Hopp til innhald
Hilde Bjørkum på Førdefestivalen

(Foto: Knut Utler / Førdefestivalen)

Ingen grunn til vraking

INNLEGG: Me ser fordeler med samarbeidet i VRAK, skriver medlemmene av nettverket.

Det har i den siste tida vore debatt på Ballade sine nettsider om sider ved den statlege kulturpolitikken som vedrører sekkeomgrepet ‘rytmisk musikk’. Særleg har fått gjennomgå.

Denne ordninga skal evaluerast om kort tid, og VRAK vil då nytta høve å uttala seg meir omfattande.

Les også:

Minimum administrasjon
VRAK har heilt frå dag ein vore oppteken av at dei offentlege midlane i sin heilskap skal gå til kompetansehevande og -utviklande tiltak. Skal ein organisera og arrangera noko, så må det naudsynleg nok følgja ein del administrasjon med. Denne er i VRAK-samanheng redusert til eit minimum.

Tilskotet frå det offentlege til kompetansenettverka har gjeve VRAK høve til å setja i verk tiltak som ein innanfor vanlege driftsrammer ikkje kunne ha gjennomført. Bransjetreffa Nordic Music Week og Blest, møte mellom proffe og studentar i konsertseriane Blå trå og GIG-akademiet, Førdekonferansen, Bornas verdsmusikkdag og mykje anna. Med andre ord har desse midlane hatt kompetansefremjande effekt.

Unngår dobbelorganisering
Spørsmålet om pengane like gjerne kunne ha vore kanalisert direkte til dei enkelte organisasjonane, i vårt tilfelle Brak, Førdefestivalen, STAR og Vestnorsk jazzsenter, er reist.

I VRAK har me konkludert med at me sjølvsagt kunne nytta dei same pengane på dei same tiltaka om pengane hadde vore fordelte mellom oss fire, men me ser også fordeler med samarbeidet i VRAK.

For det første unngår ein dobbelorganisering og parallelle tilskipingar. For det andre kan me dra vekslar på kvarandres nettverk og fagleg sterke sider.

Elles vonar me at også Erling Aksdal anerkjenner at organisasjonane i VRAK over tid har dokumentert kompetanse i si gjerning.

Undertegnet av
Hilde Bjørkum (Førdefestivalen), Jørgen Skauge (Brak), Mariann Bjørnelv (STAR) og Lars Mossefinn (Vestnorsk jazzsenter)

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Erling Aksdal

Vrak VRAK og skyt MINK!

INNLEGG: De rytmiske kompetansenettverkene trengs ikke. Legg dem ned, og slus ressursene inn i den reelle kompetansen – musikerne, skriver...

Lars Mossefinn

– Verdifullt for mange

Medlemmene i VRAK går i mot kritikken av de rytmiske kompetansenettverkene.

Sammen i Førde

Førdefestivalen vil rette oppmerksomheten mot «sameksistens».

Nettverk

Kompleks kompetanse

KOMMENTAR: Mange er spente på hva som er fremtiden til nettverkene for rytmisk musikk. Kulturrådets syn på saken er foreløpig...

Flere saker

Adrian Adrian Angelico. Foto: Kulturmeglerne/ Hilde Crone Leinebø

Tom Wilhelmsens opera- og ballettpris til mezzosopran Adrian Angelico

Prisen er delt med danser og koreograf Melissa Hough.

Turnéer med fly er blant temaene som klimakuttguiden for musikkbransjen tar for seg

– Bra miljøguide, men dere må samle dere og stille krav

WWF etterlyser forpliktelser i ny klimakuttguide for musikkbransjen.

Morten Gjelten, direktør i Norsk teater og orkesterforening

NTO: Overraskende og skuffende politiske prioriteringer

INNLEGG: – Det er skuffende at den bransjen som sammenhengende har vært lengst nedstengt fremdeles ikke har rykket høyere opp...