Hopp til innhald

Wergelands langeleik tilbake til Valdres

Nasjonalbiblioteket har donert Henrik Wergelands langeleik til Valdres Folkemuseum.

Wergeland skal ha bestilt langeleiken frå Christoffer Hansen Jucham i Sør-Aurdal, men han kom ikkje fram i tide. Langeleiken hadde visstnok ikkje nådd lenger enn til Nordre Land då Wergeland døydde i juli 1845.

I februar same år fortel diktaren i brev til faren at langeleiken er sendt frå Valdres, og korleis han vil innreie den nye bustaden sin, Hjerterum, med langeleiken hengande på kjøkenveggen.

Truleg kom langeleiken til Norsk musikksamling på 1920-talet som gåve frå lærar Th. Jøssong (Høvik) via grunnleggaren av samlinga, Ole Mørk Sandvik. Norsk musikksamling blei seinare ein del av Nasjonalbiblioteket.

Instrumentet vil no inngå folkemuseet si samling av om lag 40 langeleikar frå heile landet.

– I form og konstruksjon viser Wergeland-leiken slektskap til instrumenttradisjonen i denne delen av landet med stillarhus i begge endar, ei litt buktande ytre bakside og stiliserte kattemotiv i stillarhuset. Eigarskapen og Henrik Wergeland sin motivasjon for ervervet av leiken fører vidare til spennande tankar om folkemusikken sin plass innanfor tidleg nasjonal tenking, seier direktør ved Valdres Folkemuseum, Ole Aastad Bråten, i ei pressemelding.

Om årsaken til flyttinga formidlar Nasjonalbiblioteket at institusjonen frå gamalt av har ein del musikkinstrument og andre gjenstandar i si samling, men at den korkje har ansvar for å formidle eller kapasitet til å bevare denne typen gjenstandar.

Langeleiken står sentralt i Wergelands dikting. Han brukte instrumentet som diktarsymbol og gav ut visesamlinga Langeleiken, en Krands af Digtninger i Dølemaal (1841). I dramaet Vinægers Fjeldeventyr (1841) og i Fjeldstuen (1845) blir langeleiken eit bilde på norsk identitet og autentisk nasjonal kultur.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Himmler og Brenno, frå utstillinga Folkemusikk og nasjonalisme

Utfordrande utstilling

Valdres folkemuseum tematiserer for tida folkemusikk og nasjonalisme. – Å ta opp vanskelege emne er ein del av museet sitt...

Flere saker

Stillbilde fra The Northern Belles video Late Bloomer

Ballade video LXII: Line dance i biblioteket

Seks nye videoer, to premierer. Vi danser i skogen, på torget og i biblioteket med The Northern Belle, Anne Hvidsten,...

Førdefestivalen fekk nyleg den europeiske EFFE prisen. Frå venstre: Ivar Svensøy, AP representant frå Førde bystyre, direktør i Førdefestivalen, Per Idar Almås, kommunalsjef for idrett og kultur i Førde kommune, Hilde Bjørkum, kommunikasjonssjef Torill Faleide frå festivalen

Europeisk festivalpris til Førdefestivalen

– Det viser at me gjer noko rett, og at det blir lagt merke til utover Sunnfjord og Noreg, seier...

Det var engang et menneske – Folkets Festspillscene Foto: Thor Brødreskift

– Vi mangler moderne fortellinger om hvem vi er

Politikerne må forebygge det kollektive hukommelsestapet og ikke bidra til å fremskynde det, mener festspilldirektør Anders Beyer.