Hopp til innhald

Garborg som folkedansteater

BUL i Oslo set opp «Haugussa» av Arne Garborg som folkedansteater. Folkedansteater er ein ny og banebrytande sjanger innanfor teater som tar sikte på å bruke rørsleelement frå norsk folkeleg dans i eit nytt scenisk språk.

Det blir snakka mye om «crossover» innanfor ulike musikksjangarar. Dette er «crossover» når det gjeld folkedans.

«Haugtussa» er ei stor forteljing om Noreg: Forankra historisk i norske folkelege uttrykksformer blanda med dagens Hollywood og Broadwayformer (klisjear) som gjer produktet tilgjengeleg og interessant for alle.

I Sverige har Vestanå Teater, eit profesjonelt distriktsteater, dei siste ti åra hatt braksuksess med dette konseptet. Dei fører no opp berre skodespel i denne sjangeren.

Grunnen til at Arne og Hulda Garborg kjempa for nynorsken, norsk scenekunst og folkedans var at dei meinte at norsk kultur finst ikkje, han blir skapt. Denne kulturen bør imidlertid skapast på grunnlaget av den gamle, no utdødde, folkekulturen skriv Arne Garborg i 1877.

Det er dette BUL i Oslo no forsøker å gjere ved å setje opp Haugtussa som folkedansteater. Dansarane er mellom dei beste folkedansarane i landet, og aktørane er ei blanding av profesjonelle og amatørar. Øyonn Groven Myhren er Haugtussa. Sigurd og Kjell Klausen er manusforfattarar og instruktørar.

Forestillingar: Urpremiere: Asker kulturhus, fredag 5. juli kl. 15.30.
Dessutan: Fredag 5. juli kl. 18.30 og laurdag 6. juli kl. 16.00.

Forestillinga er ein del av Garborgstemnet i Noregs Ungdomslag 5. – 8. juli i Asker, med over 50 andre opne arrangement. For meir informasjon om dette, sjå her.

Ledige stillinger

Flere saker

Silje Sirnes Winje og Maria Solheim gir ut plata «Bråkebøttebaluba» fredag 18. oktober

Etterlyser flere arenaer for barnemusikk

Maria Solheim og Silje Sirnes Winje er aktuelle med sin andre barneplate. Nå vil duoen ta opp kampen med Crazy...

Pål Moddi Knutsen har sunget forbudte sanger laget av flere internasjonale låtskrivere

Fagmiljø var bekymret for nedbygging av sang i barnehage og skole – utviklet appen Trall

Skolenes sangdag samlet tusenvis av skoleelever til allsang tidligere denne uken. Ved skolestart lanseres appen Trall, et verktøy som også...

Anderz Døving

Musikklivets grunnmur smuldrer

INNLEGG: Når helårsarrangører forsvinner og utdanningene vokser, blir musikerlivet et lappeteppe av tilfeldige oppdrag. Det er en kulturpolitikk uten bærekraft,...