Hopp til innhald
Solfrid med av hoppande dagleg leiar Silje Risdal Liahagen (t.h.).

(Foto: Privat)

Ho skal leie Folkemusikkveka i Ål

Flytter attende til Hallingdal for å lede Folkemusikkveka.

– Folkemusikkveka er ein festival som betyr svært mykje for meg og som eg gler meg stort til å få lov til å arbeide med, seier Solfrid Nestegard Gjeldokk. Ho overtek som dagleg leiar i Folkemusikkveka etter at noverande leiar, Silje Risdal Liahagen, har gjennomført Folkemusikkveka 2024.

Solfrid Nestegard Gjeldokk. (Foto: Isa Holmgren)

I ei t presseskriv skriv styret i Folkemusikkveka om Solfrid Nestegard Gjeldokk: Utdanning innan kulturleiing og tradisjonsmusikk, og erfaring frå arrangement og produksjonar, frå folkemusikk- og folkedansfeltet, men også innan andre sjangrar. Ho er sjølv utøvar av folkedans og song, og har lang erfaring frå Folkemusikkveka som tilskodar, dugnadsarbeidar, utøvar, styremedlem og styreleiar.
– Heilt sidan eg var liten har Folkemusikkveka vore ein heilt sjølvsagt del av mai og festivalsumaren. Det er ein viktig møtestad for folkemusikk- og folkedansinteresserte, og er ein arena for formidling av tradisjonar, vidareutvikling og nyskaping. Det er ein spanande festival å jobbe med ettersom den både har fokus på å ivareta lokal tradisjon frå Hallingdal og elles i landet, i tillegg til å tenkje framover og nytt.
Solfrid Nestegard Gjeldokk har sidan 2016 budd i Oslo og har sidan 2019 vore tilsett i FolkOrg, organisasjon for folkemusikk og folkedans. No gler ho seg til å flytte attende til Hallingdal.
– Eg har lenge hatt eit ynskje om å flytte heimatt til Hallingdal, og gler meg til å både bu og arbeide der. Det finnast så mange gode ressursar og miljø i Ål og nabobygdene som eg ser fram til å bli betre kjend med og å samarbeide med.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Alexander Aga Røynstrand på Showcase Scotland januar

Norsk folkemusikk på Showcase Scotland: – Vi må reise mer ut og vise at denne musikken finnes

Alexander Aga Røynstrand var første norske musiker ut under Showcase Scotland og Celtic Connections denne uka. Den plateaktuelle mesterspellemannen brenner...

Flere saker

Per Ole Hagen og Arvid Skancke Knutsen intervjues av redaktør Guro Kleveland om boka «Da musikken stilnet». Nå kommer «Da musikken våknet».

Musikken stilnet og våknet igjen – nå kommer oppfølgerboka

På senhøsten kommer «Da musikken våknet», som tar for seg hvordan musikk-Norge åpnet etter koronaperiodene med spillenekt og arrangørbegrensninger.

Agnete Kjølsrud fronter gruppa Djerv

Bandet Djerv lydsatte et av verdens største spill: 120 millioner Youtube-spillinger

Høye strømmetall følger samarbeid med skaperne av spill som League of Legends.

Simone de Beauvoir i Paris,1962

Skriv som ei jente

LEDER: Hva skriver vi? Og hvem skriver? Språk, kritikk og handling henger nøye sammen. Pandemien er en risiko mot mangfoldet...