
Realitetsorientering hos grasrota?
– For mange av oss musikarar i Det Norske Kammerorkester er det ein reality-check å spela for grasrota, seier solofløytist Cecilie Hesselberg Løken om prosjektet Discovery.
”Discovery” er eit formidlingsprosjekt for born i regi av Det Norske Kammerorkester, og det kom i gang etter initiativ frå Cecilie Løken, som er solofløytist i ensemblet. Dette har vore den største satsinga frå DNK retta mot born denne sesongen, og som det ligg i namnet er det noko som skal avdukast. For ein del ungar kan det vera den klassiske musikken og nærare kjennskap til utøvarar i verdsklasse. Ein viktig intensjon frå ensemblet si side er å besøkje kommunar som vanlegvis ikkje har så stort tilfang av klassisk musikk.
Underteikna kontakta dei involverte for å høyre kva for utfordringar som kan oppstå i møtet mellom klassiske utøvarar i verdsklasse og unge og vaksne tilhøyrarar som ikkje er vane med klassisk musikk. Kan partane møtest i ei forståing, eller er utgangspunkta for ulike til at kommunikasjonen blir god? Kva blir det største utbytet av møtet, og for kven?
Ein boost på eit anna plan
Prosjektet består av gjentekne møte mellom musikarar og elevar og tilsette lærarar i kommunen. Kvar tur besøker ei gruppe musikarar fire ulike kommunar. Dei jobbar med grunnskulen og kulturskulen, besøkjer ofte eldresenteret og held ein offentleg konsert.
Musikarane i Det Norske Kammerorkester er handplukka frilansarar. Mange er vane med å spela i store salar som ikkje gjev rom for å oppleva ein intim kontakt med publikum, seier Cecilie Løken. Til gjengjeld veit ho at klassiske konsertgjengarar ofte kjenner den klassiske konsertforma og dermed set pris på nivået, detaljane og arbeidet som er lagt ned i førebuinga. Å spela for skuleelevar og på eldresenter er noko heilt anna.
– Mange av oss musikarane har nok sove litt i timen. Vi har hatt det så gøy med å spela for og med kvarandre. Dette gjev ein boost på heilt andre plan enn det vi vanlegvis opplever. Det er stort å sjå at eit dement menneske som nesten ikkje kommuniserer, plutseleg kan vakna når ho høyrer fløytemusikk av Debussy. Eller at eit barn plutseleg får lyst til å spela fiolin etter at vi har vore på besøk, seier fløytisten.
Intense turnear
Turneane er svært intense, for musikarane er berre ein dag på kvar stad. I haust og vinter har fire kommunar i Buskerud fått besøk, og etter kvar turné har musikarane ein konsert i Oslo. Dei kjem til staden om kvelden, og neste morgon startar dei i grunnskulen. Elevane har fått tilsend arbeidshefte på førehand, og musikarane held ein minikonsert for klassen dei skal jobbe med.
I opplegget er elevane ofte med å synge, og nokre stader dreg klassen og musikarane rett til eldresenteret og held konsert der etter at skuledagen er ferdig. Dernest er musikarane klåre for workshop i kulturskulen frå kl 16-18. Der har dei meisterklassar for nokre av elevane. Andre elevar får ein eigen workshop, gjerne saman med lærarane sine, med tips til korleis både elevar og lærarar kan utvikle seg vidare.
Så bra som mogeleg uansett nivå
Løken er full av positive erfaringar og gler seg over utbytet:
– Det er stort å sjå at skuleelevar som aldri har sett ei blokkfløyte eller har teikning som fag, får boltre seg med kunstmåling og lytting. Og vi får bli kjende med mange flotte born, seier ho.
Ho fortel òg at mange av kulturskulane er veldrevne, og der dei slit i oppoverbakke får elevane ein boost ved å spela duett med vaksne på ein stor scene. Dei blir tekne på alvor, og det er ei stor oppleving for begge partar. Fordi ikkje alle alltid har innstudert dei tilsende notane på førehand, er det like fullt mykje ein må finne ut av på staden.
– Uansett nivå på spelinga er det viktig for oss å gjera ein så god jobb som mogleg, seier ho.
Gåvepakke med små utfordringar
Gunhild Gåsvik er både kultursjef, kulturskulerektor, kordirigent og songlærar i Gol kommune, og har vore involvert i Discovery-prosjektet frå fleire sider.
– Det er ei gåvepakke. Å få besøk av musikarar på så høgt nivå er sjølvsagt fint for elevane, men det er og inspirerande for oss lærarane. Vi treng input, seier ho.
