Hopp til innhald
Kneecap publikum med skjerf og flagg

Publikummet til nord-irske Kneecap med Palestina-skjerf og -flagg under Øya sist helg.(Foto: Øyafestivalen/Helge Brekke)

Framleis Øya

Vi gjekk inn portane til Øya til ropet «penga går til folkemord». På innsida var det flagg, skjerf og appellar. Og store musikkopplevingar.

Dette er ein kommentar frå Ballade-redaksjonen, der skribenten gir uttrykk for sine meininger og refleksjonar. 

I fjor skreiv eg «Aldri slutt å sutre over Øya!» – og det har vi neimen ikkje. 

Men det var eit nivå opp i år, altså. For det har gått frå «det har blitt for kommers» – til «penga går til folkemord». Det var nemleg eit av ropa frå demonstrantane i det eg gjekk inn på festivalområdet første dagen. Det var ubehageleg – og bra var det. Å stå i dette ubehaget har i seg sjølv ei effekt.

Då eg var inne på området såg eg Palestinaboden, og folk med palestinaflagg og -skjerf i publikum. Det store fleirtalet av artistane som spelte under årets festival markerte sin solidaritet til Palestina på ein eller annan måte – med flagg, skjerf, tekstplakatar eller ord. Mange med alt saman. Eg overhøyrte diskusjonar om Palestina rundt meg, og sjølv om dei fleste kanskje diskuterte boikotten av Øya eller ikkje, så vart det ei anledning til å snakke om «kva kan vi gjere då?». 

Ein festival som Øya handlar vel så mykje om å treffast og vere ein del av eit fellesskap som den handlar om musikken. Når eg går rundt på området, dirrar det likevel ein dissonans – lar vi oss lure? Er fellesskapet her meir falskt enn det dei har på Protestfestivalen borte på Hausmania?

Stein Torleif Bjella med Palestinaflagg på scenen. Bjella leste også opp eit dikt om solidaritet. (Foto: Øyafestivalen/Johannes Granseth)

Men slik får ikkje eg til å tenke. I løpet av debatten om Øyafestivalen har det blitt skrive og sagt mykje som har kasta meg fram og tilbake mellom nyanseringar hit og dit. Men eg må seie at ei stemme med tyngde i denne konteksten, Mads Gilbert, kanskje har kome med det som resonnerer best i meg. Å boikotte Øyafestivalen kan like gjerne skade saka som å styrke den. Av alle arrangement eg har vore på i år, var Palestinafokuset på Øyafestivalen sterkast. Med Kneecap som fekk med seg publikum på «Fuck KKR» som kanskje det heftigaste dømet.

Fleire har peika på kor langt ut i eigarkjeda ein skal for å finne dei israelske bindingane til Øyafestivalen, blant andre Erik Blegeberg i Klassekampen, og Knut Olav Åmås i Aftenposten.

Men av same grunn som at det blir litt fjernt, så gjer den same distansen til eigarane festivalopplevinga litt annleis uansett.

På mange festivalar, og også på Øya, så er det slik at dei som arrangerer, artistar og publikum er saman om å gjere dette til ei så god oppleving som mogleg. Det er liksom ein dugnad, eit fellesskapsprosjekt der vi alle samlast i musikken – for peace and love. Men når distansen til eigarane blir for stor, så får vi ei anna innstilling – det er litt som om vi går på butikken. Vi forventar meir, vi klagar meir: «elendig booking», «dårlig mat», «alt for dyrt», «heilt feil scene», «døllt publikum».

Og det er klart – for Oslohipsteren er jo det noko rituelt over det også. Dette var berre min niande Øyafestival, og Øya «var over» allereie på min første.

Ledige stillinger

Så kva med dei musikalske opplevingane?

Eg prøvde heller å sjå etter det gode – og då ser ein fort ungdommen. Dessutan mistenker eg at mange av desse berre har blitt eldre. For eg såg så mange ekte musikkfans, nerdar i tenåra som sprang fram til scena for å vere mest mogleg inn i musikken. Det kunne like gjerne vere på Ghanesiske Florence Adooni som Girl in Red.

Det var fascinerande å sjå fenomenet Charli XCX dominere Tøyenparken. Her har fansen stilt seg tidleg opp før konserten torsdag. (Foto: Øyafestivalen/Helge Brekke)

Frå mine musikalske heimtrakter – jazz og omeign, så må eg seie at konsertane med Veslemøy Narvesen og Pumpegris var godt å sjå blant Øyapublikummet. Dei utanlandske «jazz»-tinga har eg stort sett blitt litt skuffa over på Øya. Ein teori er at om du også bookar jazz etter lyttetal på Spotify, så kan du fort ende opp med den jazzen folk flest lyttar til – altså bakgrunnsmusikk, og den blir fort døll på festival.

