Hopp til innhald
Stavanger Symfoniorkester

Søkjer husdirigent

Unge, norske dirigentar vert oppmoda til å søkje på engasjementstilling i Stavanger Symfoniorkester.

Stavanger Symfoniorkester er Rogaland sitt profesjonelle orkester, med 85 tilsette musikarar. No inviterer dei til prøvedirigering for eit nytt husdirigent-engasjement som vil fordele seg over periodar i 2011 og 2012. I tillegg til å gjennomføre fleire konsertproduksjonar per år, vil den nye dirigenten få moglegheit til å følgje prøvar med, samt assistere, sjefsdirigent Steven Sloane, og andre gjestedirigentar.

Dirigentar i etableringsfasen

Husdirigentordninga til SSO er støtta av Elisabeth og Knut Fure si stifting for fremjing av klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk. I samsvar med formåla deira, vert dirigentar i etableringsfasa oppmoda å søkje. Erfaring frå profesjonelle orkester er imidlertid ynska.

Nytt konserthus

Om alt går etter planen, flyttar Stavanger Symfoniorkester inn i eit nytt og moderne konserthus i september 2012. Informasjonssjef for orkesteret, Erik Landmark, ser ikkje vekk i frå at den nye husdirigenten vil få moglegheit til å arbeide i desse nye lokala.

Det kan godt tenkjast at husdirigenten får nytte dei nye lokala, for engasjementet vil jo gå over to kalenderår. Men ingen av periodane er fastsett endå. Vi må komme attende til dette når vi veit kven den nye dirigenten vert.

Prøvedirigeringa for den nye engasjementstillinga som husdirigent for SSO, finn stad i Stavanger 1. november. Alle søknadar må vere inne innan 8. oktober.

Her er et opptak fra den aller første konserten i det nye konserthuset, tatt 15. juni i år. Akustikken er ennå ikke heeeelt optimal i det halvferdige bygget:

Ledige stillinger

Flere saker

Jo David Meyer Lysne

Jo David Meyer Lysne i mentorprogram for unge komponister: Musikk for strykere og en kinetisk messingskulptur

Denne uken fremføres to verk fra komponist Jo David Meyer Lysne som del av Festspillene i Bergens nye mentorprogram, Premiere....

Ephemera slapp nylig sin første plate på 16 år

Ephemera med nytt album etter 16 år

Ballade har snakket med bandet om å være tre sangdiktere i en trio, om å skrive om følelser og om...

Sørveiv

Neosoul, chiptune og friarbrev på Sørveiv

På Sørveiv kunne ein også i år oppleve fleire artistar frå Institutt for Rytmisk Musikk ved UiA. Vilde Skjerdal skriv...