Hopp til innhald

Skuffelse hos Norsk Folkemusikk- og Danselag

«Skuffande og sjølvmotseiande» heter det i Norsk Folkemusikk- og Danselags pressemelding, som ble sendt ut i formiddag. Styreleder Halvard Kaasa etterlyser en vilje til å omsette ord til handling, og det påpekes at forslaget til budsjett innebærer en faktisk reduksjon av tilskuddet til den viktige IT-satsingen Norsk Folkemusikkatalog.

Vår nye kulturminister har tidlegare gitt uttrykk for at ho ville gje kulturbudsjettet eit monaleg påslag, og i ministeren sine pressemeldingar heiter det under overskrifta «Regjeringen satser på kunst og kultur» at budsjettet har fått ei auke på 5 prosent.

Ho fastslår vidare «… at globalisering og ny informasjonsteknologi krever bevisst og aktiv satsing på den nasjonale kulturen, på norsk språk og norske verdier i et nytt millenium…»

Men auken på 5 % i kulturbudsjettet utgjer reelt sett berre 1% når ein tek omsyn til overføringa av Lottotilsynet frå Justisdepartementet, og korrigerer for prisstigning m.v.

— Kulturministeren følgjer ikkje opp sine eigne uttalte mål om satsing på informasjonsteknologi og nasjonal kultur. Kulturdepartementet sitt budsjettforslag inneber inga reell auke i løyvinga til Norsk Folkemusikk- og Danselag, men ei faktisk nedskjering av tilskotet til IT-satsinga Norsk Folkemusikkatalog med 10%. Dette gjer at oppfølgjinga av Norsk Folkemusikkatalog overfor utlandet blir vanskeleg. Me er utålmodige og kan ikkje forstå at ikkje orda i større grad kan omsetjast i praktisk handling, seier styreleiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag, Halvard Kaasa, i ein kommentar til forslaget til kulturbudsjett for 2001.

Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) manglar ressursar til å følgje opp aukande internasjonal etterspurnad etter utøvarar innan folkemusikk og dans. Satsinga på NORLA har vist kva bevisst satsing over tid kan føra til.

Med Norsk Folkemusikkatalog (http://www.folkogdans.no ) – som er eit samarbeidsprosjekt mellom Landslaget for Spelemenn og NFD – og det nordiske samarbeidet om Nordisk Folkemusikkatalog (http://www.folknorth.org ), ligg det til rette for ei samnordisk satsing på nordisk tradisjonell og moderne folkemusikk mot utlandet. Dette vil gje auka merksemd om norsk tradisjonsmusikk og fleire arbeidsoppdrag i utlandet for kunstnarane som arbeider i dette feltet. Men då trengst ressursar for å følgja dette arbeidet opp og å styrkja innsatsen – ikkje nedskjering i budsjett som alt er tronge.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Majorstuen Spelemannslag (Anne Lise Flavik / Fotofabriken).

Alle gode ting er tretten

Nylig ble 2004-utgaven av Årbok for norsk folkemusikk utgitt. I boken, som er den trettende i rekken av folkemusikkårbøker, finner...

Flere saker

Brak

Arrogant, mangler kunnskap og hvor er arrangørene?

Dette var noen av karakteristikkene da nær samtlige på talelisten slaktet Kulturrådets innspillsnotat om styrking av regionale sentre og nettverk...

Lars Saabye Christensen

Hardrockfestivalen som booker Lars Saabye Christensen, komikere og redaktøren i Kvinner og klær

De vil ha 100 000 billettkjøpere inn portene, og lokker med noe ganske annet. Det blir merch-prat, forfatterprat, komiprat – og...

Aslak Brimi

– Som skapende utøver kan man sitte og lure

Folkemusikerne ønsker større gjennomsiktighet på hvordan saksbehandlere kommer fram til satser i Tono-utbetalinger – spesielt for det som ikke er...