Hopp til innhald

Pengar til musikkformidling i den auka satsinga på den kulturelle skulesekken

Med bakgrunn i Stortingets vedtak om å endre nøkkelen for fordeling av overskotet frå Norsk Tipping AS vil no satsinga på profesjonell kulturformidling i skulen bli trappa kraftig opp, fortel ei pressemelding fra Kultur- og kyrkjedepartementet. Regjeringa la torsdag fram ei stortingsmelding om denne satsinga.

— Med denne stortingsmeldinga har Regjeringa trekt opp rammene for eit viktig kulturpolitisk satsingsområde. No er det opp til kommunane, skulane og kunstnarane å tenkje gjennom korleis dei skal samarbeide for å fylle skulesekken med kunst og kultur. Dei må òg ta stilling til korleis kunst- og kulturressursar skal integrerast i skulekvardagen, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

I 2003 er avsetninga til Den kulturelle skulesekken 60 millionar kroner. Denne summen vil kunne auke til 120 millionar i 2004 og 180 millionar i 2005. Midlane skal fordelast årleg på bakgrunn av speleoverskotet i Norsk Tipping.

Meldinga skisserer oppgåvefordelinga mellom lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Ein sentral bodskap i meldinga er at utviklinga av Den kulturelle skulesekken ikkje skal vera underlagd sterk sentral styring, men gje rom for mange lokale variantar og prioriteringar.

For 2003 er 36 millionar kroner fordelt til fylkeskommunane. Dei resterande 24 millionane til Den kulturelle skulesekken skal forvaltast av ABM-utvikling og Norsk kulturråd til definerte satsingsområde: 3 mill. kroner skal brukast til formidling av dei visuelle kunstartane (biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design). 3 mill. kroner skal gå til formidling av musikk, 5 mill. kroner til produksjon og formidling av scenekunst og 5 mill. kroner til prosjekt innanfor litteraturformidling, stimulering av leselyst og samarbeid mellom folkebibliotek og skulebibliotek. I tillegg kjem 5 mill. kroner til utviklingstiltak og formidlingsverksemd i vitensentra og 3 mill. kroner til prosjekt og formidling innanfor kulturarv og kulturminne.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Oslo Filharmonien

D-dag for norsk kultur?

Førstkommende fredag klokken 12:00 legges kulturmeldingen frem, men det er liten optimisme å spore blant mange av de toneavgivende aktørene...

Magnar Bergo,

Det store Kulturløftet – felles kulturplattform fra SV, Sp og AP

Familie- , kultur- og administrasjonskomiteen legger i skrivende stund siste hånd på sine kommentarer rundt Kulturmeldingen og norsk kulturpolitikk frem...

Flere saker

Ratthew på Vill Vill Vest i Bergen

Vill Vill Vest: Et deilig, brautende utstillingsvindu til norsk musikk

Endelig noen som gjennomfører showcasefestivalens gitte samfunnsoppdrag! Vill Vill Vest går fremst som det beste eksempelet på hvordan man burde...

Mari Boine

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Tiebreak

Hardcore-punkbandet Tiebreak med sin første utgivelse siden 1998

Noe uforløst lå og gjæret i bandet. Det tok de tak i, og nå er EP’en «Hardcore Bugs» ute, 26...