Hopp til innhald

Svar til Gjermund Kolltveit

Det er mange ting som kan seies om det vi spelar og også om det vi seier på direkten, men særleg historielaust er det ikkje, skriv Hans Kjorstad.

Vi var innom Marienlyst og spelte live på NRK P2 sitt program, «Spillerom» førre fredag, og der vart vi mellom anna presentert med at vi ynskjer oss «bort frå det nasjonalromantiske og svulstige i folkemusikken». Gjermund Kolltveit fyrer opp under programleiarens innleiing med å kritisere «marknadsstrategien» vår, han kallar oss «historielause» og førar sjølv røtene til «den moderne samspeltradisjonen» attende til 1970-talet. Her passer det bra med eit lite svar frå meg og bror min, Rasmus.

Vi har aldri sagt eller meint at «alle andre» spelar nasjonalromantisk og svulstig musikk, som i vidare konsekvens må bety at vi er pionerar på å spele arrangert folkemusikk. Som ein kan høyre i intervjuet, dyssar eg ganske avslappa ned dette med å «ta avstand frå dei andre» ved å mumle «avstand og avstand», altså tek eg der, på direkten, avstand frå programleiaren sitt utsegn om at vi tek avstand frå andre som spelar arrangert folkemusikk.

For å klare opp i dette, må vi snakke meir om musikk om mindre om prat. Det vi har gjort, er å gå bort frå ein del måtar å arrangere norsk folkemusikk på som vi oppfattar at stammer frå nasjonalromantikken, altså attende på 1800-talet. Det vere seg måten å leggje parallelle ters-stemmer til slåttane, ha opplagt planlagte melodiske variasjonar og dynamiske forandringar, bruk av romantiske/svulstige bogestrøk, temperert tonalitet og forutsigbare former.

Litt for mange tenkjer at norsk folkemusikk er soundtracket til «Veslefrikk med fela», og vi ynskjer å peile folk inn på ein annan kurs, som mange andre også heldigvis gjer.

Før nasjonalromantikken

For oss er det såre enkelt: musikken vi spelar er tradisjonelle slåttar som vi fyrst og fremst har lært på øyret av eldre spelemenn som igjen lærte av eldre spelemenn, og slik har det vore i mange hundre år, også mange hundre år fyry det eksisterte nokon nasjonalromantikk. Musikken vi spelar kjem frå ein stad, den kjem frå Storbritannia på 1970-talet og den kjem frå Telemark på 1800-talet, men den kjem også frå Böhmen på 1600-talet, kanskje også frå Fron på 1500-talet, eller India… det er ikkje lett å vite, men det er dette perspektivet ein lyt ha, prøve å få ei slags kjensle av historia til musikken, og gjere seg opp medvitne val om korleis ein har lyst til å spele den i 2016. Her finnes det ingen fasit, berre våre idear og vår fantasi.

Arrangementsteknisk vil vi gjerne gjere plass til at slåtten skal få kunne gå i den retningen det er naturleg for den å gå, i nuet, og då legg vi til nokre greier som kontrasterer, men ikkje tek for mykje plass og fokus vekk frå sjølve slåtten, som er i hovudsetet.

Samanlikninga med Sjur Helgeland er forsåvidt interessant, som konsertspelemenn tek vi musikken bort frå dansegulvet og inn i konsertsalene (sjølv om vi ofte også spelar til dans, og dei ørsmå klubbane og barane vi spelar på for tida liknar lite på konsertsalar). Men så bommer Kolltveit igjen. Ja, vi har med glissandoer, pizzicato og posisjonsspel, vi har også med vrengpedalar, riff-basert underlag, lengre improviserte strekk og det som verre er. Men! det er ikkje henta frå klassisk musikk, eller lat oss seie romantisk musikk sidan det var det vi snakka om. Her lyt ein ha referansane på plass. Dette er diverre heilt typisk historielausheit, å dele felespel inn i berre to kategoriar, «folkemusikk» eller «klassisk», «fele» eller «fiolin».

Impulsar i fleire sjangrar

Eg er veldig glad for at Kolltveit ikkje berre satt og høyrte på radioen, men også gjorde seg opp ei meining og skreiv eit innlegg. Diverre ser det ikkje ut til at han har sett seg inn i prosjektet vårt fyry han publiserte dette innlegget. Det er mange ting som kan seies om det vi spelar og også om det vi seier på direkten ikkje så mange timar etter at releasefesten vart avslutta, men særleg historielaust er det ikkje.

Ledige stillinger

I heftet som følgjer med CD’en har vi skrive ei lengre tekst om folkemusikkhistoria i Midt-Gudbrandsdalen, og vi trekkjer desse tradisjonslinene heilt fram til oss sjølve. I pressemeldinga som er publisert av det gode plateselskapet vårt, Ta:lik, kjem det også fram at vi har impulsar frå fleire musikarar og komponistar i andre sjangrar enn norsk og svensk folkemusikk, slik gjerne dei som arbeidar med å utvikle eller fornye noko gjer.

I desse termane ligg det forankra at ein ikkje finn på noko heilt nytt. Det er det vel få eller ingen som gjer (eller har gjort), den einaste eg kan kome på akkurat no må vera John Cage. Eg kunne godt vorte med på denne name-dropping-bonanzaen som Kolltveit førar i innlegget sitt, men då ville eg ikkje vorte ferdig er eg redd.

Vi er ganske ferske på dette med marknadsføring og slikt, og har eigentleg eit veldig avslappa førehald til det. Det er heller ikkje så innvikla, vi pratar om kva vi ynskjer å formidle med musikken vår, og om nokon er ekstra interesserte, kan vi også prate om korleis vi arbeidar. Det einaste vi ynskjer å oppnå med denne «strategien» er at flest mogleg lyttar på plata, og så kan vi veldig gjerne diskutere den. Den tek litt over 42 min å høyre igjennom, vi lovar dykk ei spanande reise.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Theodor Kittelsens Soria Moria slott,

Nasjonalromantikk, folkemusikk og historieløshet

Er moderne norsk folkemusikk nasjonalromantisk? Spørsmålet er aktuelt etter et innslag i NRK P2s Spillerom, skriver Gjermund Kolltveit.

Utsnitt fra ta:lik utgivelsen «Norsk folkemusikk»

Folkemusikk i forandring

En ny masteroppgave har sett på tradisjon og praksis i folkemusikken og -miljøet. Oppgaven konkluderer med at miljøet er preget...

Tellef Kvifte

Fargespill og eksotifiserende akademikere

Det er alltid forbausende å se når teoretisk velskolerte akademikere fremstiller sin egen tolkning av kulturuttrykk uten særlige forbehold om...

Utsnitt fra ta:lik utgivelsen «Norsk folkemusikk»

Kvalitet i endring

Hva skjer når et felt beveger seg mellom det kommersielle og det kulturbærende? Kulturrådet har gitt midler til forskning på...

Kappleik

Hvor er den svulstige nasjonalromantikken?

Hvis nasjonalromantikken skal få all skylda for det som er mainstream i folkemusikken, hva da med kappleiksystemet, skriver Gjermund Kolltveit i...

Kjorstad

Historia og oss

Vi må finne ut av dette med nasjonalromantikk, skriv Hans P. Kjorstad.

Flere saker

Tonje Unstad under Nordland Musikkfestuke Foto: Gunnar Augland

Vi trenger mer god kritikk av barnemusikk

Så har vi vært på festival og bedrevet underholdning. Og ungene lo og sola skinte.

Kuuk

Kjønnsmangfold i norsk pop og rock

Populærmusikken pusher grenser og viser oss hvordan kjønnsnormer er i konstant endring, skriver Agnete Eilertsen.

Skjermbilde fra musikkvideoen til Monstereo, Wings I: Everlasting Darkness.

Ballade video CIV: Danser med stjerner

Bergen-spesial med Karisma og Dark Essence Records – med Himmellegeme, Monstereo og Helheim. Og ellers mye fint fra Cocktail Slippers,...