Hopp til innhald
Vossa jazz prisen 2020 – delt ut april

Politikar Jon Askeland og festivalleiar Trude Storheim delte ut Vossa Jazz-prisen 2022 til Irene Tillung. Prisvinnaren i midten.(Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz)

Vossa Jazz-prisen 2022 til komponist og akkordeonist Irene Tillung

Tradisjonsrike Vossa Jazz er tilbake på sporet med festival i palmehelga etter avlysing i 2020 og haustutgave i 2021. Laurdag kveld blei den gjeve Vossa Jazz-prisen delt ut til Irene Tillung.

«Vossa Jazz sin musikalske profil femner om jazz og folkemusikk. Årets vinnar er utdanna innan klassisk musikk, men har verkeleg blitt lagt merke innan norsk folkemusikk og har jobba med musikarar i mange sjangrar», skriv juryen for prisen i si grunngjeving.

«Til Vossa Jazz i fjor komponerte årets vinnar eit fantastisk verk som samla ni andre musikarar frå toppsjiktet innan folkemusikk, jazz og klassisk musikk på scena. Det stjernespekka ti-mannsensemblet hausta gjetord frå både publikum og presse og synte ein dyktig komponist og akkordeonist som leverte eit mektig verk som gav rom for alle medmusikantane. Årets prisvinnar har også skrive teatermusikk, vore studiomusikar, laga filmmusikk og spelt med grupper som Tindra og MAAR – og turnert over store delar av verda. Og ho er frå Voss!», seier ein begeistra jury vidare i grunngjevinga.

Akkordeonist og komponist Irene Tillung takkar for Vossa Jazz-prisen 2022 i Vossasalen laurdag 9. april. (Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)

Det er Vestland fylkeskommune som står bak Vossa Jazz-prisen, og han skal gå til frilans jazzmusikarar som har utpeika seg det siste året.  Vossa Jazz-prisen har gjennom åra gått til mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen, kommenterer festivalen sjølv om prisen.

Vossa Jazz-prisen blei også delt ut i pandemi-åra 2020 og 21: Sist november mottok musikar Øyvind Hegg-Lunde prisen, og året før blei prisen delt ut via video-opptak og sendt med toget til prisvinnar Elisabeth Lid Trøen.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ellen Brekken

Ellen Brekken: Fra sponplate til Rolling Stone

I morgen kommer hennes første plate med henne som leder. Bandet heter A Tonic for the Troops, og plata heter...

Vossa Jazz prisen 2020 gikk til Elisabeth Lid Trøen

Vossa Jazz-prisen 2020 til Elisabeth Lid Trøen

Utdeling via videoopptak, og prisen sendt med toget.

Andreas Ulvo

Andreas Ulvo lager Tingingsverket til Vossa Jazz 2022

Ny Ulvo-musikk: Frå poetisk og flytande til det meir rytmiske, frå det vakre til det rare.

Jazzintro band

Jazzintro i rute: Åtte band i konkurranse om tittelen Årets unge jazzmusikere 2022

Bento Box, Munch Trio, Peders Hode, Ototoi, Joakin Rainer Trio, Firvel, Ask Morris Kvartett og Stenøien/Hjemmen/Heide Bø møtes på jazzfestivaler...

Vossajazz er avlyst palmehelgen 2021. Bildet er utsnitt av årets Vossajazz plakat med musiker Per Jørgensen, laget av gatekunstner ITPD.

Vossa Jazz i palmehelgen 2021 avlyst

På dagen eitt år etter avlysinga av Vossa Jazz 2020, lyt me med tungt hjarte diverre avlysa igjen, melder jazzfestivalen,...

Flere saker

Solbjørg Tveiten

Sanna Sarromaa i rolla som den klassiske sladrekjerringa

I sin tekst om skulen hamrar Sarromaa laus på ei yrkesgruppe – kunstnarane. Leiar i musikk i Innlandet, lektor som...

Bjarne Dæhli Foto: Norsk musikkråd

Gleder seg over momskompensasjon, men gruer seg til tippe-resultatet

“Greit” budsjettforslag, mener lederen i Norsk Musikkråd.

Johannes Elnan CMI bass

Bassgave til ungt talent: – Å få videreføre lyden og livet i denne bassen gir følelse av ansvar og dyp motivasjon

Kontrabassen til avdøde Carl Morten Iversen lever videre i unge hender.