Hopp til innhald

Statsbudsjettet 2005: – Skuffande statsbudsjett for folkemusikksektoren, seier LfS

– Det er knapt nok smular i auke til folkemusikksektoren i regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2005, skriv Magnar Sundt i Landslaget for Spelemenn i dette innlegget. – Det finst ein vinnar, og vi gratulerer Førde Internasjonale Folkemusikkfestival som frå 2005 er foreslått som knutepunktfestival under Kultur- og kyrkjedepartementet. Det statlege tilskotet til festivalen blir auka til to millionar kroner.

Av Magnar Sundt, dagleg leiar, Landslaget for Spelemenn

«Folkemusikkfestivalen synleggjer folkemusikken både nasjonalt og internasjonalt og set derfor denne musikkforma inn i ei breiare ramme. Dette er svært positivt. Folkemusikkfestivalen i Førde er dessutan den einaste av sitt slag i Noreg, og det er gledeleg at festivalen no blir styrkt», seier kulturministeren.

Førdefestivalen blir no finansiert direkte over KKD sitt budsjett og ikkje gjennom Norsk kulturfond.
Dette skal ikkje gi tilsvarande reduksjon i tilskottet til Norsk kulturfond og vil dermed kome andre festivalformål til gode.

Landslaget for Spelemenn får sine statlege driftstilskott gjennom ein sekkepost. Denne sekkeposten har ein auke – utan at det er nemnd i teksten kva dei auka midlane skal gå til.

Da den nye kulturmeldinga vart lagt fram i fjor, fekk folkemusikksektoren for første gong brei omtale i meldinga. Gjennom Samstemt-samarbeidet og dei positive attendemeldingane ein har fått på den felles satsingspakken som vart lagt fram, hadde ein no eit godt håp om at det fanst reell vilje til å satse på folkemusikk og dei rytmiske sjangrane.
Vi kan dessverre berre konstatere at regjeringa har utsett arbeidet med å gjennomføre Kulturmeldinga med i alle fall eitt år.

Opposisjonspartia Ap, SV og Sp har gått inn for eit skikkeleg kulturløft i åra framover. Det skal bli interessant å følgje med på kva dei vil gjere med Kulturbudsjettet under si behandling no i haust.

Vi minner om kva for konkrete folkemusikktiltak kulturmeldinga nemnde som viktige:

* Utvikle formidlingsarenaer og eit landsomfattande nettverk av folkemusikkscener for å gi rom for fleire folkemusikkturnear ut til eit breiare publikum.
* Prosjektmidlar til større folkemusikkproduksjonar. Utøvarstyrt oppbygging av frie grupper og ensemble.
* Midlar for å vidareutvikle nettbasert utøvarkatalog og formilding.
* Styrke folkedansen.
* Styrking av arkiva for folkemusikk og -dans, og gjere desse tilgjengelege.
* Auka satsing på presentasjon av norsk kultur i utlandet

Landslaget for Spelemenn meiner at både artistane og publikum no fortener ei utbygging av Folkemusikkscena som turne- og konsertnettverk,samt etablering av ei riksscene for folkemusikk og folkedans i Oslo som dei viktigaste satsingsområdet framover.

Kultur- og Kirkedepartementets egen samleside for budsjettfremlegget for 2005, inkludert en rekke pressemeldinger, finner du her.

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Halvard Kaasa, NFD

Statsbudsjettet 2005: – Folkemusikk og folkedans ute på sidelinja igjen, meiner NFD

Også Norsk Folkemusikk- og Danselag etterlyser oppfølging av kulturmeldinga . – Kva skal vi meine om denne forma for politikk...

1000 lapp (Norges Bank)

Statsbudsjettet 2005: «Samstemt»-organisasjonene er skuffet

De sju organisasjonene Norsk jazzforum, Norsk Rockforbund, Landslaget for Spelemenn, Norsk Folkemusikk og Danselag, Gramart, NorgesNettet og Fono startet arbeidet...

Unge musikanter, Kongsbergjazz

Statsbudsjettet 2005: Reduksjon for frivillig musikkliv

– Stortinget har bestemt at kulturlivet og idretten skal ha like stor del av overskuddet fra tippemidlene. Idrettens andel er...

Saxappell

Statsbudsjettet 2005: Ikke fem øre til Nasjonal jazzscene

Molde Jazzfestival ligger an til å bli en av statsbudsjettets store kultur-vinnere, med en påplussing på budsjettet på hele 1,...

Landslaget for Spelemenn – åpningsbilde

Landslaget for Spelemenn med drahjelp frå Frelsesarmeen

Norsk folkemusikk tyr til hjelp frå Frelsesarmeen når dei skal meisle ut vegen framover. Tidlegare marknadssjef Jan Størksen i Frelsesarmeen...

Bukkehorn lagd av Odd S. Lund

Lokketoner og bukkehorn på Bygdøy

I samarbeid med Norsk Folkemuseum arrangerer Norsk Lur- og Bukkehornlag for tredje gang Lur- og Bukkehorndag på Bygdøy. Her kan...

Flere saker

Perkusjonist og komponist Kristine Hansen. Haldenseren er bosatt i Alta, og skal spille under Spill norsk festivalen i september

Spill norsk-festivalen: Identitetsbygger med kortreist livemusikk

Spill norsk-festivalen er tilbake i september. – Når samfunnet sakte men sikkert kan åpne opp for samvær og samhandling, er...

Von August

Plateklare Von August temmer maskinene

Opp fra kjellerstua og ut av nordlandsbyen. Bli kjent med en trio med folkesang bak seg og synther i frihet,...

DOBBEL Paus Andsnes

Musikalsk bønn for Ukraina

Leif Ove Andsnes, Solistkoret, Trygve Seim, det ukrainske kvinnekoret FolkeMelodi og trekkspiller Mykola Sheremeta. Torsdagens støttekonsert for Ukraina fyller Aulaen...