I gåvepakke-omgrepet legg ho mest det kunstnarlege nivået og innhaldet. Men det trekk heller ikkje ned at ”Discovery” i all hovudsak er finansiert av Det Norske Kammerorkester sine eigne midlar. På den måten er prosjektet rimeleg for mottakarane.
Men nokre utfordringar er det alltid i samarbeid av denne typen.
– Vi har heilt andre utfordringar på bygda enn i Oslo, forklarer Gåsvik.
– Vi har mange lærarar og instruktørar som er ufaglærte. Folk med utdaning i musikk vil heller køyre taxi i Oslo enn å jobbe her. Og sidan stillingane i Kulturskulen ofte er små treng vi folk som kan undervise i mykje forskjellig framfor reindyrka instrumentalpedagogar. På bygda leitar ein etter gode potetar som kan brukast til mykje.
Dei eldste er berre ein
På mindre stader er det relativt få elevar. Mange er nybyrjarar. Også det er ei utfordring for prosjektet.
– Det tok litt tid å få Kammerorkesteret til å forstå at ”dei eldste” nokre gonger berre er ein person. Vi kan ikkje alltid plukke ut dei beste, for vi har ikkje så mange. Denne eine personen har kanskje ikkje spela så lenge, og har ikkje alltid foreldre som kan hjelpe til, seier Gåsvik.
Ho peiker på at det ofte er dei same elevane som går att i fleire roller.
– Den som er flinkast i korpset er òg flinkast på fiolin. Då må ein gjera eit val om kva for workshop ein skal vera med på.
Frå miljøkamp til impresjonisme
I Discovery kjem musikarane attende til dei same elevane med nokre månaders mellomrom. Løken er med kvar gong, men kven ho har med seg varierer. Det er dessutan eit svært bevisst val at dei plukkar ut ein einaste klasse som får tilbodet.
– I starten lurte vi på om vi burde koma inn og spela for heile skulen, eller i alle fall fleire klassar. Vi har valt å satsa mykje pengar på ei gruppe på 50 elevar eller så, og det kan sjølvsagt vera litt urettferdig. Men samstundes ville vi gjerne gå litt djupare, seier ho.
Hardcore klassisk
Den første konserten, som dei turnerte med i september, hadde eit miljøperspektiv. Løken hadde laga ei historie om fuglen Fenix som song så magisk at han var kjend frå India til Buenos Aires. Den neste konserten var spunne rundt barokken og hadde dermed eit historisk tema. Musikarane spela mellom anna ”Music for the Royal Fireworks” av Händel, og peika på skilnader mellom fattig og rik og kva som kjenneteiknar folk i ulike samfunnslag.
– På denne måten kan vi framføre ganske hardcore klassisk musikk. Så lenge barna får det i små bitar og for eksempel får høve til å leggje seg ned er det mykje som går veldig fint, seier Løken.
Den tredje besøket, som fann stad i januar, hadde impresjonismen som emne. Musikk av Debussy stod i høgsetet. Det planlagde besøket i april vert dessverre utsett, men alle håpar at det kan finne stad til hausten. Der vil leik med ord skal stå sentralt.
Offentlege konsertar på uortodokse stader
Dei opne konsertane kan gjerne bli lagd til litt uortodokse konsertlokale. Konserten på Gol i haust var i ein bilforretning der musikarane vart ståande å spela midt mellom bilane.
– Det var eit fantastisk lokale, seier Løken. – Å stå og spela på eit bilflak var heilt fantastisk, og dei store vindauga førte til at det vart nydeleg lyssetting, fortel ho.
Kultursjef Gunhild Gåsvik meiner på si side at det var fantastisk å få det lokale næringslivet inn i kulturlivet.
– Musikarar frå Det Norske Kammerorkester tykkjer nok at 100 tilhøyrarar er lite, smiler Gåsvik.
– Men i ein kommune med 4500 innbyggjarar er det mange. Det var fleire der som aldri hadde vore på konsert før. Slikt er stort å oppleve.
Ledige stillinger
Daglig leder
Dokkhuset Scene asSøknadsfrist:15/03/2025
Jobb med musikk i Brasil og Malawi!
JM NorwaySøknadsfrist:02/03/2025
Kunstnerisk plansjef
Trondheim Symfoniorkester & OperaSøknadsfrist:12/03/2025
Orkesterregissør
Oslo-filharmonienSøknadsfrist:23/02/2025
Daglig leder
Trondheim JazzfestivalSøknadsfrist:24/02/2025