karstein Brekke på den eine økta, og Dagne Groven Myhren og Ellen Nordstoga på den andre økta. Midt på dagen vil det vera ein intimkonsert med deltakarar og leiarar på seminaret.

Geirr Lystrup hadde ikkje høve til å vera med denne gongen, men han har trykt opp CD’ar av det han har gjeve ut med Aslak, og den vil verta seld under seminaret. Likeins kassetten frå Buen kulturverkstad.

Etter seminaret vert det ein konsert til minne om Aslak Brekke. Her vil det vera med utøvarar frå familien og andre berarar av songtradisjonen.

Bak seminaret står Nemnda for Aslak Brekke-seminaret, Vinje Kommune/kulturskulen, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Landslaget for Spelemenn, Mjonøy, Høgskulen i Telemark, avd. Rauland, og Vinje spelemanslag.

Tid: 23. og 24. november 2001
Stad: Mjonøy, fredag og Høgskulen i Telemark, laurdag

For meir informasjon og påmelding kan du sende ein e-post hit.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv

Å være musikalsk i et etisk perspektiv

Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse

Får «de fire store» i livemarkedet for mye makt? NKA-lederen peker på maktskifter som kan skape en ubalanse i resten av feltet.

En ny vår for norsk opera: To × opera off-Bjørvika

En ny vår for norsk opera: To × opera off-Bjørvika

Ballades klassisk-anmelder Ola Nordal opplevde nylig operaene «Heroin Chic» og «Nokon kjem til å komme» på Parkteatret i Oslo. I denne dobbeltanmeldelsen prøver han å fange noe av det som skjer i norsk operaproduksjon.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio