Musikar og tidlegare DKS-utøvar Hans Martin Austestad (Foto: Foto: Privat)

Personleg er bra. Privat er dårleg

I ein blogg er publikumet interessert i skribentens private liv og meining. Dette er ikkje kontrakten anmeldaren har med lesaren i ei ordinær avis, skriver Hans Martin Austestad i dette svaret til Kim Klevs uttalelser i Raseri og kjedsomhet.

Kalender

Orgelkonsert på Påskeaften: Kåre Nordstoga

30/03/2024 Kl. Kl,12.oo

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

I artikkelen Raseri og Kjedsomhetav skribent Embret Tangen Rognerød blir ulike musikarar og anmeldarar sine synspunkt om utfordringane og problem med musikkritikk presentert. Meiningane om anmeldingshandverk er delte, alt frå at det meinast for lite til at det meinast for mykje, men er for lite sakleg, og at anmeldarar er for lite tilstades på konsertar. Musikkritikarar stiller krav til kunstnerisk kvalitet på det som meldest. Då skal sjølvsagt kunstnarar òg stille krav til musikkritikkens kvalitet. Mange musikarar vel å halde munn, og fokuserer heller på å vere produktive. Det er kanskje derfor nettet nærmast eksploderer når nokon ein sjeldan gong‚ frå eit kunstnarstandpunkt, tek til motmæle mot slepphendt kritikk.
I dette innlegget vil eg grunngje mine perspektiv på kritikk, sidan eg er sitert i Rognerøds artikkel frå eit opent Facebook-innlegg til anmeldar Kim Klev etter at han kom med hard kritikk
 
av platedebutant Marte Eberson.
Dette var min reaksjon til Klevs anmelding 
17. januar 2016 på min offentlege Facebook-profil:
Dette er for svakt anmeldt @Kim Robin Klev, du kunne trenge eit kurs i å «anmelde det som er der», istedet for kjøre deg opp på namedropping og personlige assosiasjoner. Viss du virkelig ikkje likte musikken her, og heller ikkje har kunnskap til å foreta ein fornuftig presentasjon, kunne du like gjerne ha latt være å anmelde. #‎dårligmusikkjournalistikk‬»

Uheldigvis var eg upresis i mitt innlegg. Eg meinte å skrive private assosiasjonar som er noko vesentleg anna enn personleg assosiasjon, som eg vil komme inn på i dette innlegget.
I førstnemnte artikkel svarer Klev på kritikken:
 “Av kritikken fra musikerhold i etterkant av Eberson-anmeldelsen, sier Klev at han først og fremst er uenig i premisset om at dersom man misliker noe, så skal man la være å anmelde det.
Dette er ei polarisering av premissane for mitt argument, så la meg gå gjennom det tydelegare, så eg ikkje kan misoppfattast.
Premiss 1: Du liker i utgangspunktet ikkje musikken.
Premiss 2: Du må skaffe deg kunnskap for å foreta ein fornuftig anmelding
Argument: Har du ikkje kunnskap, burde du la vere å anmelde.
Mogleg tiltak: Gjere research slik at premissane endrar seg og tillet at ein kan anmelde.
Det blir altså ikkje stilt som premiss i mitt innlegg at anmeldar må like musikken. Mitt argument er at kritikk, og då spesielt slakt, krev medvete om anmeldaren sine meiningar har relevans for lesaren. Relevansen kjem til uttrykk gjennom kva art av subjektivitet ein får fram. Det er altså sentralt å velje riktig form for subjektivitet i denne samanhengen.
Kunst er subjektiv
Verdien i kunst er og blir subjektiv. Opplevinga av «energi» er subjektiv. Opplevinga av «energi» vil faktisk også vere påverka av kunnskap, til dømes viss ein veit kva som skal til av anstrenging for å produsere tone i ein obo, eller intonere ein Eb-klarinett reint, då vil ein kanskje kjenne meir energi og oppleve større respekt for handverket og setje pris på energien i musikken.
No høyrer eg motsvar ringe i øyra mine: «ein treng ikkje vite noko om musikk for å snakke om musikk». Nei, det er sant. Men i dette tankesettet forsvinn grunnlaget for å skrive om musikk med relevans for eit publikum. Skribenten skal formidle noko om musikken. Då må skribenten meistre å setje musikken og meiningane sine i kontekstuell samanheng. Ein må vere subjektiv på riktig måte. Og subjektivitet er det eg eigentleg ønskjer å forklare nærmare. Dette kjem eg snart tilbake til.
Denne debatten er ikkje ny. I 2007 fekk Lars Sætren og Eirik Kydland publisert ei sak på Ballade.no i fire delar, mellom anna med intervju av kjente og mindre kjente musikkskribentar om kva som utgjer god musikkjournalistikk:
.. Kjennetegnene på godt anmelderspråk er i følge våre intervjuer at det skal være personlig, underholdende, korrekt, eksperimenterende/nyskapende, tydelig og ikke for musikkvitenskapelig.

Subjektivitet og objektivitet
Musikkritikarar er gjerne opptatt av å forsvare retten til subjektiv skriveform, men det er verre å finne skildringar av kva denne subjektiviteten, denne «personlege» skrivestilen, inneheld.
 Subjektivitet kan eg vere einig i at er nødvendig, og kanskje til og med umogleg å unngå, sidan opplevinga av all kunst er individuell. Men subjektivitet handlar om meir enn kjensler eller særskilt lada ord og meiningar. Det handlar minst like mykje om relevansen for lesaren.

