Sjølv om årets festival er avlyst deler me likevel ut Vossa Jazz-prisen!, skreiv Vossa Jazz i ei pressemelding fredag kveld, etter at fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, delte ut den 33. Vossa Jazz-prisen via denne fine Facebook-videoen.
Prisen er gjeven av Hordaland fylkeskommune, og består av 50.000 kr og eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat, laga av festivalkunstnar Tom S. Kosmo. Prisen går til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren – og i år var det saksofonist og komponist Elisabeth Lid Trøen.
I grunngjevinga heiter det:
Juryen gler seg over å sjå at musikkmiljøet i Hordaland gjer seg gjeldande både nasjonalt og internasjonalt.
Årets prisvinnar synte seg tidleg som eit jazztalent og fekk spela med mange store heltar alt tidleg i si karriere (før vedkomande var 20). Namn som Andy Sheppard, Terri Lyne Carrington og Joshua Redman er nokre av dei prisvinnaren har spelt med. Denne musikaren er utdanna ved jazzlinja i Trondheim og har vore bandleiar, komponist og ein viktig medspelar i ulike band og prosjekt. Grundigheit og kvalitet i førebuing og gjennomføring er nokre kjenneteikn.
Prisvinnaren er ei svært positiv drivkraft for utvikling og nyskaping, ho er nyfiken, speleglad og kjent for sin nydelege tone. Prisvinnaren beherskar ulike typar treblås og på Vossa Jazz har me høyrt henne i ei årrekkje i ulike produksjonar og ensemble, mellom anna med Bergen Big Band og Django Bates i 2018. I år skulle prisvinnaren spelt i to ulike konstellasjonar, men grunna korona-utbrotet må ein venta og gleda seg til neste år for å oppleva desse konsertane på Vossa Jazz.

Et rom for alt – unntatt musikk
INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.

– Vi trenger en ny økonomi. En økonomi for fremtiden.
KRONIKK: – Vi må ha et nytt økonomisk system. Vi må legge inn tall for det som gir menneskeverd og forståelse. Ut med tall som gagner de som gjør seg rike på umenneskelighet og jordens undergang. Det haster sånn.

Ballade klassisk: Jeg har delte meninger
Denne gangen er det delte meninger i enmannsredaksjonen Ballade klassisk.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord
Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Den største norske artisten i Spotifys historie
Sammenlagt seier til Kyrre.


















