Så for ein som meg som oftast går på små scener med få i publikum, så var det nettopp dei største artistane med dei store folkemengdene som var den største opplevinga. Chappell Roan, for eksempel – for eit kick det kan vere med teater! Og det å gå rundt og observere fenomenet Charlie XCX og hennar enorme aura på scenen er jo til å få frysningar av.

Og så reflekterte eg – kor mange var på denne festivalen for desse store, fekk med seg nokre uvante uttrykk i same slengen? Slike ting skal ein ikkje undervurdere, spør du meg. Eg trur store festivalar som Øya, som trass alt framleis programmerer eit meir mangfaldig uttrykk enn andre festivalar på same størrelse, kan vere katalysatorar inn til meir alternative scener, sjangrar og miljø. Og ein annan ting eg skal gi Øya kudos for – dei har fjerna dei små scenene der ein gøymde vekk folk. No var det heller korte sett på scenene Hagen eller Vindfruen.

Eg var innom Klubben for Bambii sine skamlause remixar av millenial anthems og Vuyo og Ole Petter Ålgårds Nom De Guerre, som vart eit høgdepunkt.

Og så vart det sjølvsagt sånn at den største musikkopplevinga kom frå den artisten eg hadde gleda meg mest til – som mange andre. Mk.gee kom for nokre år sidan med dei deiligaste lydane vi har høyrt frå gitaren på fleire tiår. I Sirkus på Øya, klagde han rett nok litt på at «the weather is doing weird stuff to our gear», men det weirde stuffet som kom ut var nydelig, spør du meg. OG – det er dessutan tilfredsstillande når kompromisslaus og modig musikk treff mange.

Mk.gee var eit forventa høgdepunkt for mange – gitaren leverte. (Foto: Øyafestivalen/Pål Bellis)

Det kan vere interessant å gjere eit tankeeksperiment – er det eigentleg mogleg for ein festival av Øyas størrelse å ikkje bli «øydelagt» eller «skitten» på eit eller anna nivå? Det er lett – og rett – å kjenne på at det blir feil uansett. Gå no rundt i denne verda, men likevel protestere og lage fellesskap.

Eg kjem sikkert til å halde fram med å gå fram og tilbake mellom kva eg meinar om dette. Men ein ting er eg iallefall overtydd om: festivalar – store som Øya og alternative små – spelar ei enormt viktig rolle i den tida vi er i no. Dei er alle fysiske møtestader som motstandskamp mot polariserende krefter i den svarte spegelen.

Ledige stillinger

Relaterte saker

– Festivaler er på en måte en miniversjon av verdenen vi ønsker, og hva vi kan skape sammen, sier en av årets publikummere under Festival for Palestina.

Protestfestivalen på Hausmania skapte et alternativ til årets Øya. Og ble solgt ut

Å være vitne til det sterke samholdet under Festival for Palestina – midt i et av Europas mørkeste kapitler i...

Utestedet Blå på Grünerløkka i Oslo har samarbeidet tett med Øyafestivalen i mange år. Nå er det klart at Blå avslutter samarbeidet med festivalen.

– Øyafestivalen må ta et oppgjør

Utestedet Blå avslutter samarbeidet med Øyafestivalen i protest mot festivalens eierskap.

Musikk har historisk vært et mektig våpen mot undertrykkelse og urett. Denne sommerens diskusjoner beviser langt på vei at protesten har fått fornyet kraft. Her er Shiner under Øyafestivalen i 2024.

REPORTASJE: Festivalsommer med bismak

Musikkens politiske kraft og protestens plass i kulturen har fått ny aktualitet.

Flere saker

Utestedet Blå på Grünerløkka i Oslo har samarbeidet tett med Øyafestivalen i mange år. Nå er det klart at Blå avslutter samarbeidet med festivalen.

– Øyafestivalen må ta et oppgjør

Utestedet Blå avslutter samarbeidet med Øyafestivalen i protest mot festivalens eierskap.

Tom Willy Rustad Foto: Bjørn Kjellsson Sletten

Folkemusikkpris til Tom Willy Rustad

Rustad får Rff-prisen for sitt virke som musikar og pedagog.

Ole Henrik Moe

Inspirasjoner: Ole-Henrik Moe velger Geir Johnson

Ballade har snakket med samtidskomponisten og musikeren Ole-Henrik Moe om hans forhold til nylig avdøde Geir Johnson, en av de...