Men subjektivitet handlar om meir enn kjensler eller særskilt lada ord og meiningar.

Ein kan heilt fint vere subjektiv og objektiv på same tid. Utfordringa ligg i kva type subjektivitet ein tyr til. Personleg er bra. Privat er dårleg.
Når skribenten er personleg, er effekten av kritikken relevant. Lesaren opplever relevans til det som vert skrive, stiftar kjennskap med skribenten sine standpunkt og kan plassere dei i forhold til seg sjølv. Det er presentert som eit perspektiv utifrå personleg smak og preferanse «Det er mulig det er meningen at Gode først og fremst skal fungere som akkompagnement til din egen tankevirksomhet, men jeg liker musikk som skjærer igjennom […] jeg klarer ikke å forstå hva slags atmosfære Bratten forsøker å skape.»
Andreas Dahl for Natt & Dag, 10.11.2015 om Andrè Bratten – Gode
Setninga er såpass mjukt formulert at det er rom for lesaren å skjønne at det ikkje er ei sanning som her er presentert, men at materialet ikkje kommuniserer til kritikaren. Sjølv om ein kan bestride at akkompagnement til tankevirksomhet er effekten av musikken for nokon som lyttar med andre vilkår enn Andreas Dahl, er dette likevel presentert som eit perspektiv.
Når skribenten er privat, er effekten av kritikken irrelevant for lesaren. Skribenten sine standpunkt er ikkje mogleg å relatere til, og dei er presentert som sanningar. «…livet er dessverre for kort til å kaste det bort på musikk som kun speiler meningsløsheten man prøver å rømme fra.» – Kim Klev for Dagbladet om Marte Eberson – Mad Boy
Eg ser mange musikkritikkar skrivne på ein måte som gjer at subjektiviteten går over i det private. Til felles har dei at sjanger-, eller andre avgrensande merkelappar, urettmessig eller unødvendig blir brukt for å sette kunsten i bås. Deretter blir det dømt utifrå standpunkt som ikkje er diskutable. Det blir presentert «sanningar», som om dei finst i musikalsk samanheng. “Innholdet er allerede ferdig fordøyd, og «Everything At Once» fremstår som blottet for kunstnerisk verdi.” – Helge Skog for iTromsø om Travis – Everything at Once
Men kunst treng ikkje ha sanningar, og det er heller ikkje relevant for lesaren å bli fortalt kva som er sant eller ikkje.
Eit anna typisk kjenneteikn for privat subjektivitet er når anmeldaren kritiserer det som ikkje er der. Altså, tyr til “namedropping” av musikk som anmeldaren føler kan likne eller har same stemning, eller etterlyser noko som ikkje er der “…det kunne vært interessant å snart få høre en original Kygo-låt med kvinnelig vokal[…] Synthbassen kunne Madonna ha snust opp på åttitallet […] Noen «Liberian Girl»-rytmer prøver å trenge seg inn mot slutten” […] – Tor Martin Bøe for VG, 31.07.215
Det er ikkje mogleg for verken lesar eller musikar å forholde seg til standardar som skapast i anmeldarane sin egen fantasi, og svært dårleg bruk av plass dersom anmeldinga av hensyn til formatering må vere kort.
I ein kritikk som er skriven med privat subjektivitet meiner eg at musikken blir konsumert, fortært, og presentert for lesaren halvfordøydd.
NRK P3s sms-anmelding av Laurs Vaular fra Øyafestivalen 2015 er eit eksempel. Formen i denne presentasjonen er tydeleg nok nyskapande, men representerer for meg eit knefall for kommersielle krefter hos statskanalen.

Kanskje det er på tide at musikkredaksjonar snart tek den redaksjonelle biten meir alvorleg og skjerpe kriteria for subjektivitet som slepp igjennom sensuren?

Ansvaret hos redaksjonane
, og anmeldaren sjølv
Det private språket liknar meir på bloggsjargong enn musikkritikk. I ein blogg er publikumet interessert i skribentens private liv og meining. Dette er ikkje kontrakten anmeldaren har med lesaren i ei ordinær avis. I eit spesialisert tidsskrift som Jazznytt vil ein kanskje sleppe unna med eit par «sanningar» som går innafor grunnlaget for bladet. (Sjølv om spørsmålet «hva er egentlig jazz?» alltid vil vere elefanten i rommet.)
Men ein skribent for dei nasjonale dagsmedia har ein heilt annan kontrakt med lesaren. 
Kanskje det er på tide at musikkredaksjonar snart tek den redaksjonelle biten meir alvorleg og skjerpe kriteria for subjektivitet som slepp igjennom sensuren? Privat subjektivitet må reinskast ut. Det vil alle tene på.
Men anmeldaren sjølv må stille seg spørsmålet om korleis eigen smak er viktig i samanhengen. Kan anmeldaren finne ein veg til det personlege utan å tre eigen smak over hovudet på lesaren? Kan anmeldaren sin smak komme til uttrykk i teksten utan å forstyrre lesaren si lytting?
Treng kritikken faktisk å konkludere? Konklusjonen er jo til sjuande og sist opp til lesaren. Anmeldarane må spørje seg kva type anmeldar dei har lyst til å være. Og redaksjonane må setje fargeklattane som ikkje skjønner skilnad på privat og personleg over i bloggavdelinga.
Hans Martin Austestad f. 1983 frå Eikelandsosen/Sandefjord er utdanna rytmisk songar og musikkpedagog frå Norges Musikkhøgskule. Han har utgjeve fleire album som songar, multiinstrumentalist, komponist og produsent.